Så bra!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, denne boka er veldig god.

Eg har lese spin-off-boka til Bengt Ohlsson, Gregorius også, som fortel heile historia frå Gregorius sitt perspektiv. Det er ganske spennande å lese begge desse bøkene. Eg har kjøpt den siste som kom nå for eit par år sidan, som heiter Fru Helga Gregorius også, men den har eg ikkje lese ennå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Akkurat denne talen har eg ikkje lese, men eg skreiv ganske mykje om Adorno generelt i ein tråd om Jarle Klepp og Adorno nå nyleg. Der finn du i alle fall mange av grunntankane hans, også om lyrikk og samfunn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dersom du har anna morsmål enn norsk og ikkje har fulgt ordinær læreplan i norsk på u-trinnet, dersom du har anna morsmål enn norsk og har meldt deg opp til privatisteksamen i morsmål, dersom du har hatt fritak på u-trinnet og dersom du av helsemessige årsaker treng redusert arbeidsmengde. Men det er bare fritak frå vurdering, ikkje undervisning. Og det er i alle fall eg streng på.

Men det er relativt nytt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har også forstått fritaket slik du skisserer det, som fritak frå vurdering ikkje undervisning. Men eg har fleire med fleirspråkleg bakgrunn, som steilar når eg gir dei nynorsk tekst.

Eg trur ein gjer elevar ei bjørneteneste, viss ein ikkje gir dei utfordringar å jobbe med. Men eg merkar det på mine, at dei ikkje er vande med å gjere dei vanskelege tinga. Heldigvis går det an å slå i bordet med at du går på studieforberedande, og då må du forberedast til studier - og der er det enten eller.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det stemmer at eg jobber i vidaregåande. Det er første året mitt, så eg har ikkje all verdens erfaring, men eg har inntrykk av at det er stor variasjon på elevgrupper. Dei sterkaste elevane mine takla "Til Foraaret", men ikkje "Skyggen" av H. C. Andersen.

Nå kjenner eg ikkje læreplanen for ungdomstrinnet, men på VG2 og 3 skal tekstar frå norrøn tid og fram til i dag lesast i original språkdrakt. Og vi kombinerer det gjerne med litt språkhistorie, slik at vi får integrert det i tekstlesinga (Gå tilbake til Kingo som vi hadde for to månadar sidan, ser du forskjell på korleis han og Wergeland skriv?). Eg opplever at slike oppgåver gjer språkhistorien lettare for elevane.

Men når tekstane blir for vanskelege (som "Skyggen" viste seg å vere), les eg høgt, medan elevane følgjer med på sine kopier.

I nokre klassar er det ei minste-motstands-veg-holdning, særleg på VG1. Men der har eg for eksempel lese Jon Fosse og jobba ein del med teksten. Det var mykje sukking og stønning, men til slutt trur eg dei fleste lærte ganske mykje. På VG1 kan vi heldigvis slå i bordet med at dei ikkje går på ungdomsskulen lenger, og at dei må tåle å få større utfordringar - og at utfordringane blir større neste år. Men det er mange som kjem frå ungdomstrinnet og som blir overraska over at dei må lese tekstar på nynorsk når dei har fritak. Så eg trur ikkje dei har vondt av litt større utfordringar enn dei får, opp gjennom åra.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Den er morsom!

Eg pleier også ofte bla gjennom "People who bought this also bought..." på bookdepository.co.uk, for å få lesetips. Det er jo heller ikkje eksakt vitenskap, men det er ein morsom måte å få tips til ukjende namn som andre som liker det same som meg, liker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er mange klassikarar som blir rekna som "dameromanar". Det er tradisjon for at kvinner skriv om kvinner og for kvinner, medan menn skriv for begge kjønn. Mange av bøkene som er skrive om og for kvinner, er likevel viktige. Og ein klassikar er vel strengt tatt bare ei bok som er skriven for meir enn ein generasjon sidan og som framleis har stort nedslagsfelt. Så svært mange klassikarar har kvinner som målgruppa si.

Det er litt interessant å sjå på forfattaren sitt kjønn, evt. hovudpersonen sitt kjønn og lesevanar. Ta Siri Hustvedt og Trude Marstein, som er kvinner og som gjerne skriv om mannlege hovudpersonar - eg har eit inntrykk av at dei i langt større grad blir lesne av begge kjønn, enn kvinner som skriv om kvinner. Så sjølv om forskninga seier at dei store kjønnskillene i lesarvanar er i ferd med å løyse seg opp, trur eg det framleis er mange menn som ikkje les kvinnelitteratur.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Om denne tida eller frå denne tida?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, denne skulle eg også foreslå! Ho er veldig fin, både som oppslagsverk og som perm-til-perm-lesing.

