Sterkt, sterkt, sterkt om autoritetane - og dobbelt så sterkt, sterkt, sterkt fordi det er ei kvinne som kjempar kampen.
Ja, så klart! At det går an å ikkje nemne Tiller, då! Bøyer meg for deg!
Men skal du utanfor romansjangeren, bør - må! - du absolutt ta Ibsens "Gjengangere"!
Hanne Ørstavik: "Tiden det tar". Glimrande roman.
Ja, men eg er meir imponert over måten forfattaren skriv på enn av tankane hans om det vondes plass i oss. I ungdommen las eg boka opp att og opp att - ho fengslar!
Om hinduismens gud for yoga og askese. Representativt utval med tekster som kastar lys over guddomen, han med fire armar, som sit i yogastilling.
Eg har vore der - og skjønner han så godt!
Heilt einig! Byrja å lese latin for meg sjølv mens eg gjekk på engelsklinja og heldt fram etterpå. Dette har hjelpt meg mykje med fransk, spansk, italiensk og portugisisk seinare - pluss at det er så fordømt morosamt. I dag kan ein jo lettare studre latin og gresk i håp om å kunne bruke det til noko å leve av; slik var det ikkje då eg skulle velje fag. Stå på!
Eg las boka på italiensk, og eg er heilt einig med deg. Tydeleg at forlaga spelte op suksessen med "Il nome della rosa". Likevel hadde ho enkelte artige innslag.
Ja, det var jo dette eg prøvde å formidle, då :-)
Grundig om eit smalt emne: ordlån i norrønt, nærmsre bestemt mest om korleis latinske ord i etiskmoralsk litteratur vart brukte i omsetjingar til norrønt. Systematisk og nøyaktig arbeid, med omfattande register. Artig å kunne fordjupe seg i noko litt spesielt!
Latin blir ein vel aldri utlært i, men eg har eit semesters studium (der eg m.a. la opp Catullus) og har drive relativt mykje med språket, ja. Etter ein pause er eg no i gang med "Æneiden" og litt grammatikkrepetisjon.
Nei, poenget var at kommentatoren tenkte at enkelte lesarar kunne komme til å ta dei tusen og dei hundre og dei nye tusen kyssa bokstavleg, så han skreiv at Catullus og Lesbia naturlegvis ikkje talde kvart enkelt kyss. Så livsfjern går det altså an å bli. Lykke til med latinen!
Du tek opp interessante ting her. Eg trur ikkje at den lite gudfryktige Ibsen dømde Catilina til noko som skulle tilsvare eit kristent dødsrike. Romarane hadde, som du seier, arva mykje gresk på dette området - som Tartaros (den nedste delen av dødsriket, der Hades herska) og dei elyseiske slettene (tilhaldsstaden for dei sæle sjelene). Skiljet mellom Tartaros (Tartarus på latin) og Elysion (Elysium på latin) var vel ikkje heilt som mellom himmel og helvete, men kanskje heller som mellom Helheim og Valhall? Todelinga er i alle høve eit interessant felles trekk mellom mange kulturar, men med lokale utformingar. I HIS-kommentaren til "Catilina" sår det likevel om den replikken som du siterer: "I det hinsidige går foprbryterne den ene vei, til venstre, til de fortaptes Tartarus, dødsrikets dypeste avgrunn; den andr eveien leder til Elysium." Så her får du støtte, ser det ut til. Elles, når eg no har bladd i "Catilina", ser eg ein del parallellar til kristen tenking.
Fin bok, dette, men berre til absolutt minimumskunnskap om antikken. Derfor heldigvis veldig presist utforma og med mange kryssreferansar, lærerike tabellar og ein del illustrasjonar.
I ei gammal, tysk kommentarutgåve skal det ha stått: "Sie zählten natürlich nicht."
Pent hefte om vinkultur ved Middelhavet frå antikken til i dag - men også om då vinen kom til Danmatk, med tilhøyrande oppskrifter. Pene fotografi og andre illustrasjonar, og riktig variert innanfor temaet vin, heldigvis avgrensa, stort sett, til området rundt Middelhavet.
Kva slags bok er dette?
Ibsen har vel dikta si eiga vakling inn i Catilina, som ikkje blir nokon tragisk helt verken i Ibsens eller mine auge, men den unge diktaren må nok ha sympatisert med opprøraren Catilina. Catilinas vankelmodige karakter, som frå starten av ber nederlaget i seg, har ikkje livets rett (men romarane kom ikkje ut for nokon dom etter døden).
Lærerik bok om grunnleggjande morfologi og syntaks. Og etter elementærstoffet inneheld boka myten "Amor og Psyche" på latin.