Bøker av Stein Mehren.


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Musikken i fjernsynsteaterversjonen av Fruen fra havet i Per Bronkens regi frå 1979, Gustav Mahlers niande symfoni, verken meir eller mindre, slår an tonen i denne over tretti år gamle produksjonen. Dvd-en tåler å bli sedd på ny, med ei fjern og gåtefull havfrue (Liv Ullmann) og ein livsfjern ektemann (Finn Kvalem som doktor Wangel). Ingen stader ber Bolette (Marie Louise Tank) og Hilde (Minken Fosheim) meir preg av å leve i ein karpedam enn her – og dei mister nesten lengselen etter å dra ut. Men dei bergar seg. Odd Furøy, denne scenas gentleman, speler overlærer Arnholm (som i den engelske tekstya har vorte til headmaster, men ein overlærara var ingen rektor, men , men lektor («sixth form teacher» ller «master») svært truverdig, mens Even Stormoen speler Lyngstrand slik eg har sett føre meg kunstnaren med «knekk» for brystet. Interessant nordisk samarbeid kjem fram når Ballested blir spelt av Jens Okking (som Bronken tydelegvis har sagt ikkje skal ha problem med å seie akklimatisere, enda stamminga er eit poeng hos Ibsen) og «Den fremmede» av Thommy Berggren. Eg likte å bruke ein kveld på dette, men eg syntest at lydboka var betre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har kost meg med radioteaterversjonen av Fruen fra havet, og oj! Dei har så gode stemmer, Gørild Mauseth (Ellida Wangel – men direkte hysterisk verkar ho ikkje; ho er varm og frisk, synest eg), Bjørn Skagestad (ein snill doktor Wangel), Heidi Gjermundsen (som skapt for rolla som Bolette), Andrea Bræin Hovig (som skapt, ho òg; ho speler Hilde), Lasse Kolsrud (Arnholm), Kåre Conradi (Lyngstrand), Jan Hårstad (Ballested) og Hallvard Holmen («Den fremmede»). Ei lys oppsetjing, dette, i hovudtrekk, men dystre, mystiske og dragande undertonar blir formidla av trollmennene Åsmund Fedje (musikk) og Erki Halvorsen (lyddesign). Regien er ved Else Barratt-Due, som det er all grunn til å gratulere med ei annleis oppsetjing av dette veldig spesielle stykket, heilt annleis enn fjernsynsteaterversjonen frå 1979.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hedda kan også ha arvet egenskaper fra hovedpersonen i George Eliots roman Middlemarch (1871-72).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kommentarbindet til "Henrik Ibsens skrifter", bd. 9, peikar på at Hedda Gabler "kan også ha arvet egenskaper fra hovedpersonen i George Eliots roman Middlemarch (1871-72)."

