Ja, eg kan sikkert gå god for at du fortener å stappe leiligheita di full av skor og bøker, om det trengs.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

The Sorrows of an American er ein multiplotroman, med fleire parallelle historiar. Hovudpersonen er også denne gongen ein mann, psykiateren Erik Davidsen. Som forfattaren sjølv har han norsk mor og norskamerikansk far. Faren til Erik døyr, og han og søstera Inga skal rydde opp i papirene hans. Her finn dei eit notat, som får det til å sjå ut som om faren har vore delaktig i eit mysitisk dødsfall. Erik og særleg søstera Inga, blir svært ivrige etter å finne ut kva dette eigentleg betyr. Parallelt med dette, har Inga, som også er enke, ein del problem med til mennesker som er interesserte i hennar avdøydde ektemann, forfattaren Max. Samtidig har også Erik fått nye leigebuarar, den vakre Miranda og dottera hennar Eggy. Tidleg i romanen fortel Eggy at faren hennar er så liten at han bur i ein boks. Men etterkvart dukkar denne faren opp. I tillegg til desse tre parallelle plotta i nåtid, har Hustvedt fletta inn sin eigen far sine familiemeoarer, som memoarene til Eriks far. Dermed får vi fortald historia om den fattige oppveksta på bondegården i USA og etterkvart deltakinga i krigen på den andre sida av jordkloden.

The Sorrows of an American er veldig mykje. Og ho er veldig mykje bra! Det er ein omfattande roman, med mange historiar og mange sidesprang. Eg blir særleg betatt av ei gammal dame som har lukka seg inne og som lager dokker med tragiske historier. Ho kan ikkje lage dokkene, før ho kjenner historiene deira. Eg lar meg også fascinere over dialogane mellom seks år gamle Eggy og "Dr. Erik" som ho kallar Erik. Siri Hustvedt har verkeleg klart å skrive fram ein livleg, aktiv og samtidig litt nervøs seksåring, i desse dialogane. Og dette er vel ei av Hustvedt sine sterkaste sider, evna til å skrive fram truverdige personar, som lesaren kan bli ordentleg godt kjendt med og nesten litt glad i.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er definitivt verdt eit forsøk.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Trur du ikkje det held?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk. Då skylder eg på deg, viss nokon begynner å sutre over at det er for mange skor og bøker her. Inntil vidare går eg på biblioteket, eller les det eg allereide har.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg skal gjenoppta bok- og skosamling, så snart eg har plass i bok- og skohyllene mine.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg får sjå kor langt eg kjem...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Både denne og "Moderne litteraturteori" er veldig fine. Eg brukte dei mykje som oppslagsverk i studietida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dei er gitt ut i fleire bøker, ein internasjonal og ein skandinavisk variant, med omtaler. Lista er bare ei liste. Eg synest slike lister er morsomme, men eg forventer ikkje at alle gjer det - og er det fullstendig uinteressant for deg å bruke tid på å bla gjennom ei slik liste, er det vel heller lite sannsynleg at du synest det er morsomt med ei utfordring om å lese ei bok i månaden, heller. Eg synest slikt er veldig morsomt. Og for meg blir det at eg får organisert meg gjennom den voksande stabelen med klassikarar eg burde ha lese, bare ein bonus.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har lese om att boka Keiseren av Portugalia. Sist eg las ho, var i samband med særemnet mitt om Selma Lagerlöf på vidaregåande. Det er ti år sidan. Boka var flott då og ho var flott nå. Men eg ser at det er andre ting som gjer inntrykk på meg som lesar nå, enn den gongen.

Boka handlar om husmannen Jan på Skrolycka og forhaldet hans til dottera, Klara Fina Gulleborg, som er oppkalla etter sola. Dottera blir som ei sol i det triste livet til Jan, og gjennom oppveksta hennar blir han meir og meir overtydd om at dottera hans er noko heilt spesielt. På grunn av at familien får økonomiske problem, må Klara Gulla reise heimefrå for å tene penger. Ho sender foreldra dei pengane dei treng, for å betale gjelda, og så høyrer dei ikkje frå henne på 15 år. Dette øydelegg gamle Jan. Han blir sjuk av lengsle etter veslejenta, og når rykta begynner å fare i bygda om at Klara Gulla sitt levesett i byen ikkje er som foreldra skulle ønske, blir Jan gal. Han får det føre seg at Klara Gulla er keisarinne av Portugalia, og sjølv går han rundt og omtaler seg som keisaren, faren til keisarinna. Han blir sett på som ein skrulling av sambygdningane, der han går og syng songar med keisarstaven og kasketten som han har fått.

Då eg las boka for ti år sidan, var det forteljingane om Klara Gulla si oppvekst og om den store sorgen til faren som gjorde størst inntrykk. Denne gongen er eg meir fascinert over forteljarstemma i boka. For forteljarstemma har ei slik blanding av empati og distanse til hovudpersonen Jan, at det er som om lesaren får ta del i to sider av forteljinga heile tida. Eg får sjå Jan frå både innsida og utsida på same tid. Og denne karakterframskrivinga blir gjort på ein elegant måte, utan overflødige forfattarkommentarar. I første delen, om barneåra til Klara Gulla får eg sjå både den store kjærleiken og korleis denne grensar til det usunne, gjennom måten kjærleiken blir beskrive. Og når keisaren går omkring i bygda, ser eg både denne opphøgde sida som er knytta til Jan si sjølvforståing og samtidig den latterlege figuren som sambygdingane ser.

