Andre bindet om Juvikfolket, Blind-Anders, symbolsk "blind", men sjåande. Ættesamfunnet går mot slutten.
Opptakten til alle dei seks binda om Juvikfolket: Ættesamfunnets normer lever enno. Hildegunn Eggen les duunsk, gjer ho.
Trilogien - eg har lagt merke til at ikkje alle bokelskarane stavar dette ordet rett - tek seg opp att i siste bindet om Ragnhild. Bondesamfunnet blir omforma, verdiar blir endra, men uansett: Ein drep ikkje det vonde med øks. "Medmenneske" er sterkast, men står ikkje godt aleine, så oppfølgingsbinda, om enn svakare enn fyrste bindet, har sin funksjon. Eit mektig verk.
Hold din Mund! / Du er gal i Bund og Grund,-"
Om jeg hamrer eller hamres, - / ligefuldt saa skal der jamres.
Hvor er Sneen fra ifjor?
Bukk fra Luften, Bukk fra Bunden / stangedes i samme Stunden / saa at Skummet om os klasked, / Ja, der laa vi nu og plasked. -
Har du set den / Gjendin-Eggen nogen Gang? / Den er halve Milen lang, / hvass bortefter, som en Ljaa. [....
Ingen kan klandre Duun for ikkje å ha lagt "Ragnhild" og "Siste leveåre" på same nivå som "Medmennske", men "Ragnhild" fortener å bli stoppa opp ved; Ragnhild kjem ut frå fenglset og skal tilbake til samfunnet. Ikkje lett, det der, verken å komme att etter soning eller å skrive om det - eg synest at oppfølgjaren til "Medmenneske" greier prøva - eg høyrde lydboka i 2008 som repetisjon av fleire gongers lesing av romanen i ungdommen og likte det som eg høyrde.
Eg er einig i at det kan vere godt å lese Duun ein gong i året, men at det er idiotiskmåmgi nobelprisen til Undset er vel ein noko drøy påstand? "Medmenneske" er ein av dei absolutte favorittane mine. Eg har lese romanen fleire gonger, og høyrde lydbokversjonen i 2008. Tematikk og komposisjon grip meg same kva form eg får boka i.
Eg har også denne utgåva, og eg liker denne best fordi Ulleland legg vekt på rytmen framfor enderima. Eg er faktisk imponert over at Ulleland både her og i omsetjinga av "I promessi sposi" klarer å unngå moderne ord. For nokre år sidan prøvde eg meg på ein av songane sjølv, så dersom eg finn at dei linjene som eg gjendikta, kan eg sende dei åt deg - når det no måtte bli.
Den nest siste boka til Duun gjer inntrykk: Stormen rasar og menneska blir nakne til grunnfjellet. Kva eigenskapar skal til for å overleve? Ein roman om samhald og fellesskap i krisetid. Lydboka var god repetisjon!
Mykje god mat i gamle kokebøker!
Svært pedagogisk lagt opp, dette: Utvalde songar frå Dantes "Inferno", kommenterte i eit enkelt, moderne italiensk. Neppe tilfeldig at utgivaren heiter Celestina til fornamn.
Sjølvsagt er det ei bragd i seg sjølv å gjendikte Dante, men eg har faktisk gått gjennom delar av verket i original og samanlikna det med Sigmund Skards versjon - som prøver å føre både rimskjemaet og rytmen hos Dante over til norsk. Då blir resultatet ganske så omtrentleg når det gjeld det innhaldet som Dante formidlar. På ingen måte på jordet, langt derifrå, men av og til farleg nær.
Ibsen såg sjølv "Kejser og Galilæer" som hovudverket. Dette dramaet om "det tredje rike" dannar bakgrunnen for Paulus Svendsens studie om gullalderen som motiv i vesteuropeisk litteratur er viktig bakgrunn for å forstå Ibsen - ja, ikkje berre han, men òg all litteratur som handlar om draumen om ei betre framtid. Ikkje utan grunn er Schillers ord "Zum was Besserm sind wir geboren" med i mottoet for boka. At Svendsen skal ha skrive boka mens han var i fullt arbeid som lektor, gjer ho ikkje mindre imponerande.
Interessant samtidsroman om konflikten mellom aust og vest.
Då har jo du, grundig og velskrive, sagt det meste om denne sterke romanen. At personar i ei bok ikkje har namn, er jo i dei fleste tilfella eit gjennomtenkt verkemiddel. Her seier vel dette ein god del om forholdet mellom personane ...
Keltiske språk er fascinerande og vanskelege - her er noko av kultuen som omgir språket: Mytar frå det keltiske området - i slekt med dei germanske, men samtidig så absolutt noko for seg sjølv.
Nok ei rett fram-framstilling utan dei store høgder og problematiseringar. På det jamne.