Tja, kanskje det, men i utgongspunktet vil jo eg ikkje legge frå meg ei bok, sjølv om den er kjedelig. Når eg vel bøker, så vel eg jo bøker som eg er ganske sikker på ikkje er kjedelige. Utgongspunktet for denne diskusjonen var jo at eg var litt overraska over at så mange verka til å lese kjedelige og dårlege bøker, fordi det gjer sjeldan eg.

Men takk for tipset.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vel, fint at ein kan vere forskjellige. Eg likar best bøkene (som oftast) som har fått gode kritikkar og mange prisar. Siste eksempel er den eg les no, Merethe Lindstrøm si si siste bok. Den har vel vunne begge dei to viktigaste norske prisane, nemleg Kritikarprisen og Nordisk Råds Litt., og allereie etter 30 sider har eg fått wow-følelsen. Hadde neppe lest denne utan dei prisane. Dette er ei virkelig god bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då hadde eg gått glipp av ein av mine beste lesaropplevingane, nemleg "Om forlatelse" av Ian McEwan. Boka var kjedeleg den første tredjedelen, men etter det løyse alt seg og eg innsåg at dette var faktisk ei av dei beste bøkene eg har lese. Etter dette tør eg ikkje legge frå meg ei bok :)

Vel, ikkje heilt sant. Enkelte vanskelige bøker kan eg legge frå meg, men då veit eg at det er tidspunktet som er feil, og at eg skal lese den om igjen ved ein seinare anledning. Eks. "Idioten" av Dostojevskij eller "Ulysses" av Joyce.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skulle ønske eg greidde å gjere det. Har prøvd fleire gonger på heile forfattarskap, men blir lei kvar gong. Er så mange andre eg vil lese. Dessuten treng eg variasjon, både med tanke på sakprosa og skjønnlitt., og med tanke på klassikarar, reiseskildring osv.

Eg les nok for få bøker i løpet av eit år til å makte eit slikt prosjekt. Hadde blitt ein forfattar kvart år då :) Men all ære til deg som greier det. Litt misunnelig der.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Høge forventningar går heilt greitt så lenge boka er god :) Dersom ein blir skuffa, så er det jo fordi boka ikkje var så god som lova. Problemet, slik eg ser det, er ikkje først og fremst at ein blir skuffa, men at ei bok er dårleg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ikkje særleg systematisk, men når eg les bokanmeldelser kjem eg over mange bøker eg vil lese, og eg rekk sjølvsagt ikkje alle. Men det eg unngår er å måtte lese dårlege bøker. Kan hende enkelte synast det er heilt greitt å lese dårlege bøker, men det synast ikkje eg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ser vi er på linje med tanke på kritikkar (med unntak av Amazon. Føler desse er veldig varierande). Brukar ein god del tid til å lese kritikkar og anna litteraturstoff, noko som gjer at eg av og til føler det blir for lite tid til bøkene. Men føler og eg går glipp av mykje god litteratur dersom eg ikkje gjer det. Og det er desse som har leia meg til dei verkeleg gode lesaropplevingane, ikkje via det å lese bokomslag eller tilfeldig komme over ei bok. Og skal det fungere å høyre på andre må ein nesten kjenne til kva litteratur dei likar. Elles blir ein fort skuffa.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

F.eks Thomas Pynchon si bok Mason-Dixon-linjen. Var ikkje klar for det spesielle språket, men eg skal ta den fram igjen, då betre førebudd.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Les sjelden bøker under terningkast fire eg heller. Er nok enkelte gode bøker eg ikkje får med meg når eg berre vel bøker eg trur eg kjem til å like, men slepp å lese dårlege bøker i allefall.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Godt sagt. Enkelte bøker passer no, andre passar best neste månad :)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Veit du om det er eit emne eller tema som går igjen i trilogien?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Såg litt gjennom svara på diskusjonen best/dårlegast bok i april. Det slo meg at mange les bøker som dei synast er dårlege og som skuffa dei. Eg sjølv vel ut mine bøker basert på litteraturprisar, kritikkar og anna omtale. Med andre ord vel eg ofte bøker som eg trur eg vil like, og eg har som oftast rett. Sjeldan eg les dårlege bøker.

Korleis vel du ut bøkene du vil lese, og hender det ofte du blir skuffa?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nei, er det det? Har lest nummer to; "Gift med en kommunist", men var slett ikkje klar over dette. Då får eg lese "Amerikansk pastorale", noko eg hadde tenkt til uansett, men har utsatt pga. at eg ikkje likte "Gift med en kommunist" noko særleg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi legg nok forskjellig meining i lettlest. Når eg snakkar om lettleste bøker tenkjer eg på reine underhaldningsbøker, dei uten motstand og substans. Dei som blir lest "litt for raskt", og som blir gløymt neste dag. Rein tidtrøyte altså.