Denne tragiske og samtidig vakre historia blir heilt spesiell, gjennom måten ho blir fortald på. Selma Lagerlöf er ein dyktig forteljar!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Ja, personskildringane er heilt unike!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det har vore ei sterk bok som eg har brukt lang tid på.

Boka fortel historia om Claireece Precious Jones, ei 18 år gammal jente som er gravid for andre gong. Første dottera, den utviklingshemma jenta Lill' Mongo, fødte ho då ho var 12. Begge graviditetane er eit resultat av faren sine overgrep. Precious bur saman med mora, som reagerer på faren sine overgrep med sjalusi og sinne mot dottera. Boka startar med at Precious blir kasta ut få den offentlege skulen, fordi ho er gravid. Ho får hjelp til å komme i kontakt med Miss Rain, ein lærar som underviser ei lita gruppe analfabete elevar i Harlem. Miss Rain har tru på Precious, noko som fører til at Precious etterkvart viser store framsteg. Samtidig med at sonen Abdul blir født, lærer ho å lese og skrive. Etterkvart kjem ho seg vekk frå heimen og begynner å drøyme om eit betre liv for seg sjølv og borna sine.

Boka er sterk. Og samanlikna med andre bøker som fortel liknande historier, er ho overraskande klisjefri. Forteljinga Precious fortel, har eit stream-of-counciousness-preg, og verkar som ein lang monolog, med stadige sprang mellom fortid og nåtid. Den oppbrotne kronologien og mangelen på struktur, er med på å gi eit inntrykk av ei ekte forteljing, frå ein person til ein anna. Også språket i boka er med på å byggje opp om fortejinga si autentisitet, og gjere ho truverdi og ekte. Språket gjenspeglar Precious si gradvise utvikling frå analfabet til lesedyktig. Dei tidlege avsnitta er krevande å lese. Mange av orda er skrivne lydrett, noko som gjer at eg må lese "høgt" for å få tak i teksten.

Etterkvart som Precious lærer å skrive, begynner ho å skrive dikt. Tekstane minner om rap-tekstar, med sitt enkle innhald og klare rytmar. Desse dikta, som er innfelde i romanen, er fulle av håp. For sjølv om historia om Precious er ei grusom historie, som tidvis er vond å lese, er ho full av håp om ei betre framtid for denne jenta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

That night I worked for hours on the description. I held the cotton ball with a pair of tweezers up to the light, trying to find words that would express it, but the thing was lost to language; it resisted it even more that the glove. And when i tried metaphors, the object sank so completely into the other thing that I abandoned making comparisons. What was this piece of waste? As i sat sniffing the fibers and poking at the brown stain with a needle, I was overwhelmed by a feeling of disgust. The cotton ball tld me nothing. It was a blank, a cipher; it probably had no connection to anything terrible, an yet I felt as if I had intruded on a shameful secret, that I had seen what I should not have seen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg liker Siri Hustvedt. Eg liker henne betre og betre jo meir eg les av henne. Eg liker måten ho skriv på og emna ho skriv om. Ho er i ferd med å få status som ein av mine favorittforfattarar.

The Blindfold er boka om Iris Vegan, ei ung student-jente som bur i New York, og hennar vanskelege famling og leiting etter eigen identitet. Boka er delt i fire delar, og kronologien mellom desse fire delane i forhald til kvarandre er tidvis uklar. Eg har prøvd å skrive eit lite samandrag av handlinga i desse fire delane, men det blei så platt, oppramsingsprega og lite vellukka at eg rett og slett hoppar over handlingsreferatet frå denne boka. Eg nøyer meg med å seie at i desse fire delane av boka møter Iris ulike menneske og ulike gjenstander som preger henne på ulike måtar. Identitetsforvirring, kjønnsroller og forhald til dei rundt Iris, pregar forteljinga.

Fleire av 1900-talet sine store filosofiske spørsmål blir tematiserte i denne romanen. I tillegg til spørsmål om kjønn og identitet, blir spørsmål om forhaldet mellom språk og verkelegheit reiste. Iris får i oppdrag å skildre ei rekke gjenstander, og i denne prosessen blir spørsmåla om språket eigentleg strekker til aktualisert. Forhaldet mellom liv og kunst, verkelegheit og fiksjon er eit anna spørsmål som blir reist i boka. Det er fleire episodar der Iris på ulike måtar går inn i eit kunstverk. Fotografvennen George tek eit bilete av henne, som begynner å leve sitt eige liv. Ho møter kunstkritikaren Paris, som ber henne skildre maleriet "Tempest" av Giorgione. Her tek ho plassen til mannen i venstre hjørnet og skildrer biletet frå hans synsvinkel. Seinare kler Iris seg ut i gutteklede og tek samtidig namnet og historia til Klaus, hovudpersonen i ei novelle ho arbeider med å omsetje. Også sjølve forteljarståstaden og skildringa av Iris som ein person med ustabile og upålitelege karaktertrekk, er med på å reise spørsmål om kva som er sant og kva som ikkje er sant, innad i forteljinga. Kan ho fortelje ei sann historie om sitt eige liv, eller er ho - med eit sideblikk til tittelen - "blinda" av sin eigen ståstad?

