Bare å glede seg. Dette er en av de beste litterære minnene jeg har fra barndommen. Leser forøvrig alltid En verdensomseiling under havet og Kaptein Grants barn først. :)
MYSTIKEREN MAXIMOS: Der er tre riger.
FYRST JULIAN: Tre?
MYSTIKEREN MAXIMOS: Først er hint rige, som grundlagdes på kundskabens træ; så hint rige, der grundlagdes på korsets træ -
FYRST JULIAN: Og det tredje?
MYSTIKEREN MAXIMOS: Det tredje er den store hemmeligheds rige, det rige, som skal grundlægges på kundskabens og på korsets træ tilsammen, fordi det hader og elsker dem begge, og fordi det har sine levende kilder under Adams lund og under Golgata.
FYRST JULIAN: Og det rige skal komme -?
MYSTIKEREN MAXIMOS: Det står for døren. Jeg har regnet og regnet -
FYRST JULIAN: Hvad er min gerning? STEMMEN I LYSET: Du skal grundfæste riget.
Jo, så var det Sancho: Eg har altså ei spansk utgåve med forord og kommentarar av Luis Andrés Murillo, som skriv at namnet Sancho vart brukt i ordtak og munnhell heilt frå mellomalderen: “Hallado ha Sacho su roςin” (“Funne har Sancho øyken sin” – men roςin kan òg tyde “fjols”), “Allá va Sancho con rocino” (“Der går Sancho med gampen sin”) og “A buen callar llaman Sancho” (som svarar til vårt “Tale er sølv, men tausheit er gull”). Ein lærer mykje av å gå i detalj om Don Quijote!
Samuel Johnson og James Boswell reiste saman - ja, så klart dei gjorde det - til det skotske høglandet og vesterhavsøyane, i 1773. Turen skildra dei på kvar sin måte, noko som er med på å gjere denne boka, med begges skildringar, ekstra interessant. Dei urbane karane kom til eit land som for dei låg utanfor folkeskikken, og dette viser seg då òg i reaksjonane ...
Nei, ingen grunn til arrestasjon - tenkte berre på at dei begge, altså Hjalmar og DQ, har eit livsprosjekt som ikkje er knytt til realitetane si verd. Eg skal finne det som står om namnet Sancho, ja.
Ei perle av eit skodespel, dette, eller kanskje heller ei kruttynne; politisk sprengstoff er det i alle høve: Men "politisk" litteratur verkar berre i tråd med intensjonen når utforminga grip lesaren, når form og innhald smeltar saman. Som her: Dario Fo bruker element frå dei elleville farsane i italiensk teatertradisjon for å hengje ut styresmaktene i stykket om ein anarkists "tilfeldige" død, bygt på faktiske hendingar i nær, italiensk historie. For latteren er eit farleg våpen. Her startar ablegøyane tidleg, for hovudpersonen heiter Matto, og det tyder sprø. Så når han blir spurd om han er sprø, kan han trygt svare ja, og dermed byrjar forviklingane. Byrålratiet får passet sitt påskrive når Matto slår til med den livsviktige funksjonen som eit komma har, og etterpå insisterre på å snakke om ordklasser og syntaks under forhøret, iblanda ironiske politiske spark om at han er tryggare hos politiet enn ute i trafikken. Vel, dette lyt ein berre oppleve sjølv, helst både i bokform og på scena, for å forstå humoren og sprengstoffet (ja, det er ei farleg bombe med i stykket). Heldigvis har eg gjort begge delar.
La vida no es la que vivió, sino la que uno recuerda y cómo la recuerda para contarla.
Eg har vore borte nokre dagar – og ser til mi glede at her var det mange gode og interessante innlegg! Eg var i Danmark og såg rett så mange vindmøller! Dette tenkte eg blant vindmøller, sanddyner og målarkunst:
Ikkje mange sidene var det å lese denne gongen, men dei fyrste kapitla i bolken er heilt nødvendige: På ny ser vi at fortidas tankegods gjer folk galne; dei veit ikkje kvar dei høyrer heime. Og Cervantes går grundig til verks; han lèt prest og barber diskutere eit dusin titlar på riddarromanar og hyrderomanar og diktsamlingar som alle er eksempel på høgst reell litteratur. Kommentaren min seier at titlane viser at Quijote helst vil lese litteratur av det fantasifulle slaget og poetisert historie, som han – Luis Andrés Murillo – kallar det. Derimot finst det ikkje eksempel på historiebøker i samlinga, heller ikkje teologiske verk. No burde vi helst ha lese Ariosto òg, for å kunne samanlikne Orlando og Don Quijote, slik mange har gjort før oss, men det får vente … Ariostos Orlando furioso vart forresten ramma av den portugisiske inkvisisjonen! Bokbrenning var ikkje noko som Hitler fann på!
