Det med Kielland har eg anten gløymt eller aldri fått med meg, kanskje helst det siste. Takk for sitatet! Ja, Ibsen konsentrerer seg om å beskrive interiør og måten personane går og snakkar på, og meire til, men som personar framstår dei altså som personar i kraft av slik dei handlar, og så får vi tolke dei ut frå det. Ibsen ville nok ikkje kunne skrive romanar, nei, og trong det vel ikkje heller; skodespela er, mildt sagt, gode nok. Den einaste sneven av naturalisme som eg finn i stykka hans, forresten, er skildringa av doktor Rank i Et dukkehjem. Men for all del: Eg liker veldig godt å lese Zola!
Om Kejser og Galilæer seier Horst Bien i Henrik Ibsens realisme at stykket “gir viktige opplysninger om Ibsens Hegel-inspirerte filosofi”; du veit Hegel var særleg oppteken av utviklinga tese – antitese – syntese, som vi jo kjenner att i dei tre rika, der det tredje riket kan sjåast på som ein syntese av dei to fyrste. Og her får du støtte frå professoralt hald i tanken din om at Julian minner deg om Peer Gynt:
I dette monumentale verket setter Ibsen en fanatisk idealisme av Brands type inn i en helhetsramme sammen med en opportunisme av Peer Gynts type, som bare er ute etter jordisk nytelse. På denne måten forsøker han å forene motsetningen mellom de åndelige og materielle kreftene i menneskehetens historie til en syntese som viser inn i en utopisk framtid. […] [Ibsen] vil ha en syntese av begge livsformer på et høyere utviklingsnivå, der ‘kjødets rike’ og ‘åndens rike’ skal opphøyes i en ny kvalitet, ‘det tredje rike’.
Bien seier vidare at i mystikaren Maximos’ ord om dei tre rika
kommer Ibsens daværende forventning om en hurtig og fundamental fornyelse av samfunnslivet til syne, et håp som fikk næring av krisesituasjonen i begynnelsen av syttiårene, av den fransk-tyske krig og av pariser-kommunen. I forgrunnen for interessen ved ved behanslingen av det historiske temaet ‘keiser og galileer’ sto Ibsens ønske om å komme på sporet av de samfunnsmessige grunnproblemer i tiden.
Eg er enno ikkje ferdig med fyrste delen av dobbeltskodespelet, så no går eg over til å lese.
Ibsen sa at Zola gjekk ned i kloakken for å bade, mens han sjølv gjorde det for å reinske opp. Thérèse Raquin lyt da vere eit av verdas tydelegaste eksempel på naturalismen i litteraturen!
Hadde eg sett det i boka, ville eg - håper eg - ha delt med dykk. Så anten sov eg, og er flau, eller så står dette fantastiske uttrykket ein annan stad. Vi håper på hjel - AnjaE, kvar er du?
Ja, eg har samla ein del sitat her.
Ja, Et dukkehjem, for eksempel, treffer jo stadig blink rundt om i verda, særleg i Asia ...
'Ibsen, opprøreren, vil leve så lenge det fins et borgerlig samfunn, Ibsen, kunstneren, vil overleve det.'
Clara Zetkin 1906
Han var ein god venn av meg, Horst Bien; han var professor i nordiske språk ved Ernts-Morirz-Arndt-Universitetet i Greifswald. Eg har den norske utgåva av hans Henrik Ibsens Realismus med handskriven helsing i, og boka er velbrukt. For forfattaren er realisme ein kunstarisk metode, ikkje ei litteraturhistorisk periode som er avgrensa av årstal. Vi kan snakke om Cervantes' og Shakespeares realisme (som eg prøver å seie litt om her), men Ibsen er ein av dei aller fremste eksponentane for den kritiske realismen. Dette viser Bien til fulle; han går gjennom heile forfattarskapen til Ibsen i lys av framsvoksteren til kapitalismen og arbeidarrørsla i Noreg, men legg naturleg nok størst vekt på Samfundets støtter, Et dukkehjem, Gengangere og En folkefiende. Her finn vi grundige analysar som både har brodd mot nykritikken og samtidig bruker nærlesingsmetodar for å vise korleis desse skodespela avdekkjer grunnleggjande sider ved det borgarlege samfunnet, ikkje minst dei mellommenneskelege forholda.
Ja, vi har i grunnen hatt dette som motto her heime, frå 1972, det året som diktet vart gitt til eksamen ...
Eg er no framme ved den delen av stykket der Maximos snakkar om det tredje riket. Når det gjeld "frihedens ... Nødvendighedens vej", viser kommentarbindet til Paulus Sbvendsens fantastisk spennande bok, i alle fall slik eg ser det, Gullalderdrøm og utviklingstro. Også Arbaces The Last Days of Pompeii, som eg dessverre ikkej har, snakkar om "Necessity" som "the ruler of all we see". Og så er eg sjølv så vidt inne på dette i dei tankane som eg for tida legg ut om King Lear ...
