Saxegaard skreiv ungpikeserien om Ina. Minst tolv bøker, der alle titlane starta med Ina og hadde minst eitt ord til på i i seg. Eg hugsar bare Ina i Innsbruck, men eg slukte alle tolv på rekordtid då eg var i 12-årsalderen.
Det som er fint med døden, er at man faktisk må anstrenge seg og gjøre noe med livet mens man har muligheten.
Måtte jo ha noko som ein ikkje blei lei av med ein gong den var gjennomlest ein gong. Reknar med eg kunne tygd og kost meg lenge med denne.
Forstår godt at du avbraut. Eg har pressa meg gjennom heile, og tykte det var ei rar bok. Første del var definitivt altfor lang. Tidvis vurderte eg sterkt å avbryte, sidan teksten kjeda meg. Men frå Ødegården og ut tykte eg det var svært godt skrive, historia var fengande, og det gjekk raskt å lese dei to hundre neste sidene. Delar av del to var også fantastisk godt skrivne. Men samstundes var det enkelte parti som var så ufatteleg kjedelege at eg igjen vurderte å avbryte boka. Men å avbryte ei 700 siders bok etter 600 av dei? Det var sjølv for meg så sært at eg pressa meg vidare. Trur nok boka som heile hadde hatt godt av ein redaktør som var flinkare til å seie "kutt!". For dette er ei interessant, viktig og ny historie. Synd at mange fell ut på grunn av dei manglande kutta. Elles ein liten språkleg feil som eg irriterte meg litt over (den dukka nemleg opp fleire stader). Forfattaren har tydelegvis brukt rettefunksjonen i skriveprogrammet sitt til å erstatte ordet sort (i tydinga mørk farge) med ordet svart. Heilt greit. Men det vert litt ugreit når også ordet sort (i tydinga type/slag) vert bytta ut, som på side 553: "[...] vanedyr av verste svart [...]". Lett å bli blind for eigen tekst, så eg skuldar ikkje på forfattaren. Men det finst vel korrekturlesarar på forlaga enno? Kolonkorrekturlesaren burde ha sett dette! Og gjort noko med det.
Eg har bare lese to bøker av Hoem: Mors og fars historie og Jordmor. Sistnemnde er og skriven med utgangspunkt i historien, nærare bestemt Hoems oldemor (eller var det tippoldemor?) som var jordmor. Sterk og god historie. Det er også den delen av boka som er skriven av Tove Nilsen, sjølv om det er nyare jordmorhistorier som ligg til grunn for hennar del. Boka vart utgjeven i samband med 100-årsjubileet til Den norske jordmorforening i 2008 og kan absolutt anbefalast.
Olav H. Hauges Dikt i samling
Både Askildsen og Munro er nemnt (sistnemnde i lenka). Eg seier meg samd i anbefalingane om dei. I tillegg vil eg anbefale Gunnhild Øyehaugs Knutar, som er svært korte og uvanlege, men svært gode, Jens M. Johanssons Bisettelsen har funnet sted, der eit døsfall vert skildra frå ulike synsstader, Etgar Kerets Bussjåføren som ville være gud, underlege, men gode noveller, og til sist Anna Gavaldas Eg vil at nokon skal vente på meg, i kjent munnleg, humoristisk Gavalda-stil.
Håper det smakar!
Takk for tipset! Eg likte godt Mors og fars historie. Liker dessutan godt stemma til Hoem. Må sjekke om Heimlandet. Barndom finst på lydbok.
Etter mi meining gjer du rett i å liggje unna filmen. Eg var sint då eg hadde sett han ferdig. Dårleg! Les heller boka igjen. Eg har lese henne to gonger, og kjem til å ta henne fram igjen - ein gong eg treng å lese noko som bare gjer meg godt...
Boka er fantastisk, både i ord og bilete.
Ei god spenningsbok skal (når ho er ferdiglesen) gje fleire svar enn spørsmål. Også når ho høyrer til i ein serie. Denne gjorde meg litt vel forvirra, sjølv om nokre svar kom fram til slutt. Kan vi håpe på litt meir oppklaring i nummer to, så vil nok aldersgruppa lese.
Samd med deg i både det sære og det morosame.
Denne boka handlar om ei utradisjonell og klok mamma med ein hyggeleg son. Koselesnad for mamma og son her i huset. Vi venta omtrent tre sekund før vi starta med den neste boka i serien...
Som biletbok er denne boka ein småkjedeleg liten sak. Tenk at ei forteljarstemme kan ha så mykje å seie! Lydboka er morosam - også tiande gongen ho går i spelaren.
Lenge sidan eg las denne, men eg hugsar henne som ubehageleg. Og sjølv om eg tykte ho var godt skriven, har eg unngått bøker av Beate Grimsrud etter denne, fordi eg ikkje liker at bøker etterlet seg eit ubehag også etter at dei er ferdiglesne.
Eg skjøner veldig godt at du avbraut. Det burde eg og ha gjort. Denne boka var ubehageleg å lese.
Det er jo så mange gode bøker om dette emnet, men akkurat nå står det helt stilt for meg. Går du inn på f.eks. PsykOpp.no vil du sikkert finne mange titler. Ellers kan jeg anbefale den første av disse (har ikke lest den andre) Åpen
Du har sikkert sett "Et vakkert sinn"? Vet ikke om den er basert på en bok, men den er iallefall basert på en sann historie om en mann med den diagnosen. Det er flere filmer som jeg synes gir gode beskrivelser også, men vet heller ikke om de "stammer fra" bøker så nevner ikke dem her.
Jeg mener å huske at denne boken handler om en dame med flere personligheter (dissosiativ identifikasjon kalles det vel nå; tidligere kalt bl.a. multippel personlighetsforstyrrelse), altså ikke schizofreni.
Slenger meg på med "Den europeiske dødeboken" av Brodin. Mulig hun har flere med samme tema, men jeg har kun lest (og avbrutt) akkurat denne.