Vart ferdig med "Breaking Down" nett no, men er endå litt usikker på kva eg synes om den, må gjerne gå nokre dagar før sanesinntrykka er på plass ;)
Enig i at Edvard er lik Mr. Darcy (endå ein ulideleg karakter :P), og eg synes at både "New Moon" og Breaking Dawn, minne ein del om Shakespeare sin dramatikk. "Eclipse" er vel den einaste av bøkene som ikkje baserer seg på ei anna bok, sjølv om den stadig reffererer til ei (huskar ikkje kva den heite).
Enig i at "The Short Second Life of Bree Tanner" var eit friskt innpust i serien, men eg synes at "slaget" burde vore skildra frå Bella-vinkelen. Tenker meg at dei gjer den vrien i filmatiseringa. Men der har ein vel ein meir refererende synsvinkling.
Eg trur ikkje eg kjem til å lese "The Midnight Sun" med det første, sjølv om karakteren Edward muligens vil fremstå som meir likandes frå hans eigen ståstad. Var dette den boka Meyer avbraut grunna lekasje?
Det som slo meg var at det kunne vore nyttig, i første omgang, å lage grupper som rettar seg mot ulike bokgenrer. Då kan ein knytte bøker som høyrer til same genrer (eller som har same emneord) opp til gruppa slik at innlegg som blir posta av bøker i desse genrene vert tilgjengleg for alle som er med i den bestemte gruppa.
Sjølv likar eg til dømes å diskure fantastisk litteratur. Å lage ei hovedgruppe som rettar seg mot denne genren kan då vere det første steget. Vidare kan ein dele hovedgruppa inn i ulike undergrupper, som f.eks: anbefalingar, diskusjonar om karakterar i bøkene, ulike forskyggingar og observasjonar ein har oppdaga, som kan vise til hendingar i seinare bøker, osv...
Nokre forslag:
Kva skjer når ein opprettar gruppa?: Ein skriver ei skildring av kva ein ønsker å oppnå med denne gruppa. T.d. Lese klassikere ilag, som ei lesegruppe, diskutere etterkvart som ein les. Eg synes ikkje at grupper skal ha "leiarar", men at dei skal vere opne for alle. Det kan vel heller vere ein utkastings mulighet på linje med varslinga av upassande innlegg, som vernar mot usaklege innlegg, og spam av eigne dikt.
Kva skal skje når ein klikker seg inn på ei gruppe?: Same som "startsida til bokselskere", ein får sjå dei siste diskusjonane/kommentarane. Kanskje ei medlemsliste.
Kva kan ein sjå/gjere inne på gruppa si side?
Kanskje muligheten til å ha litt meir intime diskusjonar som berre medlem av gruppa kan lese og kommentere. Elles vert det vel som nemnt tidligare å diskutere meir målretta om emner, bøker, genrer som ein er opptatt av.
Kva skal ein ikkje kunne gjere på gruppa si side: Einaste som slår meg er at det bør vere forbud mot å poste eigenproduserte, flåsete dikt, med dårlig rim og innhald.
Kva skal det innebære å opprette ei gruppe? ...
Kva skal det innebære å melde seg inn i gruppa. Innsyn i dei siste diskusjonane/kommentarane. Mulighet til å kommentere sjølv (kanskje).
I bunn og grunn synes eg ideen med grupper, er god, men ikkje noko eg eigentleg saknar, eg synes bokelskere er eit fantastisk tiltak slik som det er. Eg veit ikkje om forslaga mine bugner ut i noko som kan gjennomførast, men eg ser for meg at gruppene kanskje kan lage litt betre oversikt, og gjere at folk lettare kan finne diskusjonar og bokelskere med same sinn.
Ja då var du heldig så slapp å vente. Sjølv snubla eg over den første boka då den kom ut, og utgjevinga av "Fortsettelsen" var eit høgdepunkt på linje med Harry Potter utgjevingane. Men "Slutten" gjekk det fleire år før eg tilfeldigvis kom over i ein butikk, og sjølv om eg slukte den ganske raskt var den ein skuffelse. Eg syens det heile vart for enkelt, at dei vonde utbalanserte dei gode i alt for stor grad, og måten dei gode til slutt vant på var litt lite oppfinnsom.
Det eg likte var korleis Hellheimer? (han tyske eventyraren) mysteriet vart knytt opp mot munkane i Ankh Mapur, det var ei fin vending. Men at "Han som gjør galt verre" skulle redde dagen, den tok eg ikkje. Sluttslaget burde også vere litt meir episk.
