Delvis eit førebilete pedagogisk sett, delvis svært uklart.
Ein av våre største målarar, Thorvald Erichsen - og Per Bjarne Boym viser i artikkelen sin korfor. Lillehammer, Gausdal, Rondane og Holmsbu - stader som òg betyr noko for meg - går att i motiva hans. Interessant grønfargebruk i landskapsbileta; elles vakre raudfargar.
Har du prøvd eller eier du ett selv (i såfall hvilket og ville du anbefalt det for andre bokelskere)? NEI
Eller kanskje ønsker du deg ett NEI eller absolutt ikke kan tenke deg å ha ett? JA Hvorfor? BRUKER NOK TID FRAMFOR SKJERMEN Hva er fordelene og ulempene ved dem? ANER IKKJE. GODT FORNØGD MED BØKER SLIK DEI ER.
Har lanseringen av Bokskya hatt noe å si for din del? NEI
Grundig om norsk frå indoeuropeisk til mellomnorskens undergang. Og forfattaren gjer seg best på trykk; eg kan hugse ei førelesing der han las høgt frå denne boka, så eg kom ikkje att, men las like godt på eiga hand. Dette var forresten slik førelesingar kom i stand; studentane ved Universitetet i Bologna hadde ikkje bøker, så dei bytte på å lese høgt for einannan. I 1970-åra hadde vi bøker alle saman, og timane kunne ha vore organiserte på ein annan måte.
Dette har kjellk ein veldig fin tråd om: http://bokelskere.no/tekst/84126/#a_93203
Ja, livet har fleire fasar (utan at lottopremien og hushjelpa har dukka opp enno). Eg har lese mykje om Sigrid Undset og ønskjer meg, ut frå skildringane av det gode borgarskapet, "pike" i huset, til å lage mat og gjere reint, slim at vi kan lese meir ...
Takk! Tid er eit større problem enn språk ...
Eg er så mange stader: Etter middagen set eg meg ned og les litt i "Lo dicho" (idiomatiske uttrykk i spansk), Thomas Manns "Buddenbrooks", Platons "Samlede verker" (er no i bd. VI) og "Henrik Ibsens skrifter" (for tida i "De unges forbund"). Etter ei økt med førebuing til neste arbeidsdag (der eg som regel ser på norskbøkene "Grip teksten 1" og "Signatur 1" og spanskverket "Mundos nuevos 2" og det kjedelege engelskverket "Tracks 1"), les eg Mario Vargas Llosas "Travesuras de la niña mala", Mester Eckerhardts "Å bli den du er", "Klassisk litteraturteori" (av Eiliv Eide, Atle Kittang og Asbjørn Aarseth), Ane Hoels litt banale, men lesverdige "Hvorfor Ibsen?" og Odd Arvid Storsveens fantastiske Wergelandsbiografi "Mig Selv". Altfor mykje er dette, særleg når eg i tillegg driv med Dario Fos skodespel om ein anarkists tilfeldige død og Thomas Manns "Tonio Kröger", som eg ikkje vart ferdig med på siste utanlandstur. Kvar måndag driv eg med Markusevangeliet på gresk, kvar tysdag Vergils "Aeniaden" på latin, kvar onsdag Pusjkins "Spardame" på russisk, kvar torsdag og fredag Cesare Paveses "La bella estate" på italiensk og kvar laurdag og sundag spansk grammatikk. Ja, dette blir mykje ("In der Beschränkung zeigt sich erst der Meister"), men det er da så artig ... I bilen høyrer eg på Sigrid Undsets "Korset".
Kanskje den beste boka innanfor religionsfilosofi som eg har lese - om forholdet mellom tru og fornuft opp gjennom historia. Forfattaren er både pater og professor og veit kva han skriv om. Kva eg sjølv meiner - eller trur! - er uinteressant i denne samanhengen; det som eg beundrra, er den tvers igjennom saklege og samtidig sprudlande framstillinga av emnet. Hadde alle diskusjonar om tru og fornuft halde seg på dette planet, ville verda ha vore ein rolegare (i både den svenske og norske tydinga av ordet) stad.
Forfattaren følgjer den kunstnarlege utviklinga til Beato Angelico (1385-1455) - med verka i San Marco og San Lorenzo i Firenze som høgdepunkta. Fine illustrasjonar og opplysand etekst. Tidleg renessanse, dette - og så nydeleg, så nydeleg.
Grundig religionsvitskapleg arbeid er ikkje denne boka, men det er heller ikkje meininga. Forfattaren har skrive eit essay i grenselandet mellom religions- og kunsthistorie, om den svarte madonnaen - dvs. kunstnarlege framstillingar av jomfru Maria med svart hud. Ho undersøkjer om denne framstillinga kan representere ei utviding av det tradisjonelle biletet vi har av Maria. Boka har mange illustrasjonar som viser den svarte madonnaen.
Det er historie over Edinburgh Csstle, og denne vesle boka med verbaltekst, fotografi, teikningar og kart gir nødvendig bakgrunnskunnskap for det obligatoriske besøket som høyrer med til eit opphald i denne koselege skotske byen. Ein gong vi var på omvising der, spurde gaiden om nokon av oss visste når "Scottish mean time" var: Det er klokka eitt, for eitt skott klokka eitt er jo billegare enn tolv skot klokka tolv ...
Eit pent, lite hefte om det skotske slottet Eilean Donan, eit riktig romantisk eventyrslott, og derfor brukt i fleire filmar. Fint å ha vore der!
MATTO [...] Sto cosí bene con lei... nella Polizia... mi sento difeso! Fuori, nella strada, ci sono tanti pericoli... La gente è cattiva, vanno in macchina, suanano i clacson, frenano col cigolio... Fanno gli scioperi! Ci sono gli autobus e le vetture del metrò con le portiere che si chiudono di scatto... frii gnack... schiaccciato!
Skjønner deg godt. Ikkje eingong kona mi finn fram i hyllene mine - eg meiner våre (eller omvendt).
"Rinconte og Cortadillo" er på 68 sider, med etterord og notar, mens DQ1 er på 520 og DQ2 på 532, med etterord. Eg har den gamle utgåva av DQ; den nye har kanskje mindre skrift, men same innhald, då. Dersom alle hadde følgt det same enkle systemet som eg for å plassere bøker, ville dei finne DQ under spansk renessanselitteratur (som står etter spansk mellomalderlitteratur og føre spansk barokklitteratur) (det kan diskuterast om DQ er renessanse eller barokk). Og Spania står mellom Portugal og Frankrike, sjølvsagt.
Hvad siger ikke Klassikeren? Fiat justitia, pereat mundis; det vil sige: Fy, hvilken Justis i denne bedærvede Verden, Faer!
Romanen kom i 1976 - seinare kom to bind til, "Taperens bord" og "Den var vår denne jord", poesi i dei òg. Om ein familie; eit syskenpar vil finne ut meir om faren. Det er om arbeidarrørsla, om visjonar og om psykiske krider. Så vidunderleg poetisk fortalt - synest i alle fall eg. Nå fekk eg lyst til å lese opp att bøkene. Dei kom på iTden - 82-10-01321-1 og 82-10-01320-3.
Svend Rønning: "Det var en dag i går også". Ein fullstendig oversedd roman med store kvalitetar.
I farten kjem eg på to titlar, som på bokmål lyder slik; "Og dagen varer lenger enn et århundre" av Tsjingiz Ajtmatov og "Fjellet er mer enn en grenseløs grønn steppe" av Omar Cabezas.