Spennande. Notert!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Norske pockebøkert heldt veldig god kvalitet, men no har eg skjekka nokre svenske og dei er jo riktig flotte! Ørlite granne dårligare papirkvalitet kanskje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, det nok eit poeng det med den stabile 99-kronersprisen. Og det med lønsnivået er nok ei del av forklaringa. Las noko på nettet tidlegare (finn det ikkje att no) om at det vart gjort undersøkjingar og kome fram til at norske forbrukarar tålte denne prisauken. Det har dei sikkert heilt rett i - mange nordmenn har økonomi til det meste, ser det ut til.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Som bokelskar med dårleg råd (i norsk målestokk vel og merke, framleis et eg middag kvar dag) har eg i mange år fatta ei særskilt interesse for pocketboka. På sitt beste er pocketboka ei fin trykksak med eigenverdi på sida av den innbundne orginalutgåva.

Då eg var i Sverige for nokre år sida vart eg overraska over prisnivået på dei svenske pocketbøkene, som den gong var på under 50 svenske kroner. Meiner å hugse at dei brukte eit prissystem der ein definerte bøkene innanfor ulike prisklassar; A, B, C, D osv. Meiner òg eg har lese at det vart arbeidd for å få prisen ned også på dei norske pocketbøker. Det har ikkje skjedd. Prisen har i fleire år lege stabilt på 99,- kroner, før forlaga (var det i fjor haust?) brått auka prisen med nær 30 %. Forklaringa er visstnok at forfattarane har fått til ei ny og betre avtale på pocketbøker, og at forlaga responderte på dette med ei solid prisauke.

Når eg no sjekkar litt rundt på svenske nettbokhandlarar ser eg at ein framleis får kjøpt nye pocketbøker i Sverige til mellom 40 og 50 svenske kroner. Kva er årsaka til dette?

Det er sikkert mange her inne på Bokelskere.no som veit meir om dette enn meg. Det kunne vore greit å høyre kva de meiner. Eg tykkjer det norske prisnivået er for høgt, og at den siste auken ikkje kan forsvarast med ei betre avtale for fortfattarane. Anyone?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nye navn for meg. Takk skal du ha, Kristine!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv så pennen kladdar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Notert!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ikkje mangel på anglofili her i garden. Noterer ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jepp! Chandler har truleg påvirka min generelle litteratursmak mykje. Han og Dashiell Hammett. Kule karar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk, Britt - eg noterer!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg fann berre den Tyske utgåva her, men boka kom på norsk på Ascehoug i 1975 med tittelen "Historier fra Bollerup". Den kunne godt kome ut på ny i pocketutgåve, for dette er ei perle av ei lita bok. 12 svært morosame historier frå den vesle nord-tyske forblåste grenda Bollerup, med eit herleg persongaleri i underfundige situasjonar. Lenz som morromann, altså. Steike godt!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Leser gjerne "god gammeldags" krim. Nytt navn for meg dette. Takk for tipset!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har sjekka litt på nettet om Robinson og ført han på lista. Takk for tipset!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

McDermid er notert. Skal sjekke. Wilson har eg lese, veldig bra saker, men eg vart nok ikkje heilfrelst. Takk for tips!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I mitt leseliv har eg lese krim- og spenningsbøker i raptusar. Eg har gjerne kome over ein forfattar som har fenga, lese nokre bøker og deretter gått lei. Raptusar eg kjem på frå barndom fram til i dag er: Hardyguttene, Morgan Kane-bøkene, Allistar McLean, Raymond Chandler, John Le Carré, Agatha Christie, Gunnar Staalesen, P.D. James, Sherlock Holmes, Henning Mankell og den siste, James Lee Burke. Etter Mankell kjende eg meg veldig mett på heile krim-sjangeren og las ikkje krim før eg kom over James Lee Burke. Men han er eg framleis er trufast mot. Han er så god at han nokre gonger minner meg om McCarthy. Mørk og fin. Nåvel. Eg er klar for ny raptus og lurer på om nokon der ute har tips til god krimlitteratur. Eg er ikkje ute etter knallsmarte sjakk-komplott, men gode karakterar og miljø, og gjerne ein dose samfunnskritikk. Eg har sett og likt denne Rebus-serien i fjernsyn, kan Ian Rankin vere noko?








Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, dette er jo ofte kompletistens dillemma; skal ein ha heile serien vert det ofte litt liste- eller bokhyllefyll.

Har sjølv plukka ut nokre forfattra der eg samlar førsteutgåver, men denne dilla vert fort dyr!

Kom på nokre andre seriar eg har komplette: Gyldendals klassiske ungdomsbibliotek "De aller beste" frå 50-åra, Davy Crocket-serien, Hjortefot-serien og Indianerserien.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No snakkar vi vel antikvariske godbitar - er ikkje dette veldig flotte bøker?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, DEN ja. Har eit par titlar, "Irland forteller" og "Indianerne forteller". Fin serie!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Brått ble jeg fyllt av et voldsomt begjær etter å trekke meg tilbake, etter et ubrytelig, endelig klosterliv, grepet av avsky fordi jeg hadde hatt så mange ønsker, så mange håp som jeg i det ytre så lett kunne virkeliggjøre og i det indre så umulig kunne sette min vilje bak. Fra denne triste time stammer beslutningen om å gjøre ende på mitt liv.

  • Senhor Àlvaro Coelho de Athayde, den 20de baron av Teive
Godt sagt! (3) Varsle Svar

Urovekkjande meisterverk om bli åleine i verda.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KLinda PaulsenNils PharoKirsten LundTorill RevheimHeleneÅsmund ÅdnøyHenrik  Holtvedt AndersenritaolineToveLinda NyrudBirkaAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaNicolai Alexander StyveLailaBjørn BakkenBård StøresiljehusmorAkima MontgomeryBeathe SolbergKjerstiHilde Merete GjessingEster STorAmanda ALilleviFrisk NordvestAnn-Kristin RobstadJMerethe SolstadMorten MüllerEllen E. MartolGro-Anita RoenBenedikteAstrid Terese Bjorland SkjeggerudIngunnBerit RIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenThomas Kihlman