Takk! Tid er eit større problem enn språk ...
Eg er så mange stader: Etter middagen set eg meg ned og les litt i "Lo dicho" (idiomatiske uttrykk i spansk), Thomas Manns "Buddenbrooks", Platons "Samlede verker" (er no i bd. VI) og "Henrik Ibsens skrifter" (for tida i "De unges forbund"). Etter ei økt med førebuing til neste arbeidsdag (der eg som regel ser på norskbøkene "Grip teksten 1" og "Signatur 1" og spanskverket "Mundos nuevos 2" og det kjedelege engelskverket "Tracks 1"), les eg Mario Vargas Llosas "Travesuras de la niña mala", Mester Eckerhardts "Å bli den du er", "Klassisk litteraturteori" (av Eiliv Eide, Atle Kittang og Asbjørn Aarseth), Ane Hoels litt banale, men lesverdige "Hvorfor Ibsen?" og Odd Arvid Storsveens fantastiske Wergelandsbiografi "Mig Selv". Altfor mykje er dette, særleg når eg i tillegg driv med Dario Fos skodespel om ein anarkists tilfeldige død og Thomas Manns "Tonio Kröger", som eg ikkje vart ferdig med på siste utanlandstur. Kvar måndag driv eg med Markusevangeliet på gresk, kvar tysdag Vergils "Aeniaden" på latin, kvar onsdag Pusjkins "Spardame" på russisk, kvar torsdag og fredag Cesare Paveses "La bella estate" på italiensk og kvar laurdag og sundag spansk grammatikk. Ja, dette blir mykje ("In der Beschränkung zeigt sich erst der Meister"), men det er da så artig ... I bilen høyrer eg på Sigrid Undsets "Korset".
Kanskje den beste boka innanfor religionsfilosofi som eg har lese - om forholdet mellom tru og fornuft opp gjennom historia. Forfattaren er både pater og professor og veit kva han skriv om. Kva eg sjølv meiner - eller trur! - er uinteressant i denne samanhengen; det som eg beundrra, er den tvers igjennom saklege og samtidig sprudlande framstillinga av emnet. Hadde alle diskusjonar om tru og fornuft halde seg på dette planet, ville verda ha vore ein rolegare (i både den svenske og norske tydinga av ordet) stad.
Forfattaren følgjer den kunstnarlege utviklinga til Beato Angelico (1385-1455) - med verka i San Marco og San Lorenzo i Firenze som høgdepunkta. Fine illustrasjonar og opplysand etekst. Tidleg renessanse, dette - og så nydeleg, så nydeleg.
Grundig religionsvitskapleg arbeid er ikkje denne boka, men det er heller ikkje meininga. Forfattaren har skrive eit essay i grenselandet mellom religions- og kunsthistorie, om den svarte madonnaen - dvs. kunstnarlege framstillingar av jomfru Maria med svart hud. Ho undersøkjer om denne framstillinga kan representere ei utviding av det tradisjonelle biletet vi har av Maria. Boka har mange illustrasjonar som viser den svarte madonnaen.
Det er historie over Edinburgh Csstle, og denne vesle boka med verbaltekst, fotografi, teikningar og kart gir nødvendig bakgrunnskunnskap for det obligatoriske besøket som høyrer med til eit opphald i denne koselege skotske byen. Ein gong vi var på omvising der, spurde gaiden om nokon av oss visste når "Scottish mean time" var: Det er klokka eitt, for eitt skott klokka eitt er jo billegare enn tolv skot klokka tolv ...
Eit pent, lite hefte om det skotske slottet Eilean Donan, eit riktig romantisk eventyrslott, og derfor brukt i fleire filmar. Fint å ha vore der!
MATTO [...] Sto cosí bene con lei... nella Polizia... mi sento difeso! Fuori, nella strada, ci sono tanti pericoli... La gente è cattiva, vanno in macchina, suanano i clacson, frenano col cigolio... Fanno gli scioperi! Ci sono gli autobus e le vetture del metrò con le portiere che si chiudono di scatto... frii gnack... schiaccciato!
Skjønner deg godt. Ikkje eingong kona mi finn fram i hyllene mine - eg meiner våre (eller omvendt).
"Rinconte og Cortadillo" er på 68 sider, med etterord og notar, mens DQ1 er på 520 og DQ2 på 532, med etterord. Eg har den gamle utgåva av DQ; den nye har kanskje mindre skrift, men same innhald, då. Dersom alle hadde følgt det same enkle systemet som eg for å plassere bøker, ville dei finne DQ under spansk renessanselitteratur (som står etter spansk mellomalderlitteratur og føre spansk barokklitteratur) (det kan diskuterast om DQ er renessanse eller barokk). Og Spania står mellom Portugal og Frankrike, sjølvsagt.
Hvad siger ikke Klassikeren? Fiat justitia, pereat mundis; det vil sige: Fy, hvilken Justis i denne bedærvede Verden, Faer!
Romanen kom i 1976 - seinare kom to bind til, "Taperens bord" og "Den var vår denne jord", poesi i dei òg. Om ein familie; eit syskenpar vil finne ut meir om faren. Det er om arbeidarrørsla, om visjonar og om psykiske krider. Så vidunderleg poetisk fortalt - synest i alle fall eg. Nå fekk eg lyst til å lese opp att bøkene. Dei kom på iTden - 82-10-01321-1 og 82-10-01320-3.
Svend Rønning: "Det var en dag i går også". Ein fullstendig oversedd roman med store kvalitetar.
I farten kjem eg på to titlar, som på bokmål lyder slik; "Og dagen varer lenger enn et århundre" av Tsjingiz Ajtmatov og "Fjellet er mer enn en grenseløs grønn steppe" av Omar Cabezas.
So tutto: diritto romano, moderno, ecclesiastico... il codice giousiniano... friedericiano... longobardo... greco-ortodosso... Tutto! Provi a interrogarmi!
Direi di cominciare subito... c'è molto lavoro da fare: mi dica i pronomini di tempo e luego.
Ja, dagstur til Firenze er mogleg når ein ikkje reiser på eiga hand, men er på arbeid - følgde elevar på utveksling til Imola, tre mil frå Bologna. Så derfor dagstur denne gongen, og då hjelper det at ein har vore der før, så ein ikkje kjenner seg sultefora. Eg hadde med biografien om Mussolini og eit skodespel av Dario Fo; det vart det litterære utbyttet. Men haustferien i Roma er sikra.
Er tilbake. Såg denne fresken sist. Lurt at du opplyser folk om slikt - skulle gjerne ha sett dette ein gong til, men ein rekk ikkje alt på ein dagstur til denne vakre byen.
Så fint - å ta fram att denne vesle og lekre boka om domkyrkja i Firenze nettopp når ein er der for tredje gong. Informativ tekst med fotografi som gjer det som dei skal: illustrere. Domkyrkja er så storslegen utanpå, men har lite å vise fram inne i skipet - i kvantitet, iallfall, men det er her det mest kjende måleriet av Dante heng, altså. Berre så det er sagt. Også klokketårnet er med i boka - nesten fire hundre trappetrinn var det til toppen. Og ned att. Eg kjøper slike bøker når eg ute og reiser, og dei kjem til nytte og er til glede.
La virgola è la chiave di tutto, si ricordi!