There are very few moments in a man's existence when he experiences so much ludicrous distress, or meets with so little charitable commiseration, as when he is in pursuit of his own hat.
(Agnar Mykle har skrive ei veldig fin novelle om ein kar som spring etter hatten sin. Eit bilete på livet, rett og slett.)
Det er fullt opp av slike replikkar - som (for å ta ein av dei fyrste eg møtte i kveld) "Want to put that 'ere horse up, do ee?" repeated the red-headed man, leaning on his spade." (kap. V). Kva bruker Norum i sliek tilfelle, då? Austlandsdialekt?
I andre akt blir skruen skrudd hardare til: Helmer seier opp Krogstad, og Krogstad kan øve større press på Nora. Når Nora snakkar med Rank, opplever ho noko anna enn når ho snakkar med ektemannen sin: DEi er fortrulege, dei er jambyrdige ...
Legg merke til at Nora ber om at lampa skal setjast inn. Det er samanheng mellom alle scenetilvisingane og temaet i stykket!
Forresten: Eg har lese mykje om Ibsen og dette stykket men eg kan ikkje hugse at nokon har kommentert desse "halvvejs lægekyndige" fruene som Nora seier at ho har omgang med: "Pyt, - når man har tre børn, så får en undertiden besøg af - af fruer, som et så halvvejs lægekyndige; og de fortæller en jo et og andet." Ho tek seg i det; ho rettar på seg sjølv - ho endrar på setninga og seier at det er "fruer" ho får besøk av. Kva hadde ho tenkt å seie fyrst? Og kva er det slike "fruer" veit om anatomi og helse? Driv dei med abort? Er det til dette miljøet (som Regine i Gengangere) at Nora går når tredje akt sluttar? "Jeg spørger helst, ..."
NORA
[...] Det er dog igrunden en jubel, dette her, at gå og vente på det vidunderlige.
HELMER
Men kæreste bedtse Nora, du danser jo som om det gik på livet løs.
NORA
Det gør det jo også.
NORA
[...] Å sæt dig ned og spil for mig, kære Torvald; ret på mig; vejled mig som du plejer.
NORA
[...] Det er jo det vidunderlige, som nu vil ske.
Del tre av den britiske filmatiseringa av Emma er i nett-tv fram til 6.8.
Nei, du kan godt stå over biografien. Men Ackroyd gjer eit poeng ut av at Dickens skriv slik figurane snakkar, som at det engelske ordet for "når" (when) (ja, eg veit at du forstår dette) blir uttala med /v/ og ikkje med /w/. Ackroyd skriv at han òg karakteriserte enkelte av dei amerikanarane som han møtte i USA, på denne måten (ved å skrive slik folk snakka der uttalen avveik frå det som blir kalla standard engelsk).
Dette er tråd for å diskutere Oliver Twist. Sjølv trudde eg i mange år at den GGG-boka som eg las opp att og opp att i barndommen, var ei norsk utgåve av hele romanen. Dette med familieforholda til Oliver var likevel vanskeleg å fatte, så eg skjønte ikkje heilt samanhengen før eg begynte å sjå filmatiseringar. Men i haust skal eg ta heile originalen, ja!
Dette, dette og dette er til no på Bokelskere sagt om boka.
Den felles leseplanen for Dickens ligg her her.
Eg har som sagt bestemt meg for å gjere opp status ein gong i månaden:
For tida driv eg med brennbart stoff: Gaute Heivolls Før eg brenner ned er nok ei bok som fortener den rosen ho har fått, ja! Eg driv òg med ei stor bok om The Native Americans, for å lære meir om ei av barndommens hovudinteresser, og den heilage etiopiske boka Kebra nagast, om kong Salomo og dronninga av Saba. Og i dag skal eg ned til Spania att, for eg skal begynne på andre bindet av Don Quijote - stor takk til annelingua igjen! Eg skal òg til England for å følgje opp mitt eige Dickens-prosjekt: The Pickwick Papers står fyrst på lista. For ei lykke!
Vidare prøver eg å få ei stille stund etter oppvasken der eg fyrst les nokre sider i Thomas Manns Buddenbrooks, deretter litt i Platons samla verk på norsk (for tida bind 8) og så litt i Et dukkehjem, i «Henrik Ibsens skrifter». No som eg har litt betre tid enn då eg studerte spansk ved sida av arbeidet, har eg begynt å repetere Bibelen - og då følgjer eg den liturgiske kalenderen. Så går eg inn i ein snart to tusen år gammal tradisjon. På sundagar slår eg til med å studere tekstene i Vulgata.
Er eg på treningsstudio (to til tre gonger i veka), går av og til ettermiddagstur eller (ein sjeldan gong) arbeider i hagen, har eg med mp3-spelar, og akkurat no går det i tredje bindet av Tolstojs Krig og fred. Når eg køyrer bil aleine, har eg alltid på ei lydbok, og i lydbokverda er eg no i Moskva for mykje over hundre år sidan når eg høyrer på Vinterdronningen av Boris Akunin.
Elles held eg fram med mine faste daglege innslag – og håper å kunne starte med litt sanskrit i løpet av månaden.
RANK
[...] Min arme, uskyldige rygrad må svie for min faders lystige løjtnantsdage.
RANK
Jeg er den miserableste af alle mine patienter, fru Helmer.
HELMER
[...] Men han er en ungdomsbekendt af mig. Det er et af disse overilede bekendtskaber, som man så mangen gang senere i livet generes af. Ja jeg kan gerne sige dig det lige ud: vi er dus. Og dette taktløse menneske lægger ikke skjul på det, når andre er tilstede.
HELMER
[...] Skulde det nu rygtes, at den nye bankdirektør havde ladet sig omstemme af sin kone -
NORA
Ja hvad så -?
Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen.
(Matt 14,25)
'What does P.C. stand for - Peculiar coat, eh?'
-[...] Philosopher, sir?
-An observer of human nature, sir, said Mr Pickwick.
-Ah, so am I. Most people are when they've little to do and less to get. [...]
[...] answered a strange specimen of the human race
That punctual servant of all work, the sun, had just risen, [...].