Så full av levande, tvers igjennom irske replikkar, då full av liv og gapskratt. Om gutane, om bandet, om musikken. Og om livet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ja - delvis. Reklametrikket kjem vel òg inn her: Fin rytme i "Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie"! "Hjemmenes Digter" vart han kalla; "Kommandørens Døttre" kan nok enno lesast (men skuldar nok Camilla Collett ganske mye), og "Livsslaven" er eit skoleeksempel (ja, kanskje mest skole-eksempel, ja) på naturalisme. Samtidig har han så fin breidde, med både kritiske realisme, naturalisme og nyromantikk at eg gjerne vil slå eit lite slag for han ...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Da er vi vel einige om avgrensinga i epoke. Garborg var jo eit snes år yngre enn desse fire òg, da.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"De fire store" er eit omgrep som vart utforma av Gyldendal, som var forlaget til Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie. Garborg, Duun, Falkberget og Undset var på Aschehoug, og Skram skreiv om unemnelege emne. Så forlaga styrer tankegangen vår meir enn vi aner. Hamsun var òg på Gyldendal - og den viktigaste inntektskjelda gjennom mange år. Når "de fire store" vart brukt i reklamen fyrste gong, veit eg ikkje; dersom det var etter krigen, kan det hende at det var lurt, med tanke på fortenesta, ikkje å ta med Hamsun. Men dette er berre spekulasjonar. Kanskje var det akkurat epoken der Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie var mest aktive, som Gyldendal konsentrerte seg om; Hamsun tilhøyrer jo generasjonen etter. Eg håper at dette bidraget forklarer litt omkring "de fire store" - sjølv om både du og eg framleis sit att med ein del spørsmål.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Håper at eit bibliotek vil kunne hjelpe deg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har "Tereza Batista" (Tiden + Bokklubben 1988; 82-10-02968-1). Sjå hylla "Brasil" i samlinga mi. God lesing!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I dei fleste av dei yrkesaktive åra mine har eg arbeidd lektor i norsk og ein del språk (fransk, spansk og engelsk), men eg har periodar som seniorrådgivar i Utdanningsdirektoratet og forlagsredaktør. Heldigvis har eg fått arbeide med hovudinteressa, som er språk og litteratur.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Leser du for mye? NEI

Burde du gjort andre ting? NEI

Vasket gulvet, tørket støv, skiftet olje på bilen , trimmet deg litt?NEI. EG HELD HUSET RELATIVT REINT, EG TRENER OFTEOG EG SKIFTER OLJE NÅR EG MÅ - ELLER BER VERKSTADEN OM DET NÅR EG LIKEVEL HARBILEN DER (SLIK SPARAR EG TID).

Er noen i familin litt lei av alle disse bøkene i huset? LITT

Synes ansiktet ditt i stuen JA, LITT, eller er det gjemt bak en eller annen bok, som vanlig? JA, MEN EG KAN TITTE FRAM

Er tiden for dyrebar til å brukes på bøker? NEI

Vi har ikke lange livet, selv om vi trodde det da vi var helt unge. Burde vi ikke da brukt tiden på noe annet enn å sitte der i bokens verden? NEI

Er de som leser mye,late, NEI

er det derfor de sitter der? NEI - MEN FORDI DET ER SÅ MOROSAMT

EG LES FOR LITE - OG LYT SLUTTE Å SKRIVE NO, FOR EG SKAL LESE: IBSEN OG PLATON (FOR ORDENS - OG HUSFREDENS - SKYLD; ER ALEINE HEIME NOKRE DAGAR).

Godt sagt! (16) Varsle Svar

Ei artig, lita bok om eit alvorleg tema: Ei tenåringsjente blir gravid og vil ikkje seie kvane som er faren til barnet ("snapper") som ho ventar. Ikkje så mange å velje mellom for lesaren, men forfattaren byggjer opp forteljinga så umerkeleg fint at "avsløringa" kjem logisk nettopp der det passar best for den vidare utviklinga. Eg liker Roddy Doyle; på sitt beste, som her, teiknar han eit portrett av Irland med humor og varme og heile tida med ein alvorleg undertone.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er einig med deg - ser at det er ein del negative kommentarar her, og eg forstår dei, men så syntest eg at romanen tok seg opp: Dette er ikkje 1500-tal; det er vår eiga tid og det er kritikk av heile vår histories skepsis mot det fremmende, mot det nye. Og dermed blir dette ein stor roman, for forfattaren kombinerer eit aktuelt tema med eit historisk motiv - slik han kombinerer tyrkiske litterære motiv med ein vestleg romantradisjon. Eg har snakka med tyrkarar som meiner at landet har forfattarar som skriv betre bøker enn Pamuk. Har dette samanheng med at han er for "vestleg" (jf. nobelprisen) for dei? At han tek opp alle tiders motstand mot nye tankar? Romanen var krevjande, men gav løn for strevet.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nyttig bok om sykling, særleg no i denne fordømte mellomsesesongen der det ikkje er skiføre lenger og likevel for mykje snø til å gå i skogen. Eit vell av råd om sykling innimellom trykkfeila.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei enkel innføring - verken meir eller mindre. Forklarer godt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Delvis eit førebilete pedagogisk sett, delvis svært uklart.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein av våre største målarar, Thorvald Erichsen - og Per Bjarne Boym viser i artikkelen sin korfor. Lillehammer, Gausdal, Rondane og Holmsbu - stader som òg betyr noko for meg - går att i motiva hans. Interessant grønfargebruk i landskapsbileta; elles vakre raudfargar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har du prøvd eller eier du ett selv (i såfall hvilket og ville du anbefalt det for andre bokelskere)? NEI

Eller kanskje ønsker du deg ett NEI eller absolutt ikke kan tenke deg å ha ett? JA Hvorfor? BRUKER NOK TID FRAMFOR SKJERMEN Hva er fordelene og ulempene ved dem? ANER IKKJE. GODT FORNØGD MED BØKER SLIK DEI ER.

Har lanseringen av Bokskya hatt noe å si for din del? NEI

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Grundig om norsk frå indoeuropeisk til mellomnorskens undergang. Og forfattaren gjer seg best på trykk; eg kan hugse ei førelesing der han las høgt frå denne boka, så eg kom ikkje att, men las like godt på eiga hand. Dette var forresten slik førelesingar kom i stand; studentane ved Universitetet i Bologna hadde ikkje bøker, så dei bytte på å lese høgt for einannan. I 1970-åra hadde vi bøker alle saman, og timane kunne ha vore organiserte på ein annan måte.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette har kjellk ein veldig fin tråd om: http://bokelskere.no/tekst/84126/#a_93203

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ja, livet har fleire fasar (utan at lottopremien og hushjelpa har dukka opp enno). Eg har lese mykje om Sigrid Undset og ønskjer meg, ut frå skildringane av det gode borgarskapet, "pike" i huset, til å lage mat og gjere reint, slim at vi kan lese meir ...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundMartesiljehusmorEli HagelundAlexandra Maria Gressum-KemppiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterTanteMamieStig TTone HAud Merete RambølSynnøve H HoelBenedikteIna Elisabeth Bøgh VigreBente NogvaGrete AastorpJulie StensethLene AndresenNinaEllen E. MartolElin SkjerengTatiana WesserlingKarin BergKari FredriksenMorten MüllerMartinmarithcGeir SundetEvaNorahFindusTone SundlandmarvikkisKristine LouiseAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandEmil ChristiansenHilde H HelsethPia Lise Selnes