Den absolute Fornuft / afgik ved Døden iaftes Kl. 11.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Bokklubben byrja for mange år sidan å gi ut ein serie med noveller frå forskjellige land: "Perler i prosa" (norske), "Amerika forteller", "Frankrike forteller", "Spania forteller" og mange, mange fleir. Desse bøkene er sikkert å få på biblioteket.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hugs at "Jenny" er dramatisert - i NRK for 25-30 år sidan, med fine bilete frå Roma. Ja, ei flott bok!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

PEER GYNT: [...] Hej, Bøjg, hvem er du? EN STEMME bag Sfinxen: Ach, Sfinx, wer bist du? PEER GYNT: Hvad! Ekkoet bryder paa Tydsk! Mærkværdigt! STEMMEN: Wer bist du? PEER GYNT: Det taler jo Sproget færdigt! Den Observation er ny og min. (noterer i Bogen) 'Ekko paa Tydsk. Dialekt fra Berlin.' (Begriffenfeldt kommer frem bag Sfinxen.) BEGRIFFENFELDT: Et Menneske! PEER GYNT: Naa; det er ham, som prater. (noterer igjen) 'Kom senerehen till andre Resultater.'

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Verbal flamenco blir det ikkje av desse reiseskildringane - litt kjedeleg, rett og slett, endå Notaker byr på både ein moderne barber i Sevilla og andaluciske kvinner etter Carmen. Tørre som solbrent andalucisk jord er enkelte delar av stoffet, litt meir poetiske er andre. Og takk for kapitlet om Federico García Lorca!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På norsk: Borgen, Vesaas, Askildsen, Vik, Nedreaas og Kielland. På engelsk: Somerset Maugham, Joyce, Conan Doyle og Hemingway. På fransk: Flaubert og de Maupassant. På russisk: Tsjekhov. På spansk: Cortázar, Rulfo og Monterroso.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

