Under eit opphald på Vertshuset Sinclair i Kvam kom eg over denne vesle boka, omsett av Tone Formo. Forfattaren, Thomas Michell, var britisk generalkonsul i Noreg i Oscar IIs regjeringstid og gav ut boka i 1886, på engelsk, sjølvsagt.

Michell går grundig igjennom alle kjeldene han kan komme over om toget av skotske soldatar som skulle gjre teneste i den svenske hæren i Kalmarkrigen, og som vart stoppa av bøndene frå Vågå, Lesja og Lom ved Kringen. Ja, stoppa og drepne, mange av dei - og resten vart for det aller meste avretta dagen etter.

Det ser ut til at forfattaren klarer balansegangen mellom kjensgjerningar og segner. Ein styrke ved boka er nettopp kjeldedokument, i alle fall dei som står på engelsk og latin, men der segnene blir eit misfoster av moderne bokmål og dansk, i og med at omsetjaren moderniserer rettskriving og bøying, men ikkje ordtilfang og syntaks. I dag, når så mange av oss les engelsk, hadde det nesten gjort seg med ei utgåve med Michells engelske original og dei norske segnene på eldre dansk.

Men det er no så. Eg er fornøgd med handelen og har lært mykje om ei interessant historisk hending i heimfylket.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ei riktig så interessant bok av ein oberst H. Angell om skottetoget i 1612, utan informasjon om når boka frå rundt 1912-1914 vart trykt opp att, men med undertittelen "Et 400-aars mindre. 26. august 1612-26.8.2012".

Boka inneheld informasjon om dei skotske leigesoldatane som vart stoppa ved Kringen i 1612. Obersten gir god og fornuftig bakgrunn og tek òg med Edvard Storms Sinklarvisen".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, eg fekk melding, og eg meldte straks frå til dei som er så vennlege å drive denne nettstaden.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Og så har vi han med katter i paien! At det går an! Okke som fekk eg assosiasjonar til at readaktøren av London Particular. The Dickens Fellowship Newsletter, Alison Gowans, fortel i det siste nummeret (nr. 30) at ho hadde fått invitasjon til "Spring Luncheon", arrangert av "Pickwick London Ladies' Club; som altså har damer som medlemmer. Fint tiltak - "a sumptuous lunch, which Mr Pickwick himself would have been proud to attend".

Det finst forresten ein norsk Dickensklubb i Vestfold som heiter noko med Pickwick. Skal undersøke.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

We have decided the real reason why our possessions are being taken from us is that we are human beings and not wolves or beras. The men from Washington have set aside many millions of acres on which wolves and bears may not be disturbed and nobody objects to that. Perhaps if we were wolves and bears we could have as much protection. But we are only human beings. There are no closed seasons when it comes to Alaska Natives.

-AMY HALLINGSTAD (Tlingit)
Letter to Ruth Bronson, the secretary of the National Congress of American Indians, 1947.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I slutten av 1970-åra dykka eg ned i alle dei tekstene som inneheld motiv som Ibsen kan - i mange tilfelle: må - ha brukt for å setje saman det puslespelet som til slutt vart Gengangere:

  • Montesquieu: De l'Esprit de lois. Om samanhengen mellom klima og folkelynne. I dei kalde landa er folk lite mottakelege for "les plaisirs", om gledene i livet.
  • Mme de Staël: Corinne ou l'Italie. Om adelsmannen Osvald frå det kalde og regntunge Skottland, som møter livsglede og sol i Italia, symbolisert gjennom jenta Corinne, "la fille du soleil". Far hans er død; han ville at Oswald skulle ha gifta seg med ei som i røynda er halsyster til den unge mannnen. Mange av lovprisingane av Italia er lette å kjenne att i Gengangere. I tillegg er det eit asyl som brenn i denne romanen.
  • Mauritz Hansen: "Datteren". Ein oberstøytnant har ei dotter utanfor ekteskap, men han får ein kar med trebein til å gi seg ut for å vere faren.
  • Mauritz Hansen: "Theodors Dagbog" har både gjengangar- og incestmotiv.
  • Kristian Elster d.e.: Om Modsætningen mellem det vestligeog det østlige Norge. Om samanhengen mellom natur og folkelynne.
  • Jonas Lie: Den fremsynte. Romanen, der arv er eit viktig motiv, vart diskutert i Ibsens miljø i Roma.
  • Bjørnstjerne Bjørnson: Kongen. Syfilismotivet!
  • Holger Drachman: *To Skud". Er det rett å forsvare drap for å gjere slutt på lidingar, spør forfattaren her.
  • J.P. Jakobsen: Niels Lyhne. Kvinna si stilling i samfunnet, motsetninga mellom Syden og Norden, kunstnarlivet, religionskritikk og draumen om eit betre samfunn.

Også i Ibsens eige liv er det nok av motiv: Sonen utanfor ekteskap, sjølvsagt, og haugevis av stoff i brev som peikar fram mot Gengangere ... Og likevel klarer han å bruke både litterære og personlege inspirasjonskjelder til å skape noko heilt sjølvstendig!

Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har lese stykket, men eg begynner med glede på att, i fyrste omgang med innleiinga i kommentarbindet i "Henrik Ibsens skrifter".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er diskusjonstråd for Charles Dickens: Dombey and Son. Heile leseplanen for utvalde verk av Charles Dickens ligg her.

