På den eine sida: Dette er noko av det som er nødvendig å kunne for å vere god i engelsk på eit anna plan enn gloser og morfologi: Tekstplanet er og blir det viktigaste. På den andre sida: Ikkje akkurat pedagogisk framstilling, og på mange måtar mangelfull. Synd, det.
Uheldig blanding av livsviktige fredspolitiske spørsmål og forhold som mange vil kalle for overtru.
Augustin er ein så sentral forfattar i den kulturhistoriske bakgrunnen som vi er ein del av, så eg er glad for at eg kom over Trond Berg Eriksens bok om han. Fint å lese om dei sterke åndelege opplevingane hans (Augustins, altså).
Grundig om naturressursar i Latin-Amerika - og med den vanlege oppdaterte lista over nyheiter frå og fakta om alle landa i dette hardt kvesta kontinentet.
Ikkje alt skal målast i kroner og øre: Her får vi Thomas Aquinas på både latin og norsk! Intellektuelt stimulerande om gresk tenking og kristen tru, om sjølve eksistensen (betre norsk enn "væren"?). Når Nils Heyerdahl har ordna norsk språkdrakt, kan ein glede seg over å følgje med i latinen utan å slå opp så mykje!
García Lorca på norsk, ved Tove Bakke og Ragnar Hovland. Klart og tydeleg på norsk, ja, naturleg og samtidig fin og presis gjedikting. Det beste ville ha vore å ha den spanske teksta ved sida av gjendiktingane, men då ville vel utvalet ha vorte mindre. Her er høgdepunkta i García Lorcas heilt særeigne og engasjerande poesi.
Litterære tekster av fleire forfattarar, m.a. Axel Jensen og Jan Erik Vold), artikkel om krisehjelpslyrikk og om Georg Johannesen. Pluss framfor alt ein artikkel av Olav Angell om Gertrude Stein som eg lærte mykje av.
Cappelen prøvde seg ei stund med tidsskriftet "Basar", open og vennleg i forma. Takk til Alf Cranner ogJan Erik Vold for fin artiklar om Alf Prøysen!
Internasjonal innfallsvinkel her - m.a. har eg gjendikta eit dikt av Mario Benedetti: "Eit latinamerikansk Fadervår".
Stølsheimen, Vossefjella og Vikafjellet har eg aldri gått i, men eg fekk lyst til å prøve området etter å ha lese årboka.
Eg er heilt ueinig med deg. Eg høyrde lydboka i bilen, med Andrine Sæther som opplesar, og eg har hatt problem denne veka med å køyre rett til arbeidet og rett heim etterpå. Éin ting er kompososjonen, som sit som eit skot - kva skjer mellom mora og faren, og kva typar er dei no eigentleg? Dette blir eit spennande prosjekt å finne ut. Ein annan ting er skildringane; så poetiske og friske bilete, så levande og vart fortalt - nei, maken til moderne norsk roman skal ein leite lenge etter! Andrine Sæther lyt ta sin del av æra: Ei lyttaroppleving av dei sjeldne!
Ingen stader er García Lorca så intens, så poetisk, så varm som her.
Temaet er lyrikk - eg har fått plass til tre gjendiktingar av den franske renessansediktaren Louise Labé her. Ein seinare kollega, Knut Gundersen, skriv om viktige kjennemerke ved folkeleg lyrikk, stadig lesverdig.
Ein ung helge Rønning skriv her om Balzac, og Lase Tømte om Wolf Biermann, som er representert med flere dikt. Pluss meir.
Eg har komme ove reit nummer av "Vinduet" frå 1949 (prisen var kr. 1,85 per nr.). Artiklane er så absolutt skrivne til eit breiare publikum enn i dag! Dei er om Dickinson, Undset, Kästner og Nygard - og om "Norges litterære profil i den engelsktalende verden" pluss fleire til om ulike emne. Dikt av Brekke og novelle av Magnus er her òg.
Bindet inneheld "Hippias minor", "Hippias maior", "Euthydemos", "Gorgias", "Menon" og "Menexenos". Den siste dialogen viser vel kor fiktivt det sokratiske universet hos Platon er: Reint kronologisk er "Menexenos" ein absurditet. Men Platon ville det vere uklokt ikkje å behandle seriøst; det er ikkje dei konkrete omstena som er kvalitetskriteria her. Alltid morosamt å møte den sokratiske ironien! Også "Menon", då, med samtale om geometri - eit fint bind, med instruktive innleiingar og notar!
Anten García Lorca skriv om Andalucía eller New York, er dikta hans like klangfulle, like mjuke, like taktfaste, like suggererande. Leve García Lorca!
Strindberg, Solstad og Rushdie er hovudinnhaldet her - for eit trekløver!
Artiklar om Sappfo, Holberg og Njålssoga - og meire til!
Eg har teke vare på jubileumsnummeret (1894-1994) til "Syn og Segn" - mykje snadder: Arne Garborg om Ibsen, Hulda Garborg om Rousseau, karle Evang om psykoanalysen, Olav Rytter om Carel Capek, Bjarne Skard om Henrik bergson, Øyvind Østerud om frantz Fanon, Hans Skjervheim om marxismen og Jon Hellesnes om språk, artiklar frå 1898 til 1985. Ikkje rart at "Syn og Segn" utvikla seg til å bli Noregs beste tidsskrift.