Ja, ny gjennomlesing med påfølgjande rundtur i Leopolds fotspor er ein draum eg ber på.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skal ein kjenne europeisk episk dikting, lyt ein ikkje berre halde seg til det europeiske, men til heile det indoeuropeiske området. "Ramayana" er eit gammalt og viktig indisk verk - berre så synd at Signe Cohens rimande gjendikting ikje er like heldig alle stader, og eg kan ikkje skjønne anna enn at denne måten å gjendikte på fjernar den norske utgåva frå originalen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mykje av grunnlaget for kulturen vår kjem frå den sumeriske kulturen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne var fascinerande, den.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ikkje alle binda i "verdens hellige skrifter" er like interessante, og det tibetanske ligg litt i periferien av interesseområdet mitt. Men eg er glad eg har fått setje meg inn i ein kultur som var litt ukjend for meg før eg tok føre meg dette bindet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, er interessant å bla i det sjølv om eg med åra har henta utdjupande stoff frå meir omfattande kjelder. I dag kan ein finne mykje på Internett, men dette verket vart laga før Internett kom. Du får sjå etter det på biblioteket!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er ei mytologisk leksikon som Bokklubben gav ut i 1980-åra. verket er opphavleg svensk. Du kan slå opp på "Månen", og så står det litt om månen i mytlogien. Mange gudar står her, og namn i Bibelen og i eventyr, mytar og sagn. H.C. Andersens eventyr "Nattergalen" får ein resymé av, for å ta ei anna side av boka. Dei fyrste oppslagsorda er Abaddon (avgrunnens engel i Johannes' Openberring), Abadir, Abarbarea, Abaris, Abas, Abdallah, abderitter, ....Abigail, ab ovo, Abracassus, Abraham (patriarken i Bibelen), abrakadabra, abraxas (trylleord), Absalom, Abu Hassan, Acadinus ........Adam og Eva, ... 418 sider, t.om. Ånden i krukken, Åsa og Åsgard. Mange fine illustrasjonar. Apostelen Peter står føre Peter Pan. Altså stor variasjon.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Interessant med eit samla perspektiv - det mytiske - i eit oppslagsverk. Fin å bla i, litt å lære av.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tung. Rik. Bør lesast på ny.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg ville lese boka for å sjå kva som stod om Roma, som eg kjenner delar av ganske godt. Men huff og huff, så overflatisk! Filmen skal vere spelt inn like ved der vi bruker å bu, og også hos ein barber eg har vore hos, men filmen har eg ikkje sett. Burde nok ha stått over dette her, ja.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lonely Planet er for meg den beste måten å byrje å planleggje vinterferien 2011 på - her om Andalucía. Men kor mykje ein kan stole på desse bøkene er ei anna sak; eg ser jo kva restaurantar som manglar, og tenlker mitt om kvar skribentane har fått eit gratis måltid mot å nemne staden i boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Godt å høyre "Trost i taklampa" og sjå over Mjøsa mot Ringsaker. Utviklinga har gitt Gunvor rett på godt og vondt. Same året som eg høyrde lydboka, sette eit amatørteater her heime opp den beste amatørteatearversjonen som Elin Prøysen hadde sett.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

we had no voice / we had no name / we had no choice / we had one face / one face the same

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Slett ikkje dum idé å sjå "Odysséen" frå synsvinkelen til Penelopeia, men 1970- og 1980-årsdiskusjonane dominerer for mykje. Likevel viser boka, så langt eg kan sjå, god kjennskap til det som vi trur kan vere antikkens kvinnesinn.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

MERCI BEAUCOUP!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ryddig og tydeleg. Og nyttig!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så toppar det seg i sjette bindet om Juvikfolket: Odin mot Lauris, to verdisystem sette opp mot einannan. Eit stykke noregshistorie er ført til endes. Det gode vinn ved å ofre seg. Skulle eitt episk verk frå nasjonallitteraturen bli ståande, måtte det bli dei seks binda om Juvikfolket. Dei andre verka kan vi (nesten - eg er glad vi har dei) klare oss utan. Men ikke dette.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Femte bindet: Odin veks til; glimrand eopptakt til utviklinga av forholdet til Lauris og Odins perspektiv på framtida. Einig eller ikkje einig i Duuns livssyn: Dette er rett og slett gripande.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei av dei beste barndomsskildringane i norsk litteratur er fjerde bindet om Juvikfolket. Så var, så poetisk, så realistisk. Obetinget.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Omforminga av bygdesamfunnet; ei ny tid er i emning. Konflikt mellom det gamle ættesamfunnet og den nye tida. Eg er ikkje einig, slik eg har sett det har vorte hevda, at dette bindet er mattare enn dei fyrste. Her går det på livet laus.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Hilde Merete GjessingKine Selbekk OttersenCecilie EllefsenDemeterMarit AamdalAlexandra Maria Gressum-KemppirubbelKirsten LundmarvikkisNina J.B.Marianne AugustaKristine LouiseTore HalsaPiippokattaRisRosOgKlagingKjersti SLilleviTanteMamieAlice NordliritaolineAnneWangnefertitiKathrineStine AskeStein KippersundIngunn ØvrebøGroKaramasov11GladleserBjørg L.Beathe SolbergbrekToveHallgrim BarlaupChristofferHanneAstrid SæverhagenStig THeidiBerit R