Interessant kombinasjon, det der. Klarer du det?
Fint. Eg har lese 32 av desse.
Så "The Old Curiosity Shop" har gått i fjernsynet? Dette er eit medium som eg mest kjenner av omtale, så derfor går eg glipp av mange godbitar. Eg har oppfatta at Dickens' "Oliver Twiat" og Austens "Emma" går no i jula, men elles er det visst mange høgdepunkt som eg ikkje får med meg ...
Einig. Ein biogrsfi som viser livet til Ibsens, det er jo det som ein biografi skal gjere, og samtidig med perspektiv på diktinga hans. Tittelenn- eit sitat frå Ibsens siste verk - er talande.
Oliver Twist og David Copperfield.
Eg har vore gjennom skodespel og dikt og ein god del brev før, men no tek eg diktarkongen gjennom Aschehpugs "Henrik Ibsens skrifter", der det òg, som du veit, er kommentarbind. No er eg snart ferdig med nr. 5. Eg kjem derfor ikkje til å følgje deg og dei som du får med deg, i det tempoet som de legg opp til, men eg kjem nok til å kommentere og diskutere der det passar. God lesing!
Vidare i Spania (bakover mot dei høgdepunkta eg ikkje har lese enno), "Henrik Ibsens skrifter", Platons "Samlede verker", Mario Vargas Llosa (dei eg ikkje har lese av han), religionsvitskap og amerikansk historie. Dessutan spansk grammatikk, italiensk grammatikk, italiensk litteratur (Pavese), russisk grammatikk, russisk litteratur (Pusjkin). latinsk grammatikk, latinsk litteratur (Vergil) og gresk (Iliaden og Markus-evangeliet). Og så lyt det vel bli litt moderne norsk og Shakespeare. God lesing!
Eit nytt konlomerat: dikt, essay, srtiklar - vidareføring av tidlegare drypp og artiklar om kvekarane, Lars Hertervig, Henrik Ibsen (stadige presentasjonar av artiklar og teikningar signerte den unge Ibsen - så fint!) - også om John Reed i Noreg, om Hans Skjervjeim, om Russland i Hamsuns dikting. om ..., om ... - mykje smått og mykje stort. Eg ville ha vore fattigare utan.
Einig med deg! Eg har inntrykk av at Hermann gjer meir enn å kompilere; han samlar stoff, men gir det si eiga, personleg prega og ikkje minst levande utforming. Eller "gjorde", "samla" og "gav", då - han døydde for ei tid sidan. Å høyre han igjen vekkjer, som du seir, minne.
Aa, Sludder; Blodet er aldrig saa tyndt, / en kjender sig altid i Slægt med Peer Gynt.
Tiden tærer og Elven skjær. / Gaa udenom, sa'e Bøjgen; en faar saa her.
Vi vil ej granske Hjerter eller nyrer; / det er ej Hverv for Støv, men for dets Styrer; - / dog fri og fast det Haab jeg taler ud: / den Mand staar knappt som Krøbling for sin Gud!
"Strindberg i russisk åndsliv" - ei vidareføring av tidlegare studiar av Ibsen og Hamsun i åndslivey der aust - innleier denne samlinga med lengre, samanhengande tekster. Også Brandes som formidlar mellom skandinavisk og russisk kultur for omfattande behandling. Vidare ser Nag på Södergran og russiske modernistar før han lyfter fram russisk litteratur tett før 1917. Heldige er vi som kan ause av dette! Interkulturalitet i praksis!
PEER GYNT: Vig fra mig, Skræmsel! Pak dig, Mand! / Jeg vil ej dø! Jeg maa iland! / PASSAGEREN: For den Sags Skyld vær uforsagt; - / man dør ej midt i femte Agt.
Har akkurat sett meg ved datamaskina for å leggje inn "Tante Pose" - VIL rekkje denne boka denne jula her!
Her var det 32. Prisverdig tiltak av deg, dette (men vi er vel no inne i tredje del?).
Hendig, praktisk og informativt om Pergamonalteret, tysk arkeologisk tjuvgods på museum i Berlin. Instrktive bilete av mange av detaljane på det digre alteret. Akkurat passe som innføring!
grundig her - heldigvis - om både Aleksandra Kollontaj og Jens Bjørneboe, og også i artiklar om litteratur, henta frå ulike aviser. Bra, dette, særleg sidene med "ukjende" artiklar som Ibsen skreiv i unge år, pluss det utfyllande stoffet om Bjørneboe.
The world is full of abandoned meanings. In the commonplace I find unexpected themes and intensities.