Richard Herrmann på sitt beste – om Mary, Queen of Scots, elles Maria Stuart, som ho heiter hos oss. Det er ikkje enkelt, det som Herrmann driv med; resultatet berre ser slik ut – etter mykje arbeid for å gjere historia og linjene tilgjengelege for folk flest. Og samtidig: Ei stilistisk nyting.
I dette nummeret skriv Martin Nag "Omkring Ibsens Trondhjemstale, 14.6.1885 - en dokumentasjon", og eg har ein studie som eg kalla "Arbeids- og livsglede hos Henrik Ibsen - to sider av same sak?". Og tre artiklar av Ivar Digernes om Henrik Ibsen: "Henrik Ibsen", "Henrik Ibsen og Thranittbevegelsen" og "Ibsen i sammenheng".
Feil og feil - det kjem, meiner eg^i alle fall, an på perspektivet. For å snu på det: Desse folka i Amazonas kunne vel på si side kanskje seie at dei hadde oppdaga dei som kom dit? Det var derfor eg meinte at "la llegada de Colón", altså at Columbus kom dit, er mindre eurosentrisk enn dette med oppdaging.
Eg er einig med deg i at det fekk meir å seie for verdsutviklinga at Columbus kom til kontinentet enn at asiatar og vikingar gjorde det, men vi lyt vel avslutte denne debatten inntil vidare med å seie at vi likevel har ulike perspektiv på 1492. Eg for min del ville ikkje, om eg kom til ein stad der det budde folk frå før, ha sagt at eg hadde oppdaga denne staden.
Til orientering: Eg surra litt med kapitla sist, så det neste avsnittet i dette innlegget har ein del av dykk lese før. Men eg flytte det hit:
Vi går her tilbake til historia om slaven og jenta, som Murillo seier er dramatisk knytt til det som skjer i vertshuset – til forskjell frå forteljinga “Novela del curioso impertinente”: Her kombinerer Cervantes, seier han, (1) historia om barn og far som lenge har vore skilde frå einannan før dei kjem saman att, med (2) forteljinga om hendingar i spansk historie i åra 1567–1574, m.a. ei skildring av livet til dei kristne slavane i Argel, noko som fell saman med dei personlege erfaringane til Cervantes og (3) forteljinga om korleis kapteinen vart fri og Zoraida vart kristen (eit vanleg tema i den typen romanar som handla om muslimar som konverterte). Heile forteljinga tolkar han som ei idealisering av dei åra Cervantes sat i fangenskap og at han kom seg fri i 1580. “Og no er æ just ved poenget,” syng Bør Børson jr. – det var i 1589 eller 1590 at far og son fann einannan att etter å ha vore frå einannan heilt frå 1574, og på dette tidspunktet var det at Cervantes var like gammal som slaven som kjem til vertshuset (noko vi altså hugsar frå sist). Når slaven i kap. XXXIX seier “Éste hará veinte y dos años que salí de casa de mi padre” (“I år blir det tjueto år sidan eg drog frå fedraheimen min”), er dette eit ekko av eit brev som Cervantes skreiv til kongen 21. mai 1590, der han seier at han har tente majesteten i 22 år (“dice que ha seuido a V.M. muchos años en las jornadas de mar y tierra que se han ofrescido de veinte y dos años a esta parte”). I mai 1590 var Cervantes 42 år, og Murillo meiner at han sikkert skreiv forteljinga om fangenskapet nettopp i dette året. Også dette var ein kortversjon av kommentarane. Forteljingar om ein far med tre søner som dreg ut i verda, var forresten vanlege på denne tida, seier Murillo.
Så ser vi at don Fernando skjønner at den don Pedro de Aguilar som blir nemnd av slaven, er broren, som attpå til er sonettdiktar. Ingenting tyder på at dei to sonettane som innleier kap. XL, ikkje skal vere skriven av Cervantes, meiner Murillo, som litt seinare fortel at denne “Klosterbroren”, som Grønvold og Kjær seier, – el Fratín, med kjælenamnet “el frailecillo” – hadde oppført nye festningsverk, var den italienske ingeniøren Giacome Paleazzo, som leidde reparasjonane av festningsverka under Karl 5. og Filip 2. Men Grønvold og Kjær kallar han for Giovanni Palearo. Murillo får støtte av Cervantes-leksikonet, som eg ikkje visste om før eg begynte å undersøkje kven som har rett, Murillo eller Grøvold og Kjær. Fyrst: Her er lenkje til papirutgåva. Google gir ingen treff på “Giovanni Palearo”. Om namna ser like ut, er jo Giovanni (“Johannes”) og Giacome (eller helst: Giacomo) (“Jakob”) to forskjellige namn. Kor mykje dette hjelper oss til å skjønne meir av boka, kan nok diskuterast, ja.