Men for all del, bøkene er svært vittige. =)
Flott du er enig. Har byrja så smått på "Breaking Dawn" og synes den er treig, men eg har bestemt meg for å fulføre.
Lurer også på om grunnen til at eg likar Eclipse betre enn dei 2 første er fordi eg las den på engelsk. Eg har ein misstanke om at oversettinga var litt tynn, men slik er det vel med ganske mange bøker dessverre.
Må kverulere litt på den der sunt/usunt greia (sjølv om eg er enig, og sjølv om det er lite maskulint og lite modent å diskutere tenåringsromanser).
Eg synes karakteren Edward er heilt grusom, muligens fordi eg ikkje tåler trynet på han skuespilleren som har rolla som han i filmene, men mest fordi han er irriterende. I grunnen når eg tenker over det så er det ingen av karakterene i bøkene eg liker spessielt godt, men eg står på mitt når det gjelder valget varulv foran vampyr ;) iallfall i denne bokserien.
Dickson Carr har eg berre lese ei bok av og det er "Sort Messe" ("the Burning Court"). Eg høyrte den faktisk først som høyrespel av radioteateret, og det var ei dramatisering som verkeleg fekk det til å gå kalt ned over skuldrene. Etter dette måtte eg naturligvis prøve meg på boka også, men eg trur eg må ha lese den første norske oversettinga for språket var svært tungt, så eg har ikkje lese noko meir av han, men du kan anbefale Dickson Carr, ja?
Dette var ein artig tråd, må legge til eit bidrag sjølv. Min topp 5 krim er:
"De dødes tjern" av Bernard Borge (Andre Bjerke).
"Døden i ishuset" av Minette Walters.
"Døde menn går på ski" av Knut Nærum.
"God aften mitt navn er Cox" av Rolf og Alexandra Becker. Høyrespel dramatisert av radioteateret.
"Jernvognen" av Stein Riverton.
Denne måtte eg faktisk avbryte midtveis, vart retten og sletten for kjedlig. Har også sett filmen og det også var langtekkeleg liding. Er ikkje nokon stor fan av Anne Rice, men no har eg byrja på Charlaine Harris sin serie og det er andre boller ;)
Eg er heilt enig i at dette er ei svært skuffande bok. Plottet var gjennomskuelig og faktadelen var ikkje fengjande, men det absolutt aller verste er kor stupide Brown har gjort karakterane sine. Dei skal visstnok vere blant USA sine skarpaste hjerner, men opptrer gjennom heile boka som lettare forvirra.
Eg synes faktisk at "the lost symbol", minner ein god del om Nærum sin Brown-parodi, "Madonna gåten". Einaste forskjellen er at karakterane i den boka bevisst er gjort dumme.
Eg høyrte den på lydbok då eg var 6, og las den sjølv når eg var 7, trur dette var den første boka (på meir enn 100 sider), eg las sjølv. Eg las den også høgt til søstra mi då ho var 8 år, men ho synes den var skummel. Så det varierer litt frå unge til unge.
The Hobbit er uansett ei fantastisk forteljing som ein stadig kan vende tilbake til gjennom heile livet.
Mine foreldre kunne den etter hvert utenat. Jeg har teipet den sammen og har den i bokhylla. Får fortsatt tårer i øynene når jeg leser i den, fordi den er så søt og rørende.
Når du blir flau over noe du vet du ikke burde bli flau over, ender du i den grusomme sirkelen der du blir flau over at du blir flau... og det er VIRKELIG flaut.
Man bør aldri gjøre noe man ikke kan snakke om etter middagen.
Jeg vil ikke ha penger. Det er bare folk som betaler regningene sine som vil ha det, og jeg betaler aldri mine.
Tidligare hadde eg det problemet at eg sov så tongt at eg datt tvers gjøna sengebånnen.
For å ver heilt ærlige, så e eg vel ikkje heilt ærlige av meg.
Aleine. Det er det vi er. Alle sammen. Og så later vi som om ikke.
Benedikte ser i taket.
Så vi finner noen. Noen å være sammen med. Så det ikke kjennes så ensomt. Så vi glemmer at vi er aleine. Så vi glemmer at vi skal dø. Det er derfor mennesker forelsker seg. Det er et slags hukommelsestap.
Men hun er i hvert fall ikke forelska. Ikke i noen.
Sinne og bitterhet vil spise deg opp innenfra.
Familie er ikke noe du ber om, de er noe du får.
Det kan ta livet av ein mann, det å tenkje.
Store-Jan Skrelling
Folk blir så fjollete når de blir forelska. Eller helt blåst. Det kan ikke være sunt.