Jeg har Mynt / og er mig selv, Sir peter Gynt.
Nej mange Takk! Jeg støtter Styrken / og laaner Pengene till Tyrken.
MONSIEUR BALLON: De er jo norsk? / PEER GYNT: Af Fødsel, ja! / Men Verdensborger af Gemyt.
Mest jeg gjorde / i negere til Karolina / og Gudebilleder til Kina.
Man skal ej læse for at sluge, / men for at se, hvad man kan bruge -
Jeg er, som jeg Dem før har sagt, / en blot og bar Autodidakt.
Eg har skrive om "Catilina, Konsul Bernick og Hedda - og litt om Nora og Ibsenn i Paris", ein artikkel der eg samla ulike ytringar om Ibsen. Elles er Willy Dahl med, med "'Ukjent soldat' i Norge", og Asmund Lien, trufast bidragsytar, skriv om "Synnøve Solbakken". Hans Erik Aarset skriv om "Nordlands Trompet". Og litt til. No som eg legg inn bøker eg har lese, blir eg minna om at eg ikkje har teke vare på tidsskrift utan grunn ...
Ja, som borgar av eit lokalsamfunn skal ein få lese om det lokale: baptistmenigheita, jul i gamle dagar, det fyrste toget, det skotske fotballfantomet John Mair - og mykje, mykje meir. Bra! Men behovet for språkkonsulent er stort.
Lokalhistorie, dette: båtar på Mjøsa og Ole Hannibal Hoff. Og vår eigen eidsvoldsmann Lauritz Weidemann. Pluss både det eine ogdet andre frå Toten og Gjøvik.
Om dei politiske og sosiale endringane i Venezuela. Innhaldet i deier viktigare enn den forma som Chavez kommuniserer dei i (mange massemedium ser omvendt på dette - og det lyt det vel vere ein grunn til?).
Ei av dei aller, aller, aller sterkaste bøkene som eg har lese! Eg høyrde heilt tilfeldig eit intervju i radioen med Åsa Linderborg og sa til meg sjølv at denne boka skulle eg ha - på svensk. Så kjøpte eg boka i Stockholm og vart klistra til forteljinga om Åsa og far hennes. Ja, slik er det. Ikkje det at familiebakgrunnen min har hatt den minste snev av alkohol og skilsmeisse - nei, det er klassebakgrunnen som sit i ryggmargen, det er klassebakgrunnen og den uromantiske stoltheita over å komme frå arbeidarklassa som Linderborg skildrar, så ein berre lyt lese, lse og lese. Ho gir stemme til så mange av oss.
Interessant samtidsroman, dette òg.
Dette er vår samtid. Det er bøkene om Kristin Lavransdatter òg, og Undset skriv betre. Men nyttig innlegg i samtidsdebatten!
To artiklar om Cora Sandels romanar (Steinar Gimnes og hans Erik Aarseth) er vel dei nyttigaste her, men også Margaret Drabble (Ruth Sherry) og George Sand (Sissel Lie) er behandla. Og Kari Christensens "'De fem bud'. Om den normative metode for kvinnelitteratur" vekkjer til live gode diskusjonar frå denne tida. Glad eg tok vare på Unitekst.
Om irsk litteratur, og om "Wuthering Heights" (Hans Erik Aarseth om narratologiske aspekter ved "Wuthering Heights"). Og om verdien av litteratur i språkundervisninga. Pluss min eigen artikkel om Shakespeares "King Lear": "From King to Man: Social Aspects of Shakespeare's 'King Lear'". Med skrivemaskin.
Sikkert den vakraste av alle årbøkene - for nokre fotografi! I tillegg artiklar om og art over eit flott turområde. Jo, eg får lyst til å gå i Sylan! Pluss stoff om antifascistisk arbeid i området og historie: Carl XIIs soldatar gjekk her - og gjekk til grunne òg ...
Litteraturinteresserte ved Noregs Lærarhøgskule og Universitetet i Trondheim fekk i 1976 eit forum: Unitekst. I nr. 2 boblar det over av godbitar: Willy Dahl om Ivar aasen, Steinar Gimnes om Olav Duun, Arnold Dalen om Olav Duun, Kari Johanne Dalen om Olav Duun, Asmund Lien om litterære lån i "Revolusjonens røst" (så interessant!) og Øystein Tjora om "Kjærleikens ferjereiser". Artiklar som gir meining, er dette. Pluss meir til.
Ikkje til å komme utanom i vår åndshistorie. Reidar Aasgaard har omsett verket. For ei bragd!
Eg las boka fyrste gongen for mange år sidan, og i år høyrde eg radioteaterversjonen som lydbok; også radioteaterversjonen har eg høyrt tidlegare. For eg er fascinert av denne boka, og kanskje særleg av lydboka: hallodama har så fin stemme som passar så godt til stemninga – for ikkje å snakke om musikken. Spennande, spennande er dette; det passar så godt til mottoet ”mystikk og mørke gjerningar”. Honnør til Radioteateret!
Boka med taler og vedtak på Sovjetunionens kommunistiske partis kongress i 1986 inneheld interessante perspektiv på dei siste åra før samanbrotet. Det kan ikkje vere sant alt som står der om økonomisk og sosial framgang innanfor rammene av 1980-åra, nei.