Hushjelpa er ingen bokelskar, nei: det å gjere seg til diktar, seier ho at folk meiner er “enfermedad incurable y pegadiza” – ein smittsam sjukdom som ikkje kan lækjast. Mens vi snakkar om bokelskarar: Eg har sett at enkelte av oss har diskutert intertekstualitet, men her ser vi at ein forfattar - vår venn Cervantes – blir trekt inn i si eiga bok: “La Galatea, de Miguel de Cervantes, dijo el barbero.” Tøft, dette her. Og Sanchos drøym om eiga øy skal, etter det kommentatoren seier, vere eit gammalt motiv i litteraturen; eg for min del får assosiasjonar til drøymeøya i Shakespeare’s The Tempest … Sancho er forresten eit namn som vart brukte mykje i ordtak og faste vendingar i mellomalderen. Han viser seg som langt meir jordnær enn herren sin både her og seinare.
Det er i denne delen, som så mange har vore inne på, at den mest kjende episoden opptrer: Kampen mot vindmøller. Det er her vi har uttrykket frå – og det lever vidare, som her!
Eg tenkte, særleg i samband med kap. VIII, at Ibsens Hjalmar Ekdal må ha lånt trekk frå Don Quijote, men eg kan ikkje hugse å ha lese at andre har vore inne på dette. Vi kan ta det opp att når vi Ibsen-lesarane kjem til Vildanden!
Etterpå snakkar Don Quijote om trollmenn, noko som det faktisk ikkje var uvanleg å tru på sjølv på denne tida (jf. allusjonane i Shakespeares Macbeth til heksetrua til kongen – “Three witches …”).
Og så var det “el segundo autor” – den andre forfattaren: Vi såg ho heilt i starten at Cervantes snakkar om fleire forfattarar av historia om Don Quijote, men det blir altså denne her som han kjem til å trekkje inn – som parodi på forteljarteknikken i riddarromanane.
Mine òg!
Eg òg.
Så lo [Ulv Haldorsøn] litt: ‘Og nu angrer jeg næsten, prest, at jeg har været så from mann – mot henne!’
‘Unyttig å spille sin tid med så fåfengt anger,’ svarte presten.
‘Hvad mener du -?’
‘Jeg mener det er bare syndene sine som det nytter noget at en mann angrer,’ sa presten.
‘Hvi så?’
‘For ingen er god uten Gud. Og intet godt kan vi gjøre uten av ham. Så det er nytteløst å angre en god gjerning, Ulv, for det gode som du har gjort, kan ikke rygges; om så alle berg ramler sammen, så står det –‘
Søk på Scherfig, og start med Det forsømte forår. Så får du heile utviklinga til dei borgarlege idealistane og samfunnsstøttene - somme av dei endar som nazistar i Frydenholm. Skildringa der av konsentrasjonsleirane i Danmark er desverre sann.
Carl Locher med sin hund Tiger, [1909], maleri af Michael Ancher, Skagens Museum. Anchers velkendte humoristiske sans kommer tydeligt til udtryk i portrættet af vennen Carl Locher og hans engelske bulldog [...] Man sagde, at hunden var den af de to, der bed mindst.
Ja. slik er det. Pelle og Morten las eg om tidlegare i livet, men Ditte stod altså på ventelista. Andersen Nexø er forresten portrettert i Hans Scherfigs Frydenholm.
For at male den døde fisker [på maleriet Den Druknede] måtte [Michael] Ancher bruge en model. Da denne ikke kunne ligge stille, fandt man på at give ham en dram. Det blev til adskillige drammer, før modellen blev døddrukken og kunne ligge stille.
John Brøndum, 1862-1918, styrmand, yngste barn af [hotelejerne] Ane og Erik Brøndum. [...]. Boede ganske kort i hotellets anneks,hvor han holdt udkig med både skibe og badepiger. Han blev derfor kaldt 'admiralen' og annekset Admiralgården.
Skagen, alltid Skagen: Så fint - med eit lite leksikon om målarane, modellane, husa og alt rundt denne kretsen av kunstnarar. Også så personleg og humoristiske utforma! Ei bok å ha med dit ned som alle bør unne seg ein tur. Til skagenlyset.
Det var lyset, som blev Krøyers ledetråd gennem tilværelsen. Det var lyset, der definerede rummet og gav substans til de figurer, der var i det. Det var kyset, hvis glans og reflekser gjorde motivet troværdigt. Der fandets ingen sansning, som ikke var bundet til et bestemt lys, betinget af det eller farvet af det. Og Krøyer fulgte lyset fra mørket og ud i dagens blændende virkelighed.
Eg har vore i Skagen for snart tiande gong og gått i kunstmuseet. I målarkunsten er det berre Krøyer, Krøyer og Krøyer for meg no. Så derfor har hatt Peter Michael Hornungs biografi over målaren, Peder Severin Krøyer, ei fantastisk blanding av liv og kunstverk. Her er linjer - livet hans, frå fødselsn i Stavanger til dei tragiske siste åra, og vakre fotografi av måleria. Hornung tolkar og forklarer, og held interessa hos lesaren på topp heile vegen. Ei stor boka på alle måtar!