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Josef tyder draumane til farao
41To år etter hadde farao ein draum: Sjå, han stod ved Nilen. 2 Opp frå elva steig sju kyr, fine og feite, og gav seg til å beita i sivet. 3 Etter dei steig sju andre kyr opp frå elva, stygge og magre, og stilte seg saman med kyrne på elvebredda. 4 Dei stygge og magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao.
5 Så sovna han att og drøymde for andre gong: Sjå, sju kornaks, tjukke og gode, voks på eitt og same strået. 6 Etter dei skaut det opp sju andre kornaks, tynne og svidde av austavinden. 7 Dei tynne aksa slukte dei sju tjukke og fulle aksa. Då vakna farao og skjøna at det var ein draum.
8 Men om morgonen var han uroleg til sinns. Han sende bod etter alle spåmennene og vismennene i Egypt. Farao fortalde dei draumane sine, men det var ingen som kunne tyda dei for han. 9 Då sa overmunnskjenken til farao: «I dag kom eg til å tenkja på syndene mine. 10 Ein gong vart farao sint på tenarane sine og sette meg og bakarmeisteren i forvaring hos sjefen for livvakta. 11 I ei og same natt hadde vi kvar vår draum, eg og han, med kvar si tyding. 12 Det var ein ung hebrear saman med oss der, ein slave hos sjefen for livvakta. Vi fortalde han draumane våre, og han gav draumane kvar si tyding. 13 Og slik han tydde dei for oss, slik gjekk det. Farao gav meg stillinga tilbake, men bakarmeisteren hengde han.»
14 Då sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og henta han ut frå fangeholet. Han barberte seg og skifte klede og gjekk så inn til farao. 15 Farao sa til Josef: «Eg har hatt ein draum, og det er ingen her som kan tyda han. Men eg har høyrt om deg at når du høyrer ein draum, så kan du tyda han.» 16 Josef svara: «Det er ikkje opp til meg, berre Gud kan gje eit svar som er godt for farao.» 17 Så sa farao til Josef: «Sjå, i draumen stod eg ved elvebredda. 18 Frå elva kom det opp sju kyr, feite og fine, og gav seg til å beita i sivet. 19 Etter dei kom det opp sju andre kyr, tynne, magre og stygge. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt. 20 Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei første sju, dei feite kyrne. 21 Men då dei hadde sett dei til livs, kunne det ikkje merkast på dei; dei var like stygge som før. Då vakna eg. 22 I draumen såg eg òg sju kornaks som voks på eitt strå, fulle og gode. 23 Etter dei skaut det opp sju andre aks, tørre, tynne og svidde av austavinden. 24 Dei tynne aksa slukte dei sju gode. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne forklara det for meg.»
25 Då sa Josef til farao: «Farao har hatt ein og same draumen. Gud har late farao få vita kva han vil gjera. 26 Dei sju gode kyrne er sju år, og dei sju gode aksa er sju år. Det er ein og same draumen. 27 Dei sju magre og stygge kyrne som kjem opp etter dei, er sju år. Og dei sju kornaksa, tynne og svidde av austavinden, er sju år med hungersnaud. 28 Det var det eg meinte då eg sa til farao: Gud har vist farao kva han vil gjera. 29 Sjå, det skal koma sju år med overflod i heile Egypt. 30 Etter dei skal det koma sju år med hungersnaud, så all overfloda skal bli gløymd i Egypt. Svolten skal gjera ende på landet. 31 Ingen skal minnast overfloda i landet, for svolten som følgjer, skal bli hard. 32 Når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud har fastsett dette. Han vil skunda seg å gjera det. 33 No må farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt. 34 Farao må gripa inn. Han må peika ut tilsynsmenn utover landet og krevja inn ein femtedel av avlingane frå Egypt i dei sju åra det er overflod. 35 Dei skal samla all maten frå dei gode åra som kjem, og lagra treskt korn i byane under vakthald frå farao. 36 Maten skal vera forråd for landet i dei sju åra med hungersnaud som kjem over Egypt. Då skal ikkje landet gå til grunne av svolt.»

(1 Mos 41, 1-36)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

En hvit røykstripe flyttet seg utrolig langsomt sørover langs vestsiden av Mjøsa. Et tog på vei til Gjøvik. Når de fløy hjem, ville han kikke etter det og se hvor langt det var kommet. Alle tog så slik ut fra stor høyde - som en tynn, hvit stripe. Om vinteren var røyken grå.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I bokyllene mine har eg berre éi boka av Per Hansson, men i unge år lånte eg bøker av han på biblioteket.


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bøker av Bjørg Vik


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Siste kapittel er II.74. Helten vår blir sjuk, set opp testamente og døyr. Cervantes opnar med nokre altfor sanne ord: «Como las cosas humanas no sean eternas, yendo siempre en declinación de sus principios hasta llegar a su último fin, especialmente las vidas de los hombres, […]» (W: «Siden de jordiske ting aldri er evige, og alltid svekkes fra sin første begynnelse og inntil sin ende, særlig menneskenes liv, […]»). Ja, slik er det.

Den Sannazaro som blir nemnd fyrst i kapitlet, er – eller var – Jacopo Sannazaro (1456–1530), ein napolitansk forfattar som m.a. skreiv La Arcadia (1480–1485), ein gjætarfabel på vers og i prosa som vart modell for gjætarromanane på 1500-talet. Eg har lese ein slik roman på fransk, og takkar LAM for kommentaren.

