Skulle gjerne ha gjort det, ja, men dessverre, dessverre, tida strekkje ikkje til akkurat nå.
Bøker i samlinga om Alf Prøysens liv og forfattarskap
Nei, boka handlar nok ikkje om jul, nei - eg las vel ikkje det fyrste innlegget ditt godt nok. Men eg skal lese den boka i jula, tenkte eg.
Den boka finn vi fram kvar jul, ja.
I dag har eg lese II.34:
Hertugen og hertuginna går vidare med å lure riddaren vår, denne gongen når han skal frigjere Dulcinea frå trolldommen. Det står at at det adelege paret tok utgangspunkt i det som dQ hadde fortalt om besøket i hola til Montesino, men vår påpasselege kommentator minner oss om at det var SP som fortalde dette. Så ber det ut på villsvinjakt. Det går fram at dyret som SP reid på, ikkje var hest (W: «Sancho kledde på seg, satte seg på gråskimmelen, som han ikkje ville forlate sjølv om de ga ham en hest»). Ordet gråskimmel står ikkje i dei norske ordbøkene mine, og ikkje i den danske heller, men vi har tidlegare fått opplyst frå sidelinja at gråskimmel er ein soppsjukdom, og søk på nettet fortel meg at ordet blir brukt om fargen på dyr. Kanskje SP hadde eit esel som hadde farge som ein sjuk sopp? Fælt å spøke med han, forresten, redd som han vart da han hang på greina med hovudet ned!
Balladen
De los osos seas comido,
como Favila el nombrado
synest eg G&K klarer best; konjunktivforma seas kjem klarare fram i
Gid du blev til bjørneføde
liksom Favila den store
Enn i Ws
Av bjørner skal du bli spist,
som han med navnet Favila.
Ikkje lett, dette. Linjene er ein maldición, eit bannord eller – som her, ville eg tru – ei forbanning. LAM seier at linjene stod på trykk i i ei samling med slike ord og ordtak frå 1500-talet. Legendene fortel at kong Favila, son av don Pelayo (nei, eg har ikkje hørt om dei, eg heller, men kongen var tydelegvis godo, gotar), døydde rundt 739 i las garras - klørne - på ein bjørn. Hertugen harforresten eit poeng når han seier «La caza es una imagen de la guerra» - jakt er eit bilete på krig, utan at eg blir noko større tilhengjar av nokon av dei to aktivitetane.
SP seier at ein god guvernør bør halde seg heime med brekt bein («el buen gobernador, la pierna quebrada, y en casa»). Kva som er grunne til at G&K set dette opp som eit vers – «En god statholder holder sig hjemme,
går aldrig nogen steder,
brækkker heller benet og nyder hjemmets gleder»
– veit eg ikkje, men kona til SP brukte, seier LAM, dette ordtaket i II.5. I alle fallkjem SP med eit nytt spel, denne gongen bolas, kjegler, ved sida av kortspelet triunfo envidado, som eg står over å finne reglane for. Å styre betre enn ein gerifalte, ein jaktfalk, er eit uttrykk som òg vart brukt i II.32.
Så er vi full gang med ordtak att; hertuginna samanliknar SP med den greske kommandanten, el comendador Griego; LAM opplyser at dette viser til ei samling av ein som var kjennar av hellenistisk kultur. Etterpå diskuterer LAM bruken av ord for årstider, ettersom det står at vi er midt på sommaren (ja, var det enda så vel!), men dette legg vi oss ikkje borti.
Men det gjer vi når W fortel at «[d]ernest hørte man en uendelig rekke med muslimske krigsrop» - visst var det så, men Cervantes skriv kva desse ropa var: «Luego se oyeron infinitos lelilíes», og lelilíes, seier LAM, er ikkje anna enn «lâ Ilâha ill’ Allâh», altså at det ikkje er nokon annan gud enn Allah. G&K skriv og forklarer dette slik: «Et øieblik efter hørte man tusemstemmig maurernes feltrop ‘La-Illah-il-Allah!’», kanskje den beste måten å gjere det på.
Men her blir det alvor. Cervantes seier at det kom ein correo, ein kurer, som G&K da òg skriv, mens W bruker «forridder», som eg aldri har hørt om. Pia med den danske ordboka seier at correo òg kan tyde «narkokurer», men så gale var det vel ikkje. «Yo soy el Diablo,» seier denne bodberaren, og han skal finne dQ: «voy a buscar a don Quijote de la Mancha». Dulcinea, seier han, kjem forheksa saman med den modige – gallardo –franskmannen Montesinos, men i II.35, seier LAM, seier han at han tok feil, for han blanda saman Montesinos og Merlin. Ja, slik kan det gå, når ein ikkje kjenner trollmennene godt nok. Eg synest at dQ svarar godt for seg, for er ein fyrst djevel, bør ein så klart kunne vite at ein står rett overfor nettopp don Quijote av la Mancha. At den same djevelen reagerer ved å seie «En Dios y en mi conciencia» (W: «Ved Gud og min samvittighet»; G&K, noko overraskande: «Ja ved den levende Gud») aukar komikken – særleg når dQ tolkar dette som at det òg i helvete lyt vere gode menneske, buena gente!