Herren til slaven, “el Uchallí”, hadde som modell ein ‘Ulūŷ ‘Alī, som ikkje døydde få månader før erobringa av Goleta i 1574, men derimot i 1587, opplyser Murillo, som legg til at det var heilt sikkert noko som Cervantes var klar over. Herren vart kalla Uchalí Fartax, som på tyrkisk skal tyde el renegado tiñoso, altså den skurvete, eller skabbete, renegaten. Og ein renegado var opphavleg ein fråfallen kristen, ein som hadde konvertert til islam. Ja, alt heng saman med alt; ein del av oss har jo lese Ibsens Kejser og Galilæer, om renegaten Julian).
Fleire namn: Den venetianske fråfalne Azán Agá, “el más cruel renegado que jamás se ha visto” (ein av dei verste som nokon gong har levd), var ῌasan Bāšā, som vi høyrde om sist, venetiansk renegat og konge av Argel mellom 1577 og 1580, han som gifte seg med Zahra og var herren til Cervantes og ettergav straffa hans tre gonger. Og forfattaren vår nemner forfattaren vår med namn: “un soldado español llamado tal de Saavedra”. Men her i boka møter vi altså ei blanding av historiske rammer og fiksjon i denne forteljinga. Eg skal ikkje gå i detalj; ta det med ro.
Men nemnast bør at det ikkje er kommentert hos Grønvold og Kjær at renegatane forsoner seg med kyrkja – “se reconcilian con la Iglesia”, står det: Når ein renegat kom tilbake til Spania, måtte han nemleg melde seg hos Inkvisisjonen. Attpå til kjem han til min kjære by Granada! Elles forklarer dei ein god del, ser eg, og då gjer vel Worren det same. Grønvold og Kjær skriv at Zoraida seier “Ved Alláh”, men det gjer ho nok ikkje, for ho seier “Gualá” (uttalen er wa-l-lāh), som er arabisk og tyder “Ved Gud”. Men eg synest nok at ein fotnote kunne ha vore på sin plass der slaven viser til den staden der Cava er gravlagd: “en aquel lugar está enterrada la Cava, por quien se perdió España” – ho som hadde skylda for at Spania gjekk tapt (dvs. til arabarar og berbarar). Dette, minner Murillo meg om, viser til segna om grev Julián og kong Rodrigo, som eg faktisk kjenner fordi eg har studert historia til Cervantes sitt land. De kan lese kort om Cava her og lytte til eit intervju (nr. 004) som den engasjerande læraren min, Jørgen Yri, har gjort med ein spansk ekspert her (Yri har ein undervisningsnettlogg som inneheld mykje nyttig stoff for den som er interessert i spansk: kosmikomiko).
Og så var historia om jenta til ende. Slike innslag var vel ikkje uvanlege i riddarromanane, og Cervantes ville vel trekkje inn si eiga tid i fangenskap.
Ja, tredje akt passar veldig godt nettopp som tredje akt: Enkelte tråder blir nøsta opp - og nye blir lagde ut. Det var ei kjensgjerning at enkelte - mange? - reiarar sendte ut skip som ikkje var sjødyktige fordi dei ville ha forsikringspengane. Ibsen hadde utan tvil god innsikt i kva som var drivkrafta for den samfunnsklassa som nå erobra den økonomiske og politiske makta i land etter land. Og alt dette skapar spenning (sjølv om dei to neste stykka blir meir elegante enn Samfundets støtter på dette området ...
FRØKEN HESSEL
Å, disse samfundets støtter!
Ferdig med gjenlesing av andre akt: Synspunkta som Aune representerer, tilhøyrer kanskje ikkje ei heilt anna historie, for det er nettopp perioden med "maskinstorming", som det heiter når arbeidarane går til åtak på maskinane meir enn på bruken av - og herredømmet over! - dei, som skipsbyggjaren vår representerer. Her viser Ibsen samfunnsforholda slik dei var.
Vi som kjenner samanhengen, ser korleis fortida gradvis blir avslørt og korleis Bernick lyt kjempe for å halde på fasaden. Uttrykket "kalkede graver" i fyrste akt var altså så absolutt på sin plass.
'Ein mann gjekk ut og skulle så. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det rann snøgt opp fordi der var så grunt. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kjøvde det. Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre foll, noko seksti foll, noko tretti foll. Den som har øyro, han høyre!'
(Matt 13, 3b-8)
Sjølv om du meiner at du har vorte mistolka: Dette med "kann ein ikkje rekna med å verta teke imot korkje seriøst elder serleg høfleg" kan likevel - slik eg ser det - oppfattast som ikkje å vere i samsvar med dei normene som du sjølv viser til som "høflege termar" for bokelskarar. Nettstaden skal, som vi veit, vere open og venleg, og då kan retoriske spørsmål om den mentale tilstanden til meddebattanten oppfattast som upassande.
Og så har eg eit par sitat frå Platon her.
Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar.
(Matt 10, 16)
ATHENEREN: Om dagen skal ingen drikke i det hele tatt, unntatt for kroppstrening eller som medisin, heller ikke om natten dersom en mann og en kvinne planlegger å avle barn. Man kunne regne opp en rekke andre situasjoner hvor en forstandig og lovlydig person ikke bør drikke vin, så på denne bakgrunn er det slett ingen stat som trenger store vinmarker. Likesom alt annet jordbruk og all matforsyning skulle være regulert, burde spesielt vinproduksjonen være moderat og begrenset.
ATHENEREN: [...] Må vi ikke pålegge barn under atten helt å avstå fra vin? De må lære at de ikke må legge ild til den ild de allerede har i kropp og sinn før de kommer til de alvorlige oppgavene i livet, og at de må ta seg i vare for ungdommelig ustyrlighet. Dernest må de unge under tredve nyte vin med måtehold og helt avholde seg fra fyll og drukkenskap. Men når man er kommet til førtiårsalderen, kan man feire i festlig lag og påkalle gudene. Spesielt skal man tilkalle Dionysos til det som er de gamles rituale og samtidig deres vederkvegelse, som han har gitt menneskene som en hjelp og et botemiddel mot den strenge alderdom. Denne gaven skal gjøre oss unge igjen, få oss til å glemme dårlig humør og gjøre vårt tilstivnede sinn mykt igjen og slik lettere å forme, akkurat som jernet når det stikke si ilden. I en slik tilstand, for det første, ville vel enhver være villig til å synge, eller fortrylle, som vi så ofte har sagt, med større iver og mindre genanse? Og det bør ikke skje for en stor forsamling, men under mindre forhold, og ikke blant fremmede mennesker, men blant venner og kjente.
Og i kveld går Emma i fjernsynet. Merkeleg så godt fjernsynsfolka legg alt til rette for oss bokelskarar for tida ...
Tre år etter hendingane som sette i gang "studentopprøret" gav lokalpatrioten, Ibsen-kjennaren og entusiasten Einar Østvedt ut denne fine, vesle boka om Ibsen som student, Ibsen og Studentersamfundet og Ibsen i konflikt med Studentersamfundet. Ei bok til å lære litt av, til å bli glad for og glad i - her finst mangt og mykje som kastar lys over skodespela ...
Jo, det må bli Pan og "nordlandssommerens evige dag".
Men elles har eg begynt på å lese ein gammal draum - å ta Thoreaus Walden ein gong i året, om sommaren, når eg har betre tid, men helst burde ein lese den boka kvar årstid. Og ein kveld i veka slår eg opp verb og gloser i Cesare Paveses La bella estate, ein roman som eg liker godt - om ein spesiell sommar.
Ingen stader er det veå mykje sommar som hos Astrid Lindgren,kanskje mest når barna frå Bullarebyen fangar kreps!
Elles slår eg eit slag for Nordahl Griegs reportasjar om den spanske borgarkrigen, i Spansk sommer. Særleg for å minne om livet utanfor terassen.
Vi er visst einige om at vitskap kan vere høgst subjektiv og kan utnyttast av ulike retningar. Men det som eg reagerte på, var at du ikkje såg ut til å reagere på det som eg skreiv om ulike holdningar til kva som skjedde i 1492 - det er forskjell mellom å seie at europearane oppdaga Amerika og å seie at dei kom til Amerika. Her er det nemleg tale om ulike perspektiv på den same hendinga. Sjølv i Spania i dag er det vanleg å tale om la llegada de Colón.
Eg synest å ane ein liten diskrepans mellom dei retoriske verkemidla dine og kvaliteten på den sivilisasjonen som du ønskjer å framstå som apologet for.
Dickens - både innhald og stil - blir sikkert opplevd på ulike måtar. Og når eg i tillegg skriv at eg bruker å seie at noko av det fine med språk er at ein kan ta det i fleire rundar, at ein kan konsentrere seg om det som ein skjønner meir enn det som ein ikkje skjønner, har du vel alt oppfatta at eg ikkje kan gi anna enn eit subjektivt svar her:
Eg finn lange setningar med mange innskot og ein del gammalmodige ord i både Great Expectations og f.eks. Oliver Twist, og dei er nok ganske representative for skrivemåten. Slikt kan bli ein vane, kanskje også ein lidenskap, men gleda over stilen hans er nok noko som ein lyt tileigne seg gjennom litt arbeid. Eg truir at eg ville råde deg til å starte med David Copperfield, for der burde handlinga kunne rive deg med.
Og så går det an å gå gradvis fram. Du kan bli kjend med handlinga ved å lese teksta på norsk fyrst - eller kanskje sjå ei filmatisering (om du høyrer med til dei som ser film før du les bok).
Kast deg ut i det - og "Something will turn up!", som det heiter i David Copperfield.