For å nå måla fred, nedrusting, konfliktløysing og avskaffing av fattigdom, er tverrpolitisk mobilsering nødvendig. Boka er nettopp uttrykk for dette. Ja, det er ikkje mindre enn oppfylling av SNs tusenårsmål som er målet for arbeidet til entusiasten Knut Vidar Paulsen. Bidraga kjem frå fleire retningar, frå Olemic Tommessen og Jon Lilletun til Jonas Gahr Støre og Hallvard Bakke. Her er dei samla, frå ein luthersk prest til humanetikarar, i eit felles ønske. "Etikk før butikk," skreiv Lilletun. Måtte han få rett!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Forfattaren, kritikaren, gjendiktaren og kulturarbeidaren Martin Nag, dette gode mennesket frå Rogaland, vart til syttiårsdagen heidra med eit festsskrift, der gratulasjonslista viser at han har venner langt ut over dei som er einige med han i eitt og alt. Boka er symptomatisk nok gitt ut på Kvekerforlaget; Nag har lyft historia til denne rørsla fram i lyset, som eksempel på åndsarbeidet blant dei låge i samfunnet. Her står det mykje om dei - lokalt, ja, men i eit allment og større perspektiv. Så produktiv han har vore, og er det framleis, 83 år ung. Gjendiktingane frå slaviske språk kan eg ikkje uttale meg om kvaliteten på, men det som han skriv om norsk og russisk litteratur, ser eg har ein fruktbar innfallsvinkel: intertekstualitet, parallellar og kontrastar. Det er kulturell økologi, dette, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Fagleg mest verdifull for meg er kanskje studiet av forholdet mellom Ibsen og Tsjekov. Saman med dagboksnotata i lyrisk prosa blir denne boka til det ho annonserer i undertittelen - eit fest-skrift!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den historiske utviklinga har støtt interessert meg. Her får vi ei innføring, i det minste.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skal du ha om kjendisar, bør du velje Eduardo Galeano og Mario Benedetti. Ikkje vanskeleg å finne stoff på Internett om dei to karane.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det var nå mest så du ikkje skulle seie noko feil. :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Han.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Når det gjeld skjønnlitteratur: Les Mario Benedetti - særleg "La tregua" ("Nådetid" på norsk).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne gongen har eg konsentrert meg om komposisjonen: Herrmann har ei fst og logisk oppbygging av kapitla sine. han går fram og tilbake i tid, han går frå det allmenne til det spesielle - oppsummerer og går vidare, tek ein detalj her og ein detalj der, men alltid som ledd i heilskapen. Han viser oss mordaren, kva som driv han (ja, det er ein hann) og kva som er fortid, kva som er notid og kva som blir framtida (jo, det soste er galgen). Glimrande!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har kjent Martin i snart førti år. Eg har mange bøker av forfattarar som eg kjenner, og i slike tilfelle går eg ikkje alltid så detaljert ut om kva eg synest (og ofte har eg ikkje tid til å vere grundig overfor forfattarar eg ikkje kjenner, heller). Elles oppfattar eg ikkje bokelskere.no som den staden der ein treng å omtale verka så veldig grundig dersom ein ikkje ønskjer det. Som regel skriv eg inn dei tankane som eg hugsar at eg sat att med då eg var ferdig med ei bok. Denne boka her lider under mangelen på ei samanhengjande framstilling; det blir, som så ofte elles hos forfattaren, glimt. Så den som er ute etter grundigare forsking på området, lyt finne andre kjelder. Likevel er her meir enn nok ¨å ta av av sitat frå norske og russiske forfattarar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så pedagogisk! Forfattaren har laga eit grundig register slik at vi lett kan finne fram til språkleg kommentar til ord og uttrykk i den greske originalteksta. Alle forklaringane er tydelege, så boka kan lesast frå perm til perm berre som kos, og ho kan nyttast under arbeidet med tekstene i Det nye testamentet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ikkje klarer eg, i alle fall, å lese Det nye testamentet på gresk utan hjelp frå denne språknøkkelen. Opplysande forklaringar, rett og slett.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kulturkonakt opnar dører. Her har Martin Nag skrive om om russisk og norsk litteratur: Om mottakinga av den russiske realismen i Noreg og om mottakinga av den norske realismen i Russland. Så fint - tittelen, "Gjenklang" slår an tonen, for her er slektskap, her er gjensidig inspirasjon. Hamsun og Dostojevkskij, Ibsen og Turgenjev - og fleire: Tolstoj, Tsjekhov, Gorkij, Blok o.a. av dei russiske, og alle våre eigne, frå Elster til Falkberget. Realismen i dei to landa har utvikla seg i dialog! Nag viser oss eit utdrag frå ei dagbok her og frå eit brev der - ja, t.o.m. artiklar skreiv dei om einannan, nordmennene og russarane. Hamsun er eit kapittel for seg, her som andre stader.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tittelen er ikkje så verst, gitt: ”Frå palass til polis.” For det var den vegen det gjekk, frå den mykenske palasskulturen til den greske bystaten. Dei tolv artiklane i boka prøver å gi svar på – eller i det minste stimulere til diskusjon om – årskane til og innhaldet i denne utviklinga. Arkeologien får stor plass, men også litteraturen. Best liker eg Øivind Andersens avsluttande bidrag om palasstida som tidas spegel – ”Theseus og athenernes forestillinger om fortiden”. Men Dag T.T. Haug, som har så lett for språk og får høve til å arbeide med dei på høgt plan, skuffar. Ikkje det at ”Skrifter og skriftbruk i palass og bystatar” ikkje er klok og innsiktsfull nok, men når artikkelen byr på feil etter feil i norsken, lyt det vere lov å rynke litt på nasen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette bindet, frå perioden mai 1901 til februar 1902, inneheld ei kjernetekst for den som vil studere den leninske strategien for samfunnsendringar i Russland: "Kva lyt gjerast?"

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

AnnaHarald KOle Jacob OddenesYvonne JohannesenKirsten LundGrete AastorpLyriaEgil StangelandBjørg Marit TinholtBjørg L.Ellen E. MartolAnneWangTove Obrestad WøienTatiana WesserlingJulie StensethMarit HåverstadmarvikkisVannflaskeAmanda AEli HagelundAud Merete RambølTanteMamieEivind  VaksvikSynnøve H HoelLene AndresenLilleviPiippokattaPär J ThorssonTor-Arne JensenEmil ChristiansenAvaAkima MontgomeryFrode Øglænd  MalminSigrid Blytt TøsdalAnne Berit GrønbechHelena EMads Leonard HolvikPirelliArvePer Lund