Poenget mitt er bare at viss vi kan glede oss over at vi er forskjellige istadenfor å gjere det til eit irritasjonsmoment, trur eg vi vil ha langt større glede av kvarandre.

nei...beklager...jeg skal skrive bokmål og bruke tre punktum istedenfor et...for det gjør trådstarter...kanskje jeg skal skifte dialekt også...og farge håret...?

For å vere heilt ærleg, Ann Christin, så skjønner eg ikkje kor du vil. Er det så gale at vi er forskjellige?

Eg trur for øvrig ikkje det er fruktbart å fortsette denne diskusjonen, så eg trekker meg ut av denne tråden. Eg har sagt kva eg meiner, og gidder ikkje bruke resten av helga på å gjenta meg sjølv.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har begynt på Never let me go av Kazuo Ishiguro nå. Eg liker tonen, i dei første tre kapitla godt. Og denne helga har eg mykje lesetid. Det blir deilig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Når det gjeld dette med familieforholda i "Gengangere" har Frode Helland skrive ei veldig interessant analyse. Har tek utgangspunkt i det Osvald seier om faren si pipe, i "Dette er ikke en pipe".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er veldig fascinerande korleis Golder både blir framstilt som så usympatisk og eg som lesar samtidig får sympati for han. Og på mange måtar er det dette som driv boka.

Némirovsky skriv godt, men eg likte Storm i juni betre.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Avslutningsvis vil jeg nok en gang si at det undrer meg at så mange klager og syter over kvaliteten på diskusjonene når de selv ikke bidrar til nye.

Slike diskusjonar som denne, trur eg kan verke hemmande på bidrag til nye diskusjonar. Det er stadig nokon som blir kritisert for å ha feil meiningar om bøker ein har lese, skrive ord nokon kanskje ikkje forstår og for å ville "imponere" og "tråkke på andre", dersom ein tilfeldigvis kan noko nokon andre ikkje kan. Det gjer det ikkje lett å bidra til nye diskusjonar. I alle fall viss ein kanskje veit at ein har ein smak, som lett blir fordømt som snobbete.

Solveig skriv under:

Når jeg vel følte meg komfortabel nok til å skrive om bøkene jeg hadde lest ble jeg plutselig usikker på hva jeg kunne skrive og ikke, og det tok fra meg noe av gleden, men nå begynner jeg å bli så varm i trøya at jeg ikke bryr meg så mye lenger.

I løpet av dei 2-3 månandane eg har vore aktiv her i denne runden, har det vore 8 trådar kor åpningsinnlegget er ein variant av "Dei som liker klassikarar betre enn kiosklitteratur, er snobbete. Vi er sinte på dei og vi er i vår fulle rett til å rakke ned på dei som ikkje les så mange kioskromanar." (noko som for øvrig er ein meiningslaus dikotomi, i og med at ein klassikar er eit verk som har overlevd over ein genersjon og framleis er populær - som Sagaen om Isfolket).

Eg trur innlegg som desse er med på å skape usikkerheit, som Solveig seier over. Eg blir usikker på om det er lov å kunne noko og om det er lov å like slike bøker eg liker. Og hadde det ikkje vore for stjernene, hadde eg nok ikkje våga å åpne kjeften igjen her inne, etter at eg blei stempla som ein arrogant åndssnobb, av noko som minna om ein massiv mobb, i første innlegget eg skreiv. Men det er viktig at vi er inkluderande, slik at dei som liker kiosklitteratur, ikkje kjenner seg rakka ned på...? Er det andre enn meg som synest dette minner om dobbeltmoral?

Alle desse trådane om populærlitteratur versus finlitteratur trur eg skaper usikkerheit. Og eg trur dei er med på å hemme folk frå å bidra til nye diskusjonar.

Godt sagt! (19) Varsle Svar

Eg har også det inntrykket frå forrige gong eg var aktiv her (for halvanna år sidan) til nå.

Eg trur vi får ei trivelegare stemning her, dersom vi ikkje treng vere så redd for å støte folk med annan smak enn oss sjølv. Om vi kan diskutere bøker etter ulike forutsetningar, og leggje godvilja til for å forsøke å forstå kvarandre i beste meining, trur eg det vil bli rom for langt trivelegare diskusjonar her inne.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Nok en gang - skal det aldri ta slutt? - har jeg fått en ny favorittforfatter. Denne gang er det en dame som ble født i Georgia, der nede i det mørke Syden, Flannery O´Connor. Svinbra litteratur, dette.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så velformulert! Går det an å gi fleire stjerner?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og når det gjeld one-linearar, er vi veldig einige. ;)

Eg tenker litt sånn at viss det er noko konkret folk reagerer på, så går det an å forhalde seg til det og gjere noko med det. Men når det bare er generelt og eksempellaust og diffust, slik som dette, er det vanskeleg å sjå at det er reellt.

Vi må bruke mindre krefter på å irritere oss, og heller glede oss over at vi er forskjellige.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er mange kvinneskikkelsar i den norrøne litteraturen, for eksempel Ragnhild, eller Helga i Soga om Gunnlaug Ormstunge. Tristan og Isolde er jo frå mellomalderen. Av seinare kvinneskikkelsar er jo Shakespeare sine kvinner interessante. Det same gjeld Jane Austen sine kvinner - det er mykje godt materiale for samanlikning her. Dersom det skal vere norske bøker, er jo Collett og Bjørnson som nemnd under gode forfattarar. Det er få norske romanar i tida mellom dei norrøne ættesogene og Collett. Men det går jo kanskje an å sjå på kvinnerolla i folkeeventyra?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har bare lese ein og to. Har kjøpt bind tre. Kan hende eg skal lese den, eg også.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du forstod meg riktig. Eg er einig med at vi skal vere forsiktige med å gruppere folk. Men eg synest det er påfallande at skjellsorda er så mykje meir legitime "oppover" enn "nedover" (viss du legg til litt godvilje, skjønner du kva eg meiner her, viss ikkje går det sikkert an å henge seg opp i ordvalet endå ein gong). Sidan eg blei aktiv her, har denne diskusjonen gått på repeat med jamne mellomrom. Det er jo åpenbart eit problem, sidan vi stadig diskuterer det. Men er det eit problem vi konstruerer, eller er det eit reellt problem?