Om du ikkje har noko imot å lese på svensk, er Göran Hägg si litteraturhistorie også veldig fin.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Karens jul" og "Karen" var med på å etablere leseinteressa mi også. Det var så spennande å oppdage korleis ting kunne skjulast i språket, gjennom desse novellene. Som norsklærar merkar eg at vi ofte diskuterer tekstar og seier "Åh, ikkje "Karen", den er så oppbrukt", også gløymer vi gjerne at desse tekstane er nye og ukjende for elevane. Eg trur "dei store" er store av ein grunn, og det er kanskje derfor dei kan lesast om og om igjen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg les også helst på originalspråket, det vil seie norsk, svensk, dansk og engelsk. For tida prøver eg å lese enkle bøker på tysk, for å trene opp tysken min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Spørsmålet bør vel heller være, "hvilke forfattere bør styre unna å skrive for mange sider". Jeg har min klare mening om hvilke forfattere som sjelden klarer å fylle ut tykke bøker, som godt kunne kuttet ut et par hundre sider i sine fortellinger. Subjektivt selvfølgelig. Tomgangsforfattere kaller jeg de.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Nå som eg les Tårnet av Uwe Tellkamp og er i ferd med å pådra meg store skader i nakke- og skulderregion av å liggje på ryggen å halde boka si vekt opp framføre meg, skulle eg ønske dei ikkje hadde slutta med det.

Men eg har jo fått lesebrettet mitt nå, så problemet er vel eigenetleg løyst, med tanke på at eg framover kjem til å lese mursteinar i eit anna format enn på papir.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er ikkje lenger slik at det er ein del tekster som er pensum på videregående skole. Det er opp til den enkelte lærar å leggje opp eit representativt utval tekstar frå dei ulike periodane, slik at du på VG2 har lese eit utval sentrale tekstar frå norrøn tid til 1870 og på VG3 frå 1870 og fram til i dag.

Når det gjeld "Eivindvig" er det jo veldig Wergelandsk i den forstand at det inneheld mange av romantikken sine sentrale idear og kanskje særleg den guddommelege opphøyinga av naturen, som Wergeland sine dikt ofte er prega av. Men som representant for Wergeland si dikting er diktet langt frå det beste. Viss du skal lese Wergeland, ville eg heller ha satsa på "Mig selv", "Piigen på Anatomikammerset" og "Til Foraaret". "Til Foraaret" passer jo godt på denne tida av året også.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Men jeg digger forsiden!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Joda, jeg humret litt og likte forsåvidt boka. Men savnet en snu av et eller annet slag - dette gikk jo bare akkurat slik en kunne forvente?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

For meg har ikkje lengda noko å seie, så lenge teksten er god på eit eller anna plan. Eg les mykje noveller, og dei kan gi meg mykje sjølv om dei er korte. Men som Hilde S. H. peiker på lenger nede kvir eg meg litt for å begynne på bøker over 600 sider, fordi eg ofte ligg og les, og det å liggje å lese tunge bøker, er ei utfordring. Likevel, eg les dei.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mumler stille noko om Coelho sin filosofi

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Som ein liten digressjon: Det er vel kanskje ikkje noko i vegen med utvikling heller.

Mitt livs største filmoppleving og den kinoturen eg hugsar best, er "Kamilla og Tyven 2". Ikkje fordi det er ein så god film, men fordi det var første gong eg var på kino i heile mitt liv. Eg såg "Kamilla og Tyven 2" om igjen i voksen alder. Det var filmatisk sett ein heilt elendig film.

Er det forresten nokon som har sett "Frida med hjertet i hånden" om igjen i det siste? Eller "Døden på Oslo S"?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikIreneleserErika NMarit MogstadDemeterJane Foss HaugenPirelliTone SundlandTor-Arne JensenSiw ThorbjørnsenEllen E. MartolKirsten LundAnne-Stine Ruud HusevågVariosaHarald KLars Johann MiljemgeToveAlice NordliElisabeth SveeKaren PatriciaBjørn SturødChristinaBeathe SolbergRandiAJarmo LarsenPiippokattaStian AxdalMetteAnneWangFarfalleIngunn SEivind  VaksvikNinaIngeborg GTanteMamieAnniken RøilKristinHeidi HoltanTine Victoria