Om dei tre rika seier kommentarbindet m.a. dette:
Forestillingen om de tre riker er ikke bibelsk, men ble utviklet i kristen sammenheng i høymiddelalderen, særlig av Joachim av Fiore. På et tidligere stadium i Ibsens arbeid bestemmes de tre riker som: 1) 'materiens rige' (grunnlagt av slangen i kunnskapens tre), 2) 'åndens rige' (grunnlagt av profeten fra Nasaret) og 3) det rike der ånd er gjennomsyret av materien og materien av ånd [...]. I den endelige versjonen er dette blitt til: 1) et rike grunnlagt på kunnskapens tre (Adams), 2) det riket som er grunnlagt på korsets tre (Kristi), og 3) det som er grunnlagt på begge, og som står for døren. En nyplatonsk uttrykksmåte er i stor utstrekning erstattet av en kristen [her viser utgivaren til Svendsen] og bygger delvis på kristne forestillinger, jf. 1. Kor 15,22 [...]. Også et forventningens tredje rike har kristne røtter ut fra Messias-forestillingen og dkinner frem i bibelsteder som 1. Tess 4,16-17 (jf. også Åp 20-21).
Interessant nok opplyser utgivarane at "korsets træ" er eit vanleg uttrykk i kristen forkynning utan å ha grunnlag i Bibelen.
Eg skal i eit seinare innlegg komme tilbake til dei tre rika, men ein lyt jo lese litt òg, ikkje berre sitje her og skrive ...
Churchill sa om [Clement Attlee] at han var et beskjedent menneske, 'men så har han jo også mye å være beskjeden over'.
Historiens dom er annerledes - Attlee er faktisk den statsminister etter krigen som er vokst mest i ettertidens omdømme. Og da han selv ble spurt hvordan det føltes å ha blitt 80 år, svarte han: 'Slett ikke så verst, i betraktning av alternativet.'
[Benjamin Disraeli] skrev romantiske bøker også og det siste han skal ha sagt, mens han arbeidet med en tale til parlamentet, var: 'De skal i hvert fall ikke få tatt meg på grammatikken!'
Gode minne om dette diktet: Tolka det til det som i gamle dagar heitte examen artium i norsk ...
Eg har kanskje ikkje følgt godt nok med i det som du har publisert her, men for meg ser det ut til at dette heilt klart er det beste!
Ja, skulle berre mangle at slike bøker ikkje vart brukte i livssynsopplæringa! Og når det gjeld teiknsetjinga, hugsar eg ingen konkrete eksempel lenger, men kanskje skulle han ha brukt semikolon enkelte stader i staden for komma - og slikt både irriterer fordi det forvirrar.
Det kan vere mykje i det som du seier her, ja. Eg har lese at Cervantes kanskje lurte på å endre namnet på væpnaren - eller "våpenlangeren", som ein elev skreiv. Takk for grundig arbeid!
MYSTIKEREN MAXIMOS: Der er tre riger.
FYRST JULIAN: Tre?
MYSTIKEREN MAXIMOS: Først er hint rige, som grundlagdes på kundskabens træ; så hint rige, der grundlagdes på korsets træ -
FYRST JULIAN: Og det tredje?
MYSTIKEREN MAXIMOS: Det tredje er den store hemmeligheds rige, det rige, som skal grundlægges på kundskabens og på korsets træ tilsammen, fordi det hader og elsker dem begge, og fordi det har sine levende kilder under Adams lund og under Golgata.
FYRST JULIAN: Og det rige skal komme -?
MYSTIKEREN MAXIMOS: Det står for døren. Jeg har regnet og regnet -
FYRST JULIAN: Hvad er min gerning? STEMMEN I LYSET: Du skal grundfæste riget.
Jo, så var det Sancho: Eg har altså ei spansk utgåve med forord og kommentarar av Luis Andrés Murillo, som skriv at namnet Sancho vart brukt i ordtak og munnhell heilt frå mellomalderen: “Hallado ha Sacho su roςin” (“Funne har Sancho øyken sin” – men roςin kan òg tyde “fjols”), “Allá va Sancho con rocino” (“Der går Sancho med gampen sin”) og “A buen callar llaman Sancho” (som svarar til vårt “Tale er sølv, men tausheit er gull”). Ein lærer mykje av å gå i detalj om Don Quijote!
Samuel Johnson og James Boswell reiste saman - ja, så klart dei gjorde det - til det skotske høglandet og vesterhavsøyane, i 1773. Turen skildra dei på kvar sin måte, noko som er med på å gjere denne boka, med begges skildringar, ekstra interessant. Dei urbane karane kom til eit land som for dei låg utanfor folkeskikken, og dette viser seg då òg i reaksjonane ...