Under eit arbeid om Spania kom eg tilfeldigvis over Rolf Braadlands studie av delar av arbeidarkulturen i Bergen, med hovudvekt på teater. Heftet gir god oversikt over aktivitetane i byen i 1930-åra, og forfattaren styrkjer posisjonen sin ved å setje hendingane inn i ein teoretisk samanheng: diskusjonen i Sovjetunionen og Tyskland om arbeidarteater og arbeidarkultur. Dette er viktig, og det seier eg sjølv om eg ikkje er einig i alt som eg har skjønt at Braadland stod for. Tragisk nok las eg dette i nekrologane få dagar etter at eg såg dokumentet hans på Internett. Merkeleg.
Ikkje tvil i mi lesarsjel om at dette er ein av dei viktigaste romanane etter 2001. Skummelt god - og for det aller meste godt, om enn litt detaljert, fortald.
Absolutt ei diktsamling som talar til meg! Så realistisk, så poetisk! Ja, her er jente- og kvinnesinn, men (eller derfor) òg hard samfunnskritikk - ein sterk protest mot krig og sosial urettferd.
Grundig. Eg seier ikkje meir. Jo, forresten: Og nyttig. Svært nyttig.
Fleire forlag har gitt ut bøker med verbbøying i fremmendspråk. Og dette er den beste for spanske verb. Så lett å finne fram!
Denne danske, grøne ordboka inneheld som godt som alle uttrykk på dansk som ein treng å konsultere ei ordbok for når ein er i tvil om kva noko heiter på spansk. Boka inneheld òg ei rekkje faktaboksar med idiomatiske uttrykk innanfor eit emne. Og så lærer ein litt dansk attpå til!
Her er ordboka som tek over der andre gir tapt, innkjøpt ein solrik sommardag i København i 2009, på tilbod, til og med! Å, som danskane kan dette med ordbøker!
Ny utgåve av den engelske favorittordboka, innkjøpt i Galway sommaren 2010, på tilbod, til og med. Inger er klarare og meir oversiktleg enn denne!
Beatpoesi à la danoise - ein del av dette svinger friskt, ein del blir eit småborgarleg slag i lufta. Men eg er glad eg las boka, på danskebåten til og med, sommaren 2009, for Dan Turrèl høyrer med til den poetiske allmenndanninga.
Eg ser at Severud presenterer kommentarane sine til Vinjes "Ferdaminne" rundt om i landet - eit flott tiltak, for Vinje går utanpå mange av døgnflugene som vi blir plaga med i massemedia. Jo, Severud har klart å følgje opp Vinje, og sjølv om enkelte kommentarar er blodfattige, slår han til andre stader og når dei store (dvs. Vinjes) høgder. Og han siterer heldigvis Vinje i original. Saman med Kjartan Fløgstads forord til årets nyutgåve av "Ferdaminne" er Severeuds bok eit viktig bidrag til å setje bVinje i relieff og trekkje han inn i vår tid.
Ja, eg eg har lese Vinje og Severud parallelt. Det var interessant!
Enkle oppskrifter på kjempegod italiensk mat!
For det som hjertet er fullt av, taler munnen.
Jo, breiare, men Thomas Mann ville neppe ha komme dit utan å ha studert Kielland ...
150 år er det i år sidan Aasmund Olavsson Vinje reiste til Trondheim for å vere med på kongekroninga. Minna frå turen samla han i "Ferdaminni fraa Sumaren 1860", til jubileet gitt ut på ny i (dessverre) modernisert språkdrakt. Vinje er både - naturleg nok - bunden av tida si og har stor aktualitet. Her er Noreg på veg ut av nasjonalromantikken, men likevel fullt av poesi (som i "Ved Rundarne"), samtidig som realismen trengjer seg på, som i historia om den gamle grauten på Grut. Noreg er i ferd med å bli moderne. Det er dette som i litteraturen kjem til uttrykk som poetisk realisme. Eg byrja på boka i sommar, på veg opp til og ned frå Trondheim, i Vinjes fotspor, om enn med tog, og gjorde ho ferdig no. Endeleg har eg lese alle ferdaminna i denne boka! Refleksjonar om reise er så visst ikkje noko nytt fenomen!
Den ideelle spansk-spanske ordboka! Her er (nesten) alt for klart - presist og med opplysande eksempel. Skrifta er tydeleg, og spaltane er oversiktlege.
Ja, Marcel Pagnol skal ein så visst ikkje forakte! Han kryssar stadig vegen min og gir meg varme tankar. Hans "La gloire de mon père" er berre herleg! Og dei andre romanane og skodespela òg!
Like wild nature outside, lying bare in its winter sleep, his soul rested. So they waited, resting, he, she and nature, as if they were waiting in silence together for the beginning of life.
Celestina, ein mellomting mellom roman og skodespel frå slutten av 1400-talets Spania, står mellom mellomalderen og renessansen og er altså interessant i litteraturhistorisk sammenheng. Boka fortel historia om Salamancas Romeo og Julie, Calisto og Malibea, og blir interessant for meg også på det personlege planet, fordi dei to elskande har fått ein eigen park i denne vakre spanske byen. Parken har byste av hovudpersonen, Celestina, og frå (harde) benkar gjennom vakre, grøne tre kan ein sjå bort til den mektige katedralen (der det i eit rom blir spelt musikk av Jan Garbarek).
Eg har boka liggjande halvlesen på tysk, og skal ta ho fram att no. Inntil vidare sluttar eg meg til karakteristikken din!