Ikkje tru at eg har alt dette i hovudet, men ettersom eg også har kommentarbinda i HIS, kan eg slå opp der (.s 645): Ja, det er Håkonshallen i Bergen som Ibsen skriv om. Eg er einig med deg i at vi her finn referansar og konnotasjonar til "King Lear"; det er berre den yngste dottera, Cornelia, som ikkje hyklar overfor kongen, og Lear har med ein narr, ja. Her blir det visst sikta til eit midlertidig tak som i 1745 vart lagt over hallen. "Albions drot" er Englands konge; "Albion" er eit gammalt namn på Storbitannia (eg kan ikkje så mykje gælisk, men "Alba" er gælisk for "Skottland"). "Sønne-røst" har verken HIS-kommentarane eller eg noko svar på.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette at personane døyr til slutt (jf. at ein ikkje døyr midt i femte akt, som det står i "Peer Gynt"), er typisk for fransk klassisisme (1600-talet). I antikken blir det meir ei løysing der ein gud grip inn, men også her skjer dødsfall på slutten. Ja, Ibsen vekslar rimtype. hos Shakespeare var det enderim som fungerte som stikkord: ei scene var slutt, og ein ny rollefigur skulle inn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vakker bok, interessant prosjekt, men overflatisk og noko søkt enkelte stader, kanskje? Innføring i greske mytar i personleg form. Det ligg nok mykje arbeid bak denne serien, skulle eg tru. Og radioserien klarer sikkert å gjere mytestoffet kjent blant fleire enn dei som kunne det frå før? Dessutan: Gamle mytar i møte med moderne tekster er læreplanstoff i Noreg i dag ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ut frå det som eg har lese, kan det verke som om jenter ikkje fekk slike tilnamn, men dette skal undersøkast! Men Catilina heitte han nok frå fødselen, ja.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jo, eg er delvis einig her, men eg synest at det er godt å ha ei omfattande framstilling. Det finst framstillingar asom er tydelegare og klarare enn denne, og eg er ikkje einig i den positive framstillinga av trotskistar og anarkistar som eg synest at forfattaren står for. Men for eit oppslagsverk!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei bok av ein klassekamerat, om vanlege menneske frå Vestoppland som vart trekte inn i kampen mot fascismen. Størst inntrykk gjer forteljinga om ein todlegare lærar, Knut Romann-Åas, ein av dei to siste dødsdømde som vart frigitt frå Akershus festning i mai 1945. Men dette er inga framstilling me dflyt og samanheng, langt mindre med god syntaks og språkbruk. Grundigare gjennomarbeiding ville ha gjort seg - for å lyfte kvardagsmennska fram i lyset slik dei fortener.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Boka om gymnaslærar Pedersen er, som du seier, i alle fall slik eg ser det, inga bok som fyrst og fremst handlar om maoismens vekst og fall. Ingen stor (Solstad vart etter kvart stor) forfattar nøyer seg med slikt. Wg er einig i at dette er ei tragisk bok, fordi det er ei bok om desillusjon, fyrst og fremst dsillusjon.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Boka om norrøn syntaks kom fyrste gongen ut i 1906, og så trykte Aschehoug henne opp att seksti år seinare, til stor glede for oss som har den same glade holdninga til norrønt som forfattaren - som forresten også er medfofattaren av den store latinske ordboka, i ei tid då rektorrolla gav rom for fagleg arbeid. Det er berre å gi seg over for alle eksempla - og systematiseringa av dei!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I en aarrække har jeg med forkjærlighed beskjæftiget mig med norrøn syntax.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mange fodboldglade italienere [...] mener stadig, at Italien vandt sit tredje VM (Spanien 1982) takket være holdets læge, den legendariske doktor Vechiet. Doktoren foreskrev spillerne en sund kost, der krævede minndst 350 g vin om dagen på trods af den spanske julivarme. Vecchiet hørte til den gamle skole, der betragtede vinen som den sundeste drikkevare, næsten en medicin og et middel hvormed man kunne forsone sig med livet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I Vatikanstaten synes det mest brugte vinordsprog at være: 'Fa piú miraculi una cantina piena di vino che una chiesa piena di sant.' - 'En kælder fyldt med vin laver flere mirakler end en kirke fyldt medhelgener.'