G&K skriv fornuftig nok om «Hagars sønner» som skreik «La-Illah-il-Allah!» der originalen har «los lililíes agarenos» (spansk har jo ikkje /h/, så agarenos viser til Hagar, som patriarken Abraham hadde barn med (stamfaren til muslimane). Her er W meir generell.
Her kjem karar med kjerrer. Lirgandeo og Alquife kommenterte LAM i I.43, men det er for seint på kvelden til at eg vil sjå etter. Arcalaus, derimot, er som det blir sagt, ingen annan enn fienden til Amadís de Gaula, men LAM legg til at han – Arcalaus – òg er trollmann, men dette ser vi jo i teksta.
Da rakk eg litt om II.34, og så får vi ta II.35 ein annan dag, før vi gå på neste vekes økt. Dette blir spennande, skal vi tru forfattaren.
Han skreiv kapitla (sikkert fleire om gongen) i hefte. Kor ofte kvart hefte kom ut, veit eg ikkje, og eg veit ikkje i farta om dette gjeld alle bøkene hans eller berre ein del. Ein biografi vil vel gi svaret litt meir nøyaktig, og eg har lese litt om det i Peter Ackroyds bok, men eg hugsar ikkje alt. Eg har oppfatta det slik at heile boka vart trykt etterpå. Dette heiter kolportasjelitteratur.
Ja, Alle dør alene er vel tittelen på norsk.
Ja, den i Inverness er eit paradis. I Edinburgh, langs The Royal Mile, er det ein eigen bruktbokhandel med barnebøker.
Alle som tenkjer som eg, at det ikkje er noka jul utan A Christmas Carol av Charles Dickens, er velkomne med innlegg her, i diskusjonstråden vår! Elles blir det vel Hans Falladas Jeder stirbt für sich allein, håper eg, og kanskje Levi Henriksen eller Frode Grytten - og sjølvsagt Don Quijote ...
Tenkte jeg skulle prøve ut noe. Ga deg en stjerne for interessant innlegg,og da ser jeg at etter en liten stund så kommer jeg opp med bilde. Samtidig ser jeg at det er noen som er uten bilde, og som har sagt noe den siste timen ikke kommer opp. Ser ut til at du er inne på noe der.
Prøv denne.
Skjønner kva du meiner - lett å miste tråden innimellom. Du får ta han i porsjonar, gå litt tilbake, kanskje sjå ei filmatisering, lese litt vidare, titte i ei norsk utgåve, gå vidare ... Dette klarer vi!
Ja, dette museet, ja. Har skrive og klaga, men har ikkje fått svar. Grunngivinga for stenginga var at "Olympic tourists" sommaren 2012 ikkje hadde denne typen interesser. Jeg gjorde museet merksam på at eg ikkje hører heime i denne kategorien reisande.
Kjenner ikkje butikken, og har ikkje lese boka ennå, men kan tenkje meg at den type menneske som Dickens ofte kritiserer, har brukt boktittelen for å tene litt ekstra ...
Takk! Svaret for min del er negativt. Hadde planlagt å dra til London sommaren 2012 i samband med jubileet, men har sett at Dickens-museet er stengt pga. oppussing. Så vi veit ikkje heilt her heime korleis sommaren blir. Men dreg vi til London, kan denne butikken vere verd eit besøk, ja.
Eg synest at dette er ein stor roman, men eg kjenner ein fullt ut litterært oppegåande kar, dr. philos., til og med, som har tenkt akkurat som du. Eg for min del klarte ikkje å fullføre The Golden Notebook ...
Har lese halvparten. Litt opp og ned - trur du har rett.
Takk for påminninga - eg har boka, men hugsar ikkje alt eg har lese ...
Nei, dessverre. Eg har lese Bibelen på nynorsk og bokmål, og den latinske utgåva les eg litt i kvar sundag; i alle fall er dette intensjonen. Dei dei andre har eg plassert som oppslagsverk: Tida strekk ikkje til til anna enn å samanlikne ein del vers i ny og ne, og elles bruker eg dei til å hente fram uttrykk på engelsk, spansk og russisk når eg treng dei i ein samanheng. Oversyn over utgåver av Det nye testamentet kjem seinare.
Her er bøker i samlinga mi med forfattarar frå fleire språkområde.