Nuvel - hvad så, om jeg er kommunist, / du tranmælit og han er socialist? / For frender, frender er vi dog til sist.
Vi er av samme ætt. Og samme kår. / Vi høster alltid mindre enn vi sår, / så lenge det er fienden som rår.
Absolutt overbevisande om Jack the Ripper-saka, vil eg seie. Uhyggeleg, rett og slett.
Inverness, Fort William, Loch Ness og Ullapool er blant dei stedene som blir presenterte, særleg gjennom fotografia til Norman Newton. Ikkje rart at ein nordmann kan forelske seg i dei skotske høglanda - så likt, og samtidig så forskjellig fr, den norske naturen. Grønt i alle moglege variantar.
om du sier at du slet dig op fra bare visergutten / det får andre også gjøre som vil op - / det er slutten, kjære venn, ja det er punktum for disputten. / Du er avdød, skjønt du spreller med din kropp.
Kan du aldri øine stjernen over vanens ulne tåke, / den som skinner mot vårt drømte, nye land - / å da duer du til intet. Bøi din nakke under åket! / Ut i samfundssumpen, pløi den rand for rand.
Men du vil også skjønne, kamerat, / at gjennom denne skapende fabrikk / går veien til vår drømte, nye stat - / vårt arbeids republikk!
Passe innføring om Bernini, med illustrasjonar som viser høgdepunkta i produksjonen hans. Og han var stor! Kunsthistorie utgjer ein altfor liten del av allmenndanninga her i landet ...
Å, så pen ei bok, om den midtre og søndre delen av dei ytre Hebridane. Vekkjer til live minne frå ein fin tur med buss og ferge nedover øygruppa - vennlege folk og gælisk språk og sol og skumsprøyt. Det siste ser ein ikkje så mykje av på dei fantastiske bileta i boka, men likevel: Så vakkert, så vakkert - ja, kanskje restane av det harde husmannslivet framstår som noko idylliske i solsteiken på bileta, men det får så vere, i denne omgang. Forlaget Pevensley lagar dei beste resehandbøkene av dette omfanget!
Ei fantastisk bok om den nordre delen av dei ytre Hebridane, med fjordar og bukter (med verdas nest finaste sandstrender, men med akk, så kaldt vatn), med byen Stornoway og haugevis av minne frå vikingtida og eldre tider, m.a. Callanish-steinane. Liste over stadnamn bak i boka viser norrønt opphav til svært såmange stader. Fotografia er så vakre, så vakre (men solskinsdagane er noko overrepresenterte samanlikna med realiteten).
Ettersom eg i løpet av året kjem til å ta "Krig og fred" som lydbok, er eg glad for at eg òg kan ta med meg ein filmatisert versjon. Takk for rådet! Det var god tid ein skulle ha hatt, særleg når folk skriv så lange romanar ...
Eigentleg liker eg ikkje å lese omsetjingar til engelsk av bøker som opphavleg er skrivne på russisk, men utgåver på norsk fann eg ikkje, og i original tek dei for lang tid. Så: Greitt nok. Og språket gløymde eg snart; skodespela i seg sjølv vart det viktige her. Fine kontaktpunkt mellom Ibsen og Tsjekhov, ja! Men Tsjekhov står på eigne bein. Best likte eg "Kirsebærhagen", om undergang og varsel om noko nytt.
Under Arc de Triomphe lå en ukjent soldat. / Han snudde seg ikke. Han var vel for lat. / Og hadde så ofte hørt lignende prat.
For å nøies med å lengte / er det somme ikke kan.
Ja, selv om jeg går skoa av mig / så får du få en boa av mig!
Så ung og vakker har jeg aldri sett dig før / som nu du står og stirrer inn i bålets glør. // [...] // Men jeg må bære mere ved, så ilden ikke dør ... / Så ung og vakker har jeg aldri sett dig før.
Husa som Shakespeare-familien budde i er emnet for dette velsle heftet med akkurat nok informasjon, for litteraturen er no viktigare enn husa. Solskin på alle bileta, men solskin var det òg den dagen eg var der. Familietreet til diktaren er òg med, det genealogiske, altså - hagen ved huset han vart fødd i, er full av andre, koselege tre, som nok har levd lenger enn syskena og barna til William.
Etter min mening, sa jeg, oppstår en stat fordi ingen av oss er seg selv nok, men fordi vi trenger hverandre.
Fint at du set "døde" i sitatteikn: Når eg arbeider med eit språk, føler eg at det lever; det lever på ein måte når eg bruker det, dvs. arbeider med å forstå kva som er skrive på det. Eg liker derfor betre å operere med kategoriane "klassiske språk" og "moderne språk". Elles er vel boka grei i klassa for populærvitskap og som introduksjon, men eg liker best lingvistisk litteratur som går grundigare til verks enn dette.
Foto, teikningar, kart, måleri og verbaltekst portretterer den vesle skotske øya Iona, så full av mytar og historie. Frå blomar og sauer til keltiske kors og kloster med mjød. Alltid Iona - med minne på på minne. Så roleg og så heilag. Heldigvis har eg boka å bla i.