Då eg spurte om dette over, kom det fram to eksempel på trådar om Coelho. Den eine er fleire månadar gammal, og har ein forkasteleg språkbruk. Det er vi einige om. Men eg opplever ikkje den tonen som representativ for språkbruken her på forumet, og derfor lurer eg på kor reellt dette problemet er. Er det folk som rakkar ned på andre, fordi dei andre har mindre kunnskap og andre interesser enn seg her? Eg ser ikkje at det skjer. Det eg derimot ser at skjer, er at folk som ser ut til å ha ei oppleving av å vere underlegne andre (misforstå meg riktig, igjen, ver så grei), tar opp dette som eit problem.

Dette er eit forum med mange brukarar. Nokon har mange like interesser, andre har få like interesser. Nokon har lik smak, andre har ulik smak. Slik vil det alltid vere.

Eg skulle ønske at alle bare kunne godta seg sjølv og kvarandre, med den smaken, kunnskapen og dei interessene vi har.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det å vere formuande eller rik er jo ikkje det same som å sjå ned på dei som ikkje er det. Men det å rakke ned på dei som ikkje er formuande eller rike, er noko heilt anna.

Og eg ser ikkje at folk rakker ned på andre, på grunn av at dei har ein "enklare" litteratursmak (med unntak av dei to enkelttrådane om Coelho, som er diskutert over). Men eg ser stadig at folk som opplever at andre har ein litteratursmak som er meir avansert enn deira eigen, kjem med karkateristikkar av den andre "gruppa".

Korfor er det legitimt å kalle folk med ein gruppe litteratursmak for fordomsfulle, nedlatande og forståsegpåarar?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Vi er vel ganske einige om at det er forskjell på å ikkje like dei same bøkene og på å sjå ned på folk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er jo nettopp derfor det er så viktig at vi begrunner og ikkje bare seier god eller dårleg bok. Eg veit med meg sjølv at eg har låg terskel når det kjem til veldig sentimentale bøker. Derfor, når eg les "Dette var ei utruleg rørande historie, men boka må lesast med ein pakke kleenex", reknar eg det som veldig sannsynleg at eg ikkje liker boka. Men når det bare står "Kjempebra bok!", veit eg ikkje kva eg skal tru.

Når du seier at du ikkje er så oppteken av språk, betyr jo det at det er eit kriterie du ikkje treng bry deg så mykje om, når du les omtaler. Om nokon då skriv "Spennande handling, gode personkarakteristikkar, men platt språk", vil jo du då kunne tenke at dette høyrest ut som ei slik bok du liker, nettopp fordi du ikkje bryr deg om språket?

Morgon og kveld av Jon Fosse er ei av dei beste bøkene eg har lese. Og det er språket og kun språket som gjer at eg kan lese denne boka om og om igjen. Viss eg skriv at eg liker denne boka på grunn av det poetiske språket og du skriv at du (tenkt eksempel) synest ho er gørrkjedeeleg fordi handlinga er alt for stilleståande, gjer dei to omtalene til saman ei god beskriving av boka. For det er vakkert og poetisk språk og stilleståande handling i den boka. Og då får vi jo fram fleire sider av boka, enn om eg bare skal skamrose språket.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det du skriver med å lære å kjenne dei som omtaler bøkene er eit langt viktigare poeng. Eg les mykje i bokbloggar, og eg har jo etterkvart skjønt at det er forskjell på dei som skriv, både her, i bloggar og i aviser. Eg lærer kven som har same smak som meg, og kven eg ikkje skal høyre på når eg vel bøker. Og så bruker eg det til å navigere etter.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg var nær ved å ta ho med på vinterferie til Dubai, men så kom eg til å tenke på at det kanskje ikkje var eit klokt val av forfattar å ta med dit...

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Gengangere er Ibsen-favoritten min! Eg gleder meg til å følgje diskusjonane i denne tråden.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har også lyst til å lese Rushdie! Det trur eg jammen eg skal gjere. Eg kjøpte Midnattsbarn for ei tid sidan.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ferien nærmar seg og det er viktig å planlegge sommarlesinga.

Kva har du tenkt å lese i sommar?

Sjølv har eg tenkt å lese Never let me go av Kazuo Ishiguro og The Sea av John Banville. Eg har også fleire nyinnkjøpte novellesamlingar, med blant anna Kjell Askildsen og Agnar Mykle liggjande. Også har eg kjøpt The Conservationist av Nadime Gordimer, for å lese. I tillegg har eg lånt Persepolis av Marjane Satrapi og Nabojenter av Alice Hoffmann. Så eg trur eg har nok lesestoff for dei første ferievekene.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Tor-Arne JensenKirsten LundPiippokattaINA TORNESTore OlsenPer LundAndreas BokleserJarmo LarsenStig TEllen E. MartolMarianneKarina HillestadTatiana WesserlingLailaÅsmund ÅdnøyHeleneBenedikteCecilie69Daffy EnglundLeseberta_23IngeborgTine SundalSol SkipnesTore HalsaBjørg Marit TinholtAnniken BjørnesNorahSynnøve H HoelMorten GranheimEvaStein R. OlsenJulie StensethBjørg L.Harald AndersenTove Obrestad WøienBente NogvaIngvild STone SundlandEli HagelundKristin