The Blindfold er ei veldig god bok. Ho er velskriven og rommar veldig mykje. Som sagt: Eg liker Siri Hustvedt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette er ei herleg leseoppleving. Tang er lettlesen og godt skrive. Sivilisasjonskritikken i boka er sterk, men på ingen måte påtrengjande, noko som jo er eit kunststykke i seg sjølv. Dei absurde og surrealistiske opplevingane til Asbjørn blir fortalde med eit likefram språk, og verkar naturlege og kvardagslege - som lesar får eg inntrykk av at dette kunne skjedd kven som helst.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nei, det kan jo vere spennande å ha ulike utgåver.

Eg er gjerne med på å lese ho, når det nærmar seg sommaren. Eg veit av erfaring at det blir lite lesetid i tida fram mot karakteroppgjeret i begynnelsen av juni, og med 52 noveller og eit par andre utfordringar eg allereide har meldt meg på, er planane ganske mange framover. Men som sommerbok, er Tolstoj ein god plan.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Johan Theorin skriv intelligent krim på eit heilt anna nivå enn nokon anna krimforfattar. Det er både språkleg kvalitet over denne, og kvalitet over personskildringane og handlinga. Også slipper vi sånn unødvendig film-action, som skandinaviske krimforfattarar er blitt så glade i (slikt egner seg betre på film, enn i bok).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vente, blinke er ei bok eg ikkje kjem til å gløyme med det første. Eg liker dei surrealistiske spranga og den underlege vi-forteljarstemma som ikkje forklarar seg sjølv før til slutt. Eg liker den tablåliknande framsyninga av scener som viser fram ulike overflater. Eg liker bruken av ordet "ser" i forteljinga. Eg liker den draumeaktige logikken, eller mangelen på logikk, i oppbygginga av romanen og eg liker draumen si rolle i teksten. Eg liker dette at så mange personar, først tilfeldige og uavhengige, viser seg å ha ulike meir eller mindre tilfeldige møtepunkt. Og ikkje minst liker eg dei klare og tydelege sanselege skildringane i boka, dei som gjer at eg kan sjå og høyre og lukte saman med houvdpersonane.

Eg hadde ein gong ein førelesar som omtala ein roman som "a bookish book". Med dette meinte han at det var ei bok som blei halden saman av intertekstualitet til ei rekkje andre bøker og av alle referansane til desse. Vente, blinke er også "a bookish book". Og dersom vi utvider intertekstomgrepet og snakker om interartielle allusjonar i romanen trur eg vi sit igjen med ei uendeleg lang liste av sangar, bilete, vekeblader, bøker og filmar som boka alluderer til. Nokre av desse allusjonane er svært vellukka, til dømes dei som viser til Lost in Translation, Den guddommelige komedie, Slottet og Peer Gynt. Andre av desse allusjonane blir litt påtatte, som dei som viser til Kill Bill, Paul deMan, Olav H. Hauge sitt "Drift" og van Goghs' "Solsikker". Det Øyehaug har gjort, gjennom å skrive på denne måten er ambisiøst. Det er ambisiøst fordi det har med seg ei fare for å tippe over i ei oppramsing av kor godt ho, forfattaren, kjenner sin kultur-og litteraturhistorie. Og dei gongene dette skjer, framstår avsnitta som litt i overkant pompøse. Men dei allusjonane som er vellukka, fungerer så godt at dei får boka tilbake til jorda igjen.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Ja, og etter å ha sjekka og funne ut at eg har Krig og fred i ei to-bindsutgåva som er litt meir håndterleg enn den boka eg held på med nå, er eg gjerne med på ei samlesing av denne også.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg skal telle, neste gong eg rydder i bøkene mine. Eg er ganske sikker på at eg ikkje er under 200, og som Solveig har eg også hatt periodar kor eg har handla veldig mange brukte bøker, og bøker på sal. Eg kjøper sjeldan bøker til fullpris, men når dei er billige, kjøper eg dei.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaEivind  VaksvikAvaMonica CarlsenElisabeth SveeBeathe SolbergMarit HåverstadTonesen81Hilde H HelsethKirsten LundGro-Anita RoenIngeborg GReidun SvensliAkima MontgomeryKjell F TislevollFarfalleSynnøve H HoelIngvild SJulie StensethBerit RBertyEllen E. MartolAnniken LMarianne  SkageEgil StangelandAmanda ANabodamaPer LundMarit HøvdeTerje MathisenBjørn SturødBård StøreIreneleserKaramasov11JoakimMorten Bolstadingar hHeidi LBjørg L.Linda Nyrud