Ho har lese og likt "Den tomme stolen". Ellers veit eg ikkje om ho har lese noko anna på lista di. Takk for forslag :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er usikker, men trur ikkje ho har lese noko av han. Takk for tips, eg skal formidle dei vidare!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er han med "en mann ved navn Ove", er det ikkje? Den trur eg ho har på leselista. Takk for tips :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er det andre som har gode tips ut i frå dei heller strenge kriteria?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne har eg høyrt om, men ikkje lese. Skal formidle til pasienten :) Takk for tips!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei venninne av meg er på desperat jakt etter litt godt lesestoff. Ein gipsa fot gjer det nødvendig å halde seg i ro dei neste vekene, og rastløysa er allereie starta å melde seg. Akkurat denne bokelskaren er svært kresen når det kjem til bøker, så ho blir glad for tips!
Den vanskelege pasienten likar ikkje krim, triste bøker, romantiske bøker, eller bøker som er for actionfylte. Handlinga bør gå føre seg i notid (utan parallelle fortidshistorier) og på den vestlege halvkule.
Nokon som kan hjelpe?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har lese dei til elevar i 8-10 års alder, og til sonen min på snart 10, og det har fungert bra.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det blir definitivt ikkje vm-helg på meg, men eg har framleis ikkje bestemt meg for kva bok eg skal bruke dagane på. Eg har nett fullført "Den mørke veien" av Ma Jian, og det var til tider verkeleg ein mørk vei. Boka handlar om den kinesiske ettbarnspolitikken, og brutaliteten den blir gjennomført med er grundig og til tider nokså grafisk skildra. På den eine sida er boka både interessant og opprivande, men på den andre sida blir eg ikkje heilt gripen av det overnaturlege/ andelege elementet i historia. Eg har brukt nokre veker på å komme gjennom denne ganske dystre romanen, så eg kjenner at eg er klar for noko anna.
Det er mogeleg at neste bok på lista blir "Skygge over London" av C. J. Sansom, men eg har ikkje bestemt meg heilt enda.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Lars Kepler sin "Stalker" har skremt meg i helga. Eg greier ikkje heilt å bestemme meg for kva eg syns om bøkene om Joona Linna. Eller eg syns jo dei er bra, dei er skikkelege pageturnere, men eg har litt problem med det bestialske innslaget. Det blir nesten for blodig og brutalt. Men lese dei, det må eg :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg les vel i grunn berre romanar, men innan den sjangeren kan eg variere. I periodar blir det mykje krim, andre gonger blir det typisk chick-lit/ dameromanar, nokre gonger føler eg for historiske romanar, og andre gonger veit eg ikkje kva eg vil lese. Eg les aldri lyrikk, biografiar eller faktabøker.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ingen bøker til meg i år! Resten av familien fekk fleire kvar, men eg var dessverre ikkje like heldig. Godt eg var innom biblioteket før ferien!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg likte boka, fordi den gir ei avslutning på resten av serien, men eg syns den blei noko heseblesande til tider.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Held på med "Den mørke veien" av Ma Jian. Boka er interessant, men noko dyster og brutal, så eg greier ikkje å fokusere berre på denne. Så for å bevare følelsen av litt julehygge må eg supplere med noko anna, eg veit berre ikkje kva enda.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, spørs om eg må det :) Det blir nok noken fleire Pingle-bøker på han til jul og, så då har vi jo lesestoff begge to framover :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har ikkje lese dei sjølv, men dei er godt likt av 9-åringen min. Det må jo vere eit godt teikn når guten pløyer gjennom dei 600 sidene i bind 1-3 på knappe 14 dagar. Foreløpig ser det ut til at ungane har arva lesegleda til foreldra, måtte det berre vare!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det varierer litt med humøret, eller evt konsentrasjonen. Nokre dagar vil eg gjerne ha musikk til lesestoffet, andre dagar blir eg forstyrra av det. Eg greier ikkje å høyre på musikk med norsk tekst når eg les, då mistar eg tråden både i bok og musikk.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ja, og eg kan til dels vere einig i noko av kritikken, men totalt sett syns eg bøkene var både spennande, underhaldande og lærerike.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den beste i oktober må bli "På grensen til evigheten" av Ken Follett. Eg har venta lenge på avslutninga av trilogien, og det føltes bra då eg endeleg fekk den i fanget. Boka innfridde forventningane, men eg syns nok at dei to første bøkene var hakket betre. Den siste følte eg var litt for heseblesande til tider, og hovedpersonane var involvert i mange (for mange?) ulike historiske hendingar. Men totalt sett ei god leseoppleving.
Den dårlegaste boka eg las denne månaden var "Huset på stranden" av Sarah Jio. Eg hadde ikkje særleg høge forventningar til denne, utover at det skulle vere ein passe underhaldande dameroman. Men boka var ikkje eit særleg bra eksemplar av denne "sjangeren", og eg las den ut mest på trass.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg skal lese Veronica Roth si bok Opprøreren. Ser ut til å bli passelig godt lesever her på Vestlandet. Skikkeleg vått haustver!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

God helg til deg og! Lesestoffet mitt denne helga blir Divergent av Veronica Roth.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilFriskusenAliceInsaneMetteellinoronillePernille GrimelandGro Anita MyrvangEster STonjePirellisveinKikkan HaugenIngeborgMarit MogstadHanne Kvernmo RyeKaramasov11HeidiMarenConnieFarfalleHilde H HelsethCarine OlsrødRufsetufsaJohn LarsenGrete AastorpHelena ELinnKirsten LundNorahMarieVegardsomniferumMarit HåverstadAnne Berit GrønbechAnn ChristinAlice NordliToveTorKjell PEli Hagelund