Dombey and Son er også kommentert og/eller sitert her og her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, men boka er meir allsidig enn eg trudde. Ikkje før har vi hatt ein omgang med fyllikhumor, så er vi midt opp i kritikk av rettsystemet og sosiale forhold.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

'Who are you, you rascal?' said the Captain; adminstering several pokes to Mr Pickwick's body with the thick stick. 'What's your name?
'Cold punch,' murmured Mr Pickwick, as he sunk to sleep again.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

This constant sucession of glasses produced considerable effect upon Mr Pickwick; his countenance beamed with the most sunny smiles, laughter played around his lips, and good-humoured merriment twinkled in his eye. Yielding by degrees to the influence of the exciting liquid, rendered more so by the heat, Mr Pickwick expressed a strong desire to recollect a song which he had heard in his infancy, and the attempt proving abortive, sought to stimulate his memory with more glasses of punch, which appeared to have quite a contrary effect; for, from forgetting the words of the song, he began to forget how to articulate any words at all; and finally, after rising to his legs to address the company in an eloquent speech, he fell into the barrow, and fast asleep, simultaneously.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Diskusjonstråd om Martin Chuzzlewit er oppretta. Heile leseplanen med adresse til lenkjene ligg her. I Bokelskere er Martin Chuzzlewit sitert her, her og her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ser at den blir på flere hundre sider mer enn de utgavene som har vært tilgjengelig tidligere. Spennende. Ser frem til å lese den på nytt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eler kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?

(Matt 16, 26)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Einig med deg. Å, har nok mine planar, ja ...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Die Schule war ein Staat im Staate geworden, in dem preußische Dienststrammheit so gewaltig herrschte, daß nicht allein die Lehrer, sondern auch die Schüler sich als Beamte empfanden, die um nichts als ihr Avancement und darum besorgt waren, bei den Machthabern gut angeschrieben zu stehen ,,,

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, så klart. Heldigvis! Men Norum har jo historisk og språkleg sitt på det tørre. På engelsk ligg jo "Buffs" og "Bluffs" tett opp til einannan, da, særleg når vi har med "l" i "Blues", så det kan jo hend eat Dickens ville sparke litt ekstra til slagorda i valkampen ...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Barnaby Rudge er den romanen av Charles Dickens som eg veit minst om. Så her er diskusjonstråden (og her er heile leseplanen for Dickens).

Romanen er kommentert og sitert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fargen "buff" er gulbrun på engelsk, så slik sett passar det bra. På Dickens si tid hade jo ikkje fascismen oppstått ennå, så slik sett er både forfattar og omsetjar unnskylde. Parti har frå gammalt av hatt fargar; det veit eg frå bysantinsk historie, men det var vel ikkje før Hitlers stormtroppar begynte å marsjere at vi fekk brunskjorter og dermed begynte å knytte denne fargen til fascismen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Set markøren på "har lest", så får du opp menyen og kan velje "skal lese".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så rart: Same kor mange gonger eg les eller ser eit skodespel av Ibsen, oppdagar eg nok nytt. Denne gongen vart eg ståande – eller rettare sagt: sitjande, på verandaen – der Nora i sluttscena ser ufravendt på [Helmer] og siger med et stivnende udtryk. Ja, nettopp: stivnende. I dette valet av presens partisipp - stivnende - framfor perfektum partisipp (stivnet) har Ibsen gitt oss nøkkelen til stykket, til det som mange har kritisert han for: at Nora brått skal endre seg frå ekorn til handlande menneske, berre over natta, og ikkje dét eingong.

I dette stivnende frys (nesten) Ibsen fast den utviklinga som Nora gjennomgår. Dette krev stor skodespelarkunst; eg trur nesten at Lise Fjelstad klarte jobben i Fjernsynsteatret si oppsetjing. For dette dreiar seg ikkje om ei brå endring. Men dette kjem ikkje brått. Nora og Helmer har vore gifte i «otte år», seier ho, og når teppet går opp, speler ho lerkefugl. Handlingane til mannen, og særleg reaksjonane hans på brevet, utløyser ein latent innsikt i ekteskapet, i mannen, i seg henne sjølv og – om enn gryande og fragmentarisk – i samfunnet. Og forvandlinga har vore førebudd, for Nora har, utan at mannen veit det, hatt kontakt med det pulserande livet – nesten arbeidslivet! – utanfor dokkeheimen, noko som nok har vore med på å forme henne og gjort henne klar for opprør.

Mennesket har rett til å frigjere seg, seier stykket. På ny – jf. Samfundets støtter - møter vi forskjellen mellom overflate og røyndom. Nora støyter mot den borgarlege moralen når ho prøver å frigjere seg, og slik får Ibsen avslørt endå meir av det samfunnet han så fint – innanfor sin horisont – avslører. Derfor blir ikkje stykket fyrst og fremst kvinnesak, men menneskesak. Men sjølvsagt: Han valde ei kvinne som hovudperson fordi kvinna – eksemplifisert gjennom Nora – var dobbelt undertrykt.

Fordi eg denne gongen las stykket saman med kommentarane i «Henrik Ibsens skrifter», fekk eg opna auga for ein større samananheng mellom Dickens og Ibsen en eg hadde vore klar over (og eg har sett korleis Ibsen i Samfundets støtter nyttar motiv i Hard Times). Flott! Og takk til kjellk for å ha funne lenkje til den alternative slutten på stykket.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Heidi LTonje-Elisabeth StørkersenEgil StangelandKirsten LundMarit HøvdeIreneleserFiolingar hAnette Christin MjøsJ FHarald KTine SundalPer LundKaramasov11RufsetufsaInge KnoffAkima MontgomeryJane Foss HaugenJulie StensethSigrid NygaardHarald AndersenBjørg L.Synnøve H HoelAgneslillianerKarin BergIngunn STom-Erik FallaSigrid Blytt TøsdalGroMads Leonard Holvikmay britt FagertveitNorahMcHempettEvaStig TThereseMarit HeimstadLailaHanne