Carrasco prøver å muntre dQ ved å snakke om gjætarlivet, men til inga nytte. Pussig nok las eg nyss om «the Pastoral life» i Martin Chuzzlewit av Charles Dickens! Viktigare er vel at dQ kjem til sjølverkjenning og innser at han har fare med tull. Ikkje er han don Quijote av la Mancha lenger, men den gamle Alonso Quijano. Dette gjekk usannsynleg fort, i grunnen, seks timars svevn, og så la han Amadís de Gaula for hat. Men tru ikkje at dette er tilfeldig! LAM skriv dette: «La calentura y este largo dormir nos dan el diagnóstico del trance que conduce a la normalidad mental y a la muerte, según teorías del doctor Huarte de San Juan, […]» - og så viser han til kjelder eg ikkje heilt klarer å identifisere. Men det han seier, betyr «Feberen og denne lange svevnen gir oss diagnosen transe, som fører til mental normaltilstand og død, etter teoriane til dr. Huarte de San Juan».

Han har vorte klok av skade, seier han hos W; originalen har «escarmentando en cabeza propia», og PV, den danske ordboksdama, seier faktisk at escarmentar kan bety å bli klok av skade. Og her skjer dette t.o.m. «en cabeza propia», i eige hovud, for å vere sikker. Så har han gått frå å vere galen til å bli klok, «de loco a cuerdo». Det var ei vanleg oppfatning, får vi vete av LAM, at dei som var galne, brukte å få at dømmekrafta før dei døydde, og det er altså derfor at dei som er hos dQ, skjønner at det går mot slutten.

dQ ber SP om tilgiving: «Perdóname, amigo, […].». Han var galen, og har fått att vettet: «Yo fui loco, y ya soy cuerdo.» Så set han opp testamentet; at niesa heiter Antonia Quijana, seier LAM, viser at ho var dotter av ein bror av riddaren.

Til slutt oppgav han si ånd, som det heiter («dio su espíritu»); eg meiner å seie, skriv Cervantes, at han døydde: «quiero decir que se murió». LAM fortel oss at Borges skriv at Jorge Luis Borges seier at heile boka har vorte skriven for denne scenen …

Samson Carrasco skreiv eit dikt, står det; slutten byggjer på ein romance frå Granada, «Estando el rey don Fernando», som fortel om da don Alonso de Aguirar. Og Cervantes gir Cide Hamete siste ordet.

Før eg takkar for følgjet, særleg til han som har kommentert den spanske utgåva mi, Luis Andrés Murillo (som eg har kalla LAM), vil eg gjerne vise til eit sitat eg har lagt inn frå det som Karl Ove Knausgård skriv om don Quijote i Min kamp 6. Så er eg ferdig med Don Quijote. Ferdig med Don Quijote? Å, nei …

Godt sagt! (3) Varsle Svar

To sleep under the stars, to drink nothing but well water and to live chiefly on nuts and wild fruit, was a strange experience for Caspian after his bed with silken sheets in a tapestried chamber at the castle, with meals laid out on gold and silver dishes in the anteroom, and attendants ready at his call. But he had never enjoyed himself more.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Høres spennende ut. Denne kom i posten i dag. Får ta påskekrim på overtid! Gleder meg. :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

WANG mit groβem Ernst zu Shui Ta: [...] Ein guter Mensch wird nicht leicht vergessen. Es gibt nicht viele.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har tenkt litt på referansen til sirenane i kap. 4. Det er Pecksniff som seier "Wait! Sirens! Dear me! sirens, of course." Kommentatoren forklarer kva ein sirene var, men ho bruker Skylla og Karybdis som eksempel, og dei var da berre vanlege sjøuhyre, om ein kan seie det slik?

