Forfattaren som var like eksentrisk som kunstnarnamnet og skjegget var langt har skrive ein roman som presist uttrykkjer noko av det essensielle ved spansk litteratur frå førre hundreårsskifte. Eller aller helst: Stemninga FØR 1900 - "fin de siècle", det bisarre og det groteske. Fire "sonatar" med "Markien av Bradomíns memoarer", imponerande omsett frå spansk til idiomatisk fin norsk av Christian Rugstad (måtte enkelte bokelskarar leggje merke til at eg ikkje gjer noko vesen ut av målforma; sjølvsagt kunne eg ha sagt at han hadde sett boka om til riksmål, men at det er så godt gjort at ein ikkje tenkjer over at dette ikkje er på nynorsk, så eg legg meg altså ikkje ned på dette nivået). Det er om kjærleik - eller i alle fall begjær - og tru, diabolsk tvers igjennom. Her blir det brutale og det perverse sett opp som kontrast til borgarskapets ved hundreårsskiftet, men - slik eg ser det - på ingen måte som eit kreativt alternativ. Dakadanse, estetisme. Men suggerarande.
Kunne ha vore langt meir oversikteleg - tungvint å ha "severdigheter" i eit anna kapittel enn "Hoteller". Og så har ikkje boka med at det no er ein Alhambrabutikk rett ved Plaza Nueva, der ein får kjøpt billettar til Alhambra. Eg for min del var i Alhambra for tredje gong akkurat no, men eg kjem gjerne att! Boka bør kombinerast med andre reiseførarar.
Creer es crear.
Porque Don Quijote es tan real como Cervantes; Hamlet o Macbeth tanto como Shakespeare, [...}.
[...] -y las mejores novelas son poemas- [...].
"Jeg møtte vårens engel i Granada" var det siste diktet Rudolf Nilsen skreiv. Eg hadde det i minnet då eg var der akkurat no, fyrst i mars, der "palmer suste, epleblommer snedde, / og breen skinte i det blå Nevada". Sterkt.
Tidlege dikt av Federico García Lorca, så fulle av liv og leik, liv og fabulering - av natur, fyrst og fremst. Det er natt og det er måne; kanskje er måne ("luna") noko av det som mest går att hos García Lorca? Familie, venskap, natur - og for ein rytme! "Alta va la luna. / Bajo corre el viento." Eg hadde nettopp med meg boka til Granada og las dikta utanfor sommarhuset som familien García Lorca hadde i denne byen, i det som i dag er Federico García Lorca-parken. Stemning!
James Joyce: "Dubliners", Alphonse Daudets: "Lettres de mon moulin", Flaubert: "Trois contes", Juan Rulfo: "El Llano en llamas", Geoffrey Chaucer: "The Canterbuty Tales" og Giovanno Bocaccio: "Il Decamerone". Pluss Arthur Conan Doyles noveller om Sherlock Holmes. For ikkje å snakke om samlingar av Anton Tsjekhov, Guy de Maupassant, Johan Borgen, Kjell Askildsen og Torborg Nedreaas.
Da er vi nesten like langt. Eg har hatt alle bøkene lenge, men har berre lese den fyrste. Vi satsar på framgang på området i år!
Har sett oppsetjinga (og reiste til Spania dagen etter), heilt fantastisk - men dette er berre om eit bimotiv i heile romanen. Ikkje desto mindre er ballettversjonen heilt topp, med imponerande dansing til spanskinspirert musikk.
Handlinga di gir meg assosiasjonar til ein kjend tittel i norsk litteratur: "Det lykkelige valg". Sjølv er eg glad for fjerdeutgåva av "Peer Gynt". Men mest av alt for "Odysseen", som eg har i fleire utgåver. Ja, og så har eg fyrsteutgåva av Prøysens "Dørstokken heme", kjøpt for 7 kroner på loppemarked fordi arrangøren ikkje hadde peiling på bøker. Slik går det når ein er dum og ikkje tek omsyn til publikum.
Odysseus, Antigone, Orestes, Elektra, Aeneas, Don Quijote, Jeppe, Gisle Sursson, Gunnar på Lidarende, Sherlock Holmes, David Copperfield, Mickawber, Oliver Twist, Tom Sawywer, Huckleberry Finn, Tusten, Den stygge andungen, Ditte Menneskebarn, Carlsson, Edmond Dantes, d'Artagnan, Jean Valjean, Lear, Hamlet, Pippi Langstrømpe, Simon Darre, Nora Helmer, Helene Alving, fiskaren Markus - og heile galleriet i "Stille flyter Don". Ikkje nødvendigvis fordi alle er heltar, men fordi nokre er frodige, andre er sympatiske, nokre er heroiske og nokre kombinerer fleire eigenskapar.
Jorda er rik på underverk, / Mennesket sjølv er det største under.
Du har rett: http://www.enotes.com/shakespeare-quotes/music-food-love-play. Har gått og trudd at sitatet var frå femte akt i "The Merchant of Venice", men hugsa altsp feil. Fint med alt som er oppklart! Du veit vel at desse orda er tonesette - eit søk på YouTube gir mange treff. Play on!
Har lenge tenkt å få lese dette stykket før jula er omme, men har til no måtta gi tapt mot tida. Interessant å sjå at dette sitatet opnar med ein replikk som eg kjenner att frå "The Merchant of Venice", sitert etter minnet: "If music be the food of love, play on!" Eg kjente ikkje til denne parallellen. Takk!
Mikkjel Fønhus: "Skiløperen".
Politisk og sosialt sprengstoff, rett og slett, med handling frå Isabela og Fernandos regjeringstid. Det er sagt at dersom spansk hadde hatt same stillinga som engelsk etter renessansen og barokken, ville Lope de Vega ha vore like kjend som William Shakespeare. Kanskje - det eg har lese til no (to verk, berre) er nok ikkje på Shakespearenivå, nei. Men like fullt kan vi ha med stor litteratur å gjere! Eg liker dette skodespelet fordi det tek stilling mot tyranni ...
Her kjem neste setning: "Men overalt er kvinnen svakere enn mannen" (s. 203). Slår dette sitatet i hjel? Nei, heile sitatet lyt sjåast i samanheng med tida det vart ytra i - og framstår derfor som svært radikalt for si tid, også med tilføyinga om at kvinna overalt er svakare. Aristoteles var altså ikkje den einaste i antikken som ytra seg om likestilling. Aristoteles' syn vart gjeldande, men Platon tenkte altså i ei anna retning.
Altså, min venn, tilkommer ingen offentlig virksomhet kvinnen fordi hun er kvinne, eller mannen fordi han er mann. Anleggene fordeler seg på begge kjønn, og for kvinnen er etter hennes natur alle slags beskjeftigelser tilgjengelige, akkurat som for mannen.
39 - og har ein del av dei i sikte. Bra liste, for det meste, men ho ber for mykje preg av at ho er laga i den franskspråklege verda. Ein del titlar er ukjende for ein garva lesar, og det er nok ikkje sikkert at dei som eg ikkje kjenne til, er betre enn "Fuglane", "Lillelord" og "Juvikfolke". Eg meiner: Alle slike lister blir så lett subjektive.