Til denne kategorien reknar eg (det meste av) krimlitteratur, dame/kvinne-bøker, chic-litt., osv. Hugo er altså ikkje i denne kategorien, sjølv om du blei oppslukt av boka. Med lettlest meiner eg ikkje at ein les boka raskt. Den må vere raskt gløymt og. Og "De elendige" er vel ikkje ei bok du gløymer lett, eller?

Men eg har forstått det slik at andre har ei anna oppfatting av definisjon på lettlest, nemlig at dei likar boka og les den raskt. Men då er jo alle bøker potensielt lettleste, og då fell vel grunnlaget for heile diskusjonen vekk...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Einig med Lindgren, men det er nok skilnad på kva vi legg i begrepet lettleste bøker (ser vekk i frå barne- og ungdomslitt. då desse alltid er lettleste). Når eg snakkar om lettleste forfattarar tenkjer eg på folk som Coelho, Victoria Hislop og andre "kvinnebøker", Da-Vinci-koden, det meste av skandinavisk krim osv. Med andre ord; bøker som er rein underholdning.

Og min påstand er at desse bøkene ikkje vil stå seg. Raskt lest, raskt gløymt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, det er nok vanskeleg å vite kva ekspertane meiner i framtida. Enkelte vil nok først få si genierklæring langt etter sin død, og enkelte vil nok miste den etterkvart som tida går. Men sånn i hovudsak bør vel ekspertane ha litt oversikt. No er det mange litteraturprisar, både i Noreg og utlandet, men det er jo nokon som står fram som viktigare enn andre. Føler nok at det er vanskeleg å samanlikne med Oscartildelinga, då denne ikkje nødvendigvis fokuserer berre på kvalitet.

Barne- og ungdomslitteratur har eg ikkje stor oversikt over, men det er vel ikkje innanfor denne retninga at vi finn våre beste bøker (sjølv om enkelte forfattarar her er geniale og).

Det einaste som er sikkert, og det er du heilt sikkert einig med meg i, er at det ikkje er nokon lettleste bøker som står igjen i framtida som stor kunst :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nei, det er vel berre rettferdigheitssansen min som slår inn. Synast det er viktig at vi er klar over skillet, og at det ikkje snik seg inn ein tanke om at alle bøker er like viktige. Men som du seier: ikkje noko vi skal bruke den innsikten til. Det er nok berre eg som er litt kverulerande :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det viktigaste er jo ikkje kvalitetsforskjellane, men kvar lesar si oppleving av ei bok. Så er einig der. Men føler av og til (kanskje berre eg som føler for mykje) at folk setter likheitsteikn mellom si eiga oppleving av ei bok og kor god boka er. Blir litt rart å sjå i VG at Merethe Lindstrøm får terningkast fem og vinn Nordisk råds litteraturpris (altså kåra til den beste boka i Norden dette året) og så får Nesbø og krimdronningane seksarar i mengdevis, mens dei knapt får ein pris som betyr noko. Men det blir kanskje ein annan diskusjon...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sjølvsagt er det plass til alle, og ingen si oppleving av ei bok er betre enn andre si, men det er ikkje det det er snakk om her. Det er snakk om enkelte bøker er bedre enn andre, ikkje om kvar enkelt lesar si oppleving av ei bok. Og det er så enkelt (og tydeligvis brutalt) at nokon bøker er betre enn andre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kan kvalitet vere subjektiv? Korleis du opplever boka er jo som du seier ei subjektiv oppleving, og det kan jo ingen seie noko på. Du bestemmer kva du synast er bra, det er du som er eksperten der.

Men når ein skal seie noko om kvaliteten på ei bok, så er det noko anna enn di personlige oppleving av ein tekst som avgjer, det er nokre objektive kriterier som må vurderast. Og det kan du sjølvsagt vere med på, men det er nokon andre som er ekspertar på dette området. Dette er bl.a. litteraturvitarar og kritikarar. Og dei sit jo som oftast i komiteane som gjev prisar, som bl.a. Kritikarprisen og Nordisk råds litteraturpris. Derfor er det som oftast dei beste bøkene, objektivt sett, som får desse prisane. Når det er Merethe Lindstrøm som vinn, og ikkje Jo Nesbø, så er det fordi ho skriv betre bøker. Så er det jo sånn at folk flest heller vil lese Nesbø, og det er jo heilt greitt. Og dei fleste vil nok like Nesbø sine bøker betre enn Lindstrøm sine, men det er jo ei anna sak. (Det er jo fleire som les Se & Hør enn Bokvennen, men det er jo dermed ikkje slik ...).

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

AvaBerit B LiePernille GrimelandAnnaKirsten LundLailaIreneleserVidar RingstrømmarvikkisJohn LarsenSigrid NygaardVannflaskeUlf UlvheimLena512Violeta JakobsenTor-Arne JensenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingMarteBerit RRufsetufsaRisRosOgKlagingSynnøve H HoelMorten MüllerHarald KMarianne AugustaKjell F TislevollEvaDemeterMarianneMarensvarteperStig TChristofferIngeborgNorahBenedikteArveIngeborg GEva Gabrielle