Takk for tipset, eg var svært godt nøgd med den siste Wheel of time boka som Sanderson fullførte for Jordan, så Mistborn står absolutt på leselista mi =)
Tja eg synes den var heilt grei, tykkje det var spannande å lese ei roman frå eit område eg har lese ein del faglitteratur om. Men dette er vel den einaste skjønnlitterære boka eg har lese frå India, utenom Jungelboken då. Trur eg skal kikke nærare på bøkene i lista di =)
Norsk fantasy er eg ikkje så veldig godt kjent med, men eg har lese den første boka i "Horngudens tale" av Andreas Bull-Hansen, og Amasone trilogien til Ingar Knudsen. Den sistnemnte synes eg var ganske bra. Eg har også lese "Phenomena" serien til Ruben Eliassen, men den rettar seg vel mest mot barn. Ja, også har eg byrja såvidt på "Song for Eirabu" av Kristine Tofte.
Dersom du er interessert i "utenlandsk" episk fantasy seriar, kan eg nemne "Song of Ice and Fire" av George R.R. Martin, "Malazan Book of the Fallen" av Steven Erikson og "Wheel of Time" av Robert Jordan, som er dei fantasy seriane som eg sjølv setter høgast.
Mystisk forsvinning, men takk for tipset. Aldri høyrt om Stephenson, men "The Baroque Cycle" høyres svært interessant ut. Hadde den til og med i e-bok samlinga mi, så her er det glede i gården =)
Oi takk for tipset, har venta på tv-serien i lang tid =)
Eg hadde satsa på at pilotepisoden vart lansert snart, men det vert vel litt venting på den og.
Kanskje knoting er eit nøkkelord? Eg kjenner fleire Bergensarar som har busett seg i heimbygda mi (Nordfjordeid), som har lagt heilt om og pratar nordfjordsk som ein innfødt ;).
Sjølv har eg, i daglegtale, lagt av meg hardcore nordfjordord som "bakkjen" (bakken) og "hekkjen" (hekken).
Eg har også notert meg at bergensarar sliter med å skjønne kva eg meinar når eg ber om å få vatn og påse, så no må eg seie "vann" og "pose".
Kanskje kvifor er eit slikt ord som forsvinner fort når ein skiftar bustad. Det viktigaste i ein samtale er vel å gjere seg forstått :p
Uff no er eg redd eg sporer kraftig av frå den "raude tråden", eg er lei for det...
Det var akkurat det eg meinte Bente. Men eg er nok dessverre ingen lingvist, noko som gjer at eg manglar det tvisynet på at språket endrar seg til det betre. Her må du orsake meg, eg er rett og slett ein av dei nostalgikarane som synes alt var så mykje betre før (under krigen)...
Dessutan favoriserer eg ein del ord og ordlydar til fordel for andre. Til dømes synes eg det er svært leit at den flotte "kj" lyden stadig viker plass for "sj" (meiner i alle fall at eg dette er tilfelle). Som den kverulanten eg er brukar eg ofte å korrigere mine venneres "taleskavankar", utan at det ser ut til å hjelpe, det er noko litt sørgjeleg over utsagnet "hold sjeft".
Eg er enig med deg Guro om at "kvifor" er eit betre ord å bruke i ei nynorsk omsetjing enn "korfor" (sjølv brukar eg begge orda i min daglegtale, alt etter kven eg pratar med). Eg synes kvifor vert meir nynorsk, som er ei langt meir poetisk og vakker målform enn bokmål.
Men Aina har vel eit poeng når ho seier at nynorsken har eit vidare godkjent ordspekter enn "kav nynorsk", og det må ein vel berre finne seg i. Språket vårt er i kontinuerlig endring, og i følgje den siste lingvistikk boka eg bladde i, går ikkje denne utviklinga mot det verre (her er eg sjølv uenig), det er berre ei endring.
Ildfluene
De var den aftenen med ildfluene
da vi sto og ventet på bussen til Velletri
at vi så de to gamle som sto og kysset hverandre
under platantreet. Det var da
du sa, halvt ut i luften
halvt til meg:
Den som har elsket lenge
har ikke levd forgjeves.
Og de var da jeg fikk øye på de første
ildfluene i mørket, knitrende
med lysblink rundt hodet ditt.
Det var da.
Ei flott liste Gro, men eg saknar ei bok på lista di. "Hvit tiger" av Aravind Adiga. Den boka fekk meg til å lengte etter India =)
Tusen takk for kjempemange fine tips. Her var det mange bøker som fristet :)
Ja, som jeg skrev følte jeg heller ikke at begrepet var dekkende. kaptein Corellis Mandolin er veldig innenfor det du søker. Jeg har lest både den og Papillon, hundre års ensomhet har jeg derimot ikke lest. Takk for tipset :)
Jeg foreslår ikke underholdsningslitteratur som begrep, der uttrykte jeg meg nok litt uklart. Det er det begrepet som blir brukt både av branjen, pressefolk og andre innenfor litteratur og forlag. Og det kan man gjerne være uenig i, men det begynner å bli etablert å bruke dette om denne sjangeren. http://www.snl.no/underholdningslitteratur
"Schibsted Forlag kan by på en portefølje som spenner over skjønnlitteratur, generell litteratur, barnebøker, underholdningslitteratur, årbøker, magasiner, tegneserieutgivelser og språkkurs. I tillegg importeres og lagerføres utenlandske bøker, med særlig vekt på engelskspråklig litteratur, reiseguider og gavebøker. "
http://www.dagbladet.no/kultur/2006/11/24/484010.html
Kom på ei anna god bok med litt "episke" trekk. "En by som Alice" av Neville Shute.
Eg leser det meste, trur eg prøver ei av Sandemo først, så får eg sjå om eg finner meg ei "klassisk" husmorsporno bok, med minst "en erotisk scene" seinare.
Skal sjekke ut Tones bokside, takker for tipset.
Hmm det var den einaste episke skjønnlitterære boka eg kunne komme på i farten. Med mindre du også er på utkikk etter episk fantasy, der kan eg nemne fleire ;)
Et veldig godt tips :) Jeg har lest den og likte den.
Det kommer jo helt an på hva man legger i begrepety husmorsporno. Jeg synes ikke isfolket var porno i det hele tatt, og sammenligner man dem med amerikanske underholdningsromaner fra barbara cartland m.m er de temmelig tamme.
Spørsmålet er jo hva du vil lese: en serieroman, en amerikanske kjærlighetsroman etc. Det er veldig mange gode serier der ute. På Tones bokside ligger det en oversikt over flere og du kan se hvordan hun har anmeldt dem.
"Åndenes hus" av Isabel Allende, synes eg er ei fantastisk bok med eit litt "episk" preg over seg.
Interessant. Eg hadde tenkt å prøve å lese ei bok frå "sjangeren" husmorsporno. Den må jo få ein sjangse sidan den har fått så mykje merksemd her på bokelskere. Nokon du kan anbefale =)?
Eg lånte den første boka i Sagaen om Isfolket i går, er dette ei bok som ein kan klassifisere som husmorsporno?