I kap. 6 held Dickens fram med referansar til antikken; han seier "It was morning; and the beautiful Aurora, of whom so much hath been written, said, and sung, did, with her rosy fingers, nip and tweak Miss Pecksniff's nose." Kommentaren skriv at Aurora var daggrygudinne og at Dickens speler på gresk kjærleikslyrikk, men nemner ikkje at dette er ei vanleg opning hos Homer, som Dickens alt har vore innom med sirenane, når ei ny morgon skal skildrast. Men Aurora er romersk, mens den greske gudinna heiter Eos. Hos romaren Vergil møter vi Aurora nettopp på denne måten, for han vil jo etterlikne Homer, som altså skreiv om Eos.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

BALLESTED
[...] Menneskene derimod - de kan aklam-akli-matisere sig. Jo, jo, - jeg forsikrer Dem, fru Wangel, - de kan a-kli-matisere sig!

ELLIDA
Ja, i frihed kan de det, herr Ballested.

WANGEL
Og under ansvar, kære Ellida.

ELLIDA hurtigt, rækker ham hånden
Netop det er det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kommentarbindet opplyser at i Wuthering Heights vil mannen til Cathy tvinge henne til å velje mellom han og Heathcliff: "Will you give up Heathcliff hereafter, or will you give up me?"

Godt sagt! (0) Varsle Svar

WANGEL
[...] Nu kan du altså vælge din vej - i fuld - fuld frihed.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jo, det går an: Stein Winge har regissert Rosmersholm for Radioteatret utan Ulrik Brendel, denne kyniske bohemen. Resultatet er ei strammare og tydelegare oppsetjing enn fungerer betre enn eg hadde venta. Men elles er versjonen svært så tradisjonell. Sverre Anker Ousdal er ein rektor Kroll nettopp slik vi kanskje oppfattar han ved fyrste gongs lesing av dramaet, altså utan dei sidene som gjer at han i NRK Dramas fjernsynsoppsetjing kyssar Rebekka West. Han blir mindre farleg i radioen, synest eg, når Anker Ousdal nærmast karikerer ei samfunnsstøtte frå dei sørlege breiddegradane her i landet ...

Også Peder Mortensgård (Frode Rasmussen) blir ufarleg her; på dvd-en min blir han spelt langt meir nyansert. Størst inntrykk gjer Kari Onstad som Rebekka West, heilt tydeleg ramma av "det rosmerske livssyn*, det som adlar sinna, men som drep lykka. Kai Remlov gjer òg ein svært god figur; han speler Johannes Rosmer - ein kraftlaus, siste representant for slekta. Edel Ekblad fyller rolla som madam Helseth heilt fint; som eit gresk kor innleier og avsluttar ho det merkelege skodespelet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nei, det har eg dessverre ikkje tid til. Synd, sikkert, men eg trur ikkje at eg endrar praksis her. Fort gjort å slå opp i Store norske leksikon - som eg kan vurdere å leggje ein peikar til. Jo, eg skal gjere det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det ville vere feil å seie at det var desse bøkene som du nemner, som gjorde meg til lesar. Sjølv om vi hadde få bøker heime, var det der eg begynte, og så vart det biblioteket, men da eg var i overgangen mellom folkeskole og realskole, meldte eg meg inn i Den norske bokklubben, eller, for å vere nøyaktig: Faren til ein kamerat av meg verva meg. Nå som eg går gjennom og registrerer samlinga digitalt, ser eg at det var bøkene i denen fyrste perioden som utvikla meg: Her kom Hoel, Hamsun, Vesaas, Borgen, Hemingway, Nedreaas og heile øvste hylle av god skrivekunst (utan smussomslag, ja). Det hører med til historia at eg meldte meg ut av same årsak som du - men så klarer eg ikkje å stå imot introduksjonstilbod, så eg meldte meg inn att for nokre år sidan ...

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGunillaGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeKirsten LundElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBLIngrid HilmerKarin BergRosa99NorahBerit RSiv RønstadTurid KjendliesomniferumBerit B LieKetilsveinEgil StangelandIreneleserellinoronilleTone Maria JonassenMorten Jensenandrea skogtrø eggan