Grunnen til at eg likte denne boka, var at ho problematiserte stoffet slik at det gjekk an å lære det.
Skjønner godt utsagnet. Har vore der.
Jo, eg koste meg over ein del ting her - listene, m.a., og forholdet til tida Og spesielt bankebrettet, då. Opplesinga i lydboka understrekar tematikken veldig godt.
Eg gir filmen ein sjanse, men boka rørte nok meir ved meg, ja.
Bok er bok og film er film. For meg blir eit av dei viktigaste kjenneteikna på ein god forfattar at han eller ho har ein stram komposisjon. Det har så absolutt romanen - og filmatiseringa maktar å følgje opp noko av dette. Den norske radioteaterversjonen står seg forresten godt mot denne filmatiseringa, som eg nok kjem til å følgje.
Det visste eg ikkje! Takk! Ser nesten aldri på fjernsyn - berre når det er slike program! Takk igjen!
Det er i "Stillheten" at forteljaren seier om Pizarros herjingar i Peru at det ikkje er alle forunt å få øydeleggje ein heil kultur.
Mange islendingar - eg møtte eingong Laxness - liker nok faktisk best bokmål (pga. av dei har hatt opplæring i dansk), men det er jo ikkje tvil om at nyislandsk og nynorsk har mest felles. Det islandske "leikhús" for "teater" er jo flott; perspektivet er på kva skodespelarane gjer, mens vårt "teater" kjem frå det greske "théatron", som tek utgangspunkt i at tilskodarane ser på noko. Nyislandsk går mykje greiare når ein les det enn når ein skal produsere det sjølv, men det går an å få til litt, ja. Synd at ordbøkene til og frå islandsk er så dyre.
Nei, det er denne kvardagen ... Ja, eg liker dette med språk. Noko av det fine med språk er at ein ikkje treng å kunne absolutt alt for å kommunisere (lese, lytte, snakke og skrive). Eg byrja tidleg, og så har det gått slag i slag. Har ein fyrst teknikken inne og har interesse for kulturen, lærer eg slikt ganske lett. Derimot kan eg ha store problem med meir praktiske ting. Så langt i livet har eg ikkje sett på nederlandsk anna enn når språket har dukka opp heilt tilfeldig, men dette språket burde jo falle lett for oss nordmenn, særleg for dei av oss som har drive med tysk.
Dødsstraff blir inngåande behandla i "Kruttårnet". I desse dagar viser ein deprimerande stor del av veljarane til eit altfor stort politisk parti at dei er for denne forma for straff. Eigentleg burde alle vi som har eit eksemplar av denne boka, gi det bort til det nærmaste lokkallaget.
Når kona mi kjem att frå Reykjavík med Laxness i original, då blir eg glad!
Til å lære av.
Eg er einig i mykje av det som du skriv om "Frihetens øyeblikk", som eg høyrde i 2008. Det beste ved gjensynet var faktisk den kjøleg, nøkterne stemma til Nils Ole Oftebro, som så uhyggeleg ironisk understreker grunntemaet.
Som regel gir DNTs årbøker meg lyst til å oppsøkje nye område og gå og gå og gå og nyte naturen og bruke kroppen. Spesielt denne om Skarvheimen!
Takk for to tips, både Vargas Llosa og Hemingway. Vanskeleg å rekkje alt som ein gjerne vil lese.
Dette har vi nok vurdert ganske likt. For meg har romanen aldri vore noka kultbok, men eg likte stemninga og lytta til opplesinga som førebuing til eit studieopphald i Salamanca i fjor (men tur til Pamplona stod eg over). Alt byrjar på att her; boka er som ein mellomkrigsversjon av - og eit forspel til - Becketts "En attendant Godot", som ein kritikar skal ha sagt dette om: "Nothing happens - twice." Og sola går sin gang. Slik kjentest det kanskje for denne generasjonen.
Etter å ha lagt "Victoria", som eg høyrde i 2009, inn i samlinga, ser eg at dette svaret ditt om ein romans kvalitet gir uttrykk for mykje av det eg har tenkt om denne boka og debatten om god litteratur. Hamsun skal, nokre mil frå der eg bur, ha skrive "Victoria" for å tene litt ekstra pengar. Det kan ein vel alltids sjå av boka, men måten historia om Victoria og møllarsonen er fortald på, rører ved meg kvar gong eg les eller høyrer boka.
Oversiktleg og pedagogisk.
Hamsun-året markerte eg med å repetere fleire av romanane til Hamsun i lydboksform, og eg trur det skal godt gjerast å lese ei bok betre enn Olafr Havrevold gjer med "Sult". Det er som å kjenne sulten gneg eg-personen i sinn og sjel. Og forresten: Ein forfattar som kan skrive om elektriske salmebøker, MÅ berre lesast!