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Få grammatikkar er så tydelege, så strukturerte og så fulle av illustrerande eksempel som Ragnvald Iversens norrøne grammatikk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja - eg byrja ikkje på Narnia-bøkene før eg var meir eller mindre vaksen, kva no dette måtte innebere, men eg merkte meg kor levande oppteken dotter mi var av dei og av BBC-versjonen. Så no som ein ny runde med filmar er i gang, les eg bøkene før eg ser filmane - saman med henne som tente Narnia-gnisten i meg. Så no er eg ferdig med "The Voyage of the 'Dawn Treader' som både bok og film. I påvente av "filmelskarar.no": Eg synest ikkje at filmen er så dårleg som enkelte kritikarar skal ha det til; dette er jo ein barnefilm, og eg synest det er interessant å sjå korleis moderne filmteknikk utnyttar dei moglegheitene som ligg i boka. Reint litterært ligg bøkene milevis etter "Lord of the Rings", men "The Votage of the 'Dawn Treader'" har ein bodskap det er verd å ta med seg: La ikkje frykt overmanne deg, og lengt ikkje etter å bli nokon annen enn den som du er!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Edmund shook his head. 'And it isn't like that,' he added. There's nothing particularly exciting about a round world when you're there.'

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Most of us know what we should expect to find in a dragon's lair but, as I said before, Eustace had read only the wrong books. They had a lot to say about experts and imports and governments and drains, but they were weak on dragons.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Verbet "kogle" tyder "fortrylle", "forhekse" (Norsk riksmålsordbok).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den aller eldste boka i samlinga mi, frå 1863. Boka har eg fått av ei venninne av kona mi, fordi eg ville ha meir bruk for henne (boka) enn ho (venninna). ja, det er sant. Imponerande korleis dei laga ordbøker, desse karane (jo, berre karar) før tekstbehandlingas tid!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For ein som tok hovudfag i nordisk med norrønt språk som eit av særemna, var det sjølvsagt å leggje opp denne artikkelsamlinga av professor Alfred jakobsen. Vi var så få studentar at førelesingane skjede på kontoret hans på universitetet i Trondeheim.Han hadde ein lun måte å formidle kunnskap - og for ein kunnskap! - på, og her har han samla studiar om Eda, handskrifter og andre emne. Lykkeleg er den som har studert norrønt språk under Jakobsens kateter og som kan ta vare på minnet om han fordi denne artikkelsamlinga enno står i bokhylla!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Grei oversikt over islandsk, færøyisk, norsk, dansk og svensk i fortid og notid. For meg var dette pensumdå eg studerte nordisk; i dag, då den gjensidige kontakten og forståinga er på retur, burde boka vere obligatorisk innslag i fdrn borgarlegr og kyrkjelegr konfirmasjondundervisninga.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei av årsakene til at denne nettstaden er så populær, er vel at han gir rom for både deling av lesegledar og individuell organisering av eiga lesing. Måten kvar enkelt gjer dette på, bryr eg meg ikkje om, for vi er ikkje like på den måten. Om nokon vil opprette ei liste og fylle på etter kvart, bør vere deira sak. Derfor får vi både listrer om kva som blir lese i 2011, om kva som er kjøpt på loppemarked eller som er julegåver i 2010 saman med lister av meir tematisk karakter. Ein del av arbeidet med å organisere lesinga har tydelegvis ikkje offentleg interesse, og det synest eg er heilt i orden.

Godt sagt! (15) Varsle Svar

Sist sett

marvikkisHeidiPer LundKirsten LundTurid KjendlieMariannelittymseAnne Berit GrønbechTor Arne DahlHanneMads Leonard HolvikMcHempettIngvild SAlice NordliPiippokattaNorahChristofferBeathe SolbergBeaKareteIngunn SVannflaskePernille GrimelandOleL. SeljeliKnutMRisRosOgKlagingTone HellinoronilleCathrine PedersenTorill RevheimDemeterAnn Helen EMarit FagernesAlexandra Maria Gressum-KemppiEivind  VaksvikTove Obrestad WøienLena Risvik PaulsenKjell F TislevollHelena E