Ingen kvinne med vettet i behold ville heller giftet seg med en mann før han har vist henne hvordan han ter seg i fylla.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

...Annet kunne man ikke vente. Det var så mye man måtte vente, nå som det ytterst uventede hadde inntruffet.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Den har eg lyst på. Mammut?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vil berre seie at Per Qvale si vesle bok "Samarkand, Sarabande, Sarajevo -
24 oversetteriske essays om krig og elendighet" er eit fint tips. Der har du ein oversetjar sine tankar rundt emne du verkar interessert i. God bok.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lese fleire klassikarar!
Og det inneber at eg i alle fall skal lese ei bok av Hamsun. Starta med å lese Hamsun sine samlede, men det har stoppa litt opp. Det må eg få fart på :)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Blei skikkelig nysgjerrig på desse bøkene så det ser ut til at det blir ein tur på biblioteket over nyttår :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har søkt litt, men finn ikkje den på norsk. Les du den på engelsk, eller har du lært deg russisk for å lese på originalspråket :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her var mange bøker som eg har lyst å lese. Har store forventingar til "Moby Dick" og "Haren med øyne av rav". Fint å sjå at dei fall i smak hos deg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Varslar bra. Eg startar på Petterson si no :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Las "Innsirkling" då den kom ut for eit par år sidan. Var absolutt eit høgdepunkt det året. Har kjøpt inn nummer to og, men bestemte meg for å vente med den til den siste boka i trilogien kjem. Då er planen å lese nummer ein opp igjen, og deretter dei to siste. Ser fram til det :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Slike lister skal vere subjektive :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, "Korrigeringer" var absolutt ei god bok. Gledar meg til å lese "Frihet", den står i bokhylla og ventar på tur. Men først er det Petterson si siste. Har store (kanskje for store...) forventingar til den.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du har nok rett i at han karikerer det ville vesten, men samtidig tar han utgongspunkt i tid og stad. Han vekslar mellom begge utan at vi som lesarar heilt veit kva som er kva. Blant anna er Glanton og gjengen hans reelle historiske personer, men McCarthy legg nok til det som passar han.

At karakterane er utan djubde vil eg seie meg ueinig i. Dommar Holden er svært så samansett. At ein så (tydelegvis) opplyst person samtidig kan vere ekstremt rå og brutal viser jo spennet i karakteren. "Gutten" har jo vår sympati, men samtidig søker han opp det brutale livet, som han deltar i. Som det blir sagt av den amerikanske kritikaren Ted Gioia på hans gode nettside om moderne klassikarar:

"Although the unnamed ‘kid” is the ostensible focal point of the story,
McCarthy is clearly far more fascinated by Judge Holden, the
erudite nihilist who accompanies Glanton on his depredations. A
survey conducted by Book magazine in 2002, placed Holden as one
of the fifty greatest characters in fiction since 1900. And with good
reason. The paradoxical behavior of this savage savant serves as the
magnetic center of the novel, and personifies that mysterious
combination of brutishness and scrupulousness that permeates
Blood Meridian."
(http://www.thenewcanon.com/Blood_Meridian.html).

Eg føler ikkje volden er der berre for underhaldinga si skuld (om det er mogeleg at nokon kan sjå på slik brutal vold som underhalding...), men nettopp for å skape kontrast og djubde i karakterane. Korleis kan vi som lesarar vere fascinert av karakterar som begår slike ekstremt avskyelig handlingar? Voldshandlingane er nok med på å skape ei grense, ei grense mellom det VILLE vesten (ikkje ein romantisering av perioden, litt lik romantiseringa av mafiaen i våre dagar) og den siviliserte verden. Det blir og ei grense mellom kaos og orden. Den sterkaste sin rett, slik den kan framstå når mennesket sin ondskap kjem fram til overflata.

Men eg kan absolutt forstå at all volden kan gjere at mange lesarar avbryt boka.

Eg har lyst å lese Leikvoll sine bøker, særleg den første, men eg er litt redd at eg blir skuffa. At det blir nettopp vold utan meining. Men bøkene står på ønskelista mi, så ein gong blir det nok til at eg prøver meg på dei.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, den er god. Har tenkt å lese den opp igjen snart.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har gitt alle dei fire bøkene, pluss Veien, terningkast seks. Vanskelig å seie kva for ei av dei som er best. Kanskje er det Blodmeridianen..... eller Veien. Men alle bøkene i grensetrilogien er gode og. Hmmm.... Blodmeridianen er blodig, men det var vel det ville vesten og. Det er jo gjerne spesielle mennesker som søker det utrygge, og så kjem vi andre etter og oppretter regler og lov og orden.

Grensetrilogien er vel mindre voldsom enn dei to andre. Veldig gode bøker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Klart det må telle å lese klassikarar opp igjen. Det er vel nettopp det som gjer dei til klassikarar, at du vil gje dei høgaste karakter nok ein gong :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Petterson si bok står på lista. Reknar med at det blir siste boka eg rekk før klokkene ringer inn det nye året. Per Petterson er min favorittforfattar (saman med Cormac McCarthy og Hemingway), så den gledar eg meg veldig til. Såg den blei "kåra" til den beste boka dette året av Dagbladet sine anmeldarar, så forventningane er store.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På slutten av året er det tid for lister (eg elskar lister). Då kan ein saumfare avisene for å sjå kva for ei bok kritikarane synast var best i år (Og då veit ein kva ein skal ønskje seg til jul...).

Eg får dessverre ikkje lest nok bøker av dei som blir utgitt i år til å avgje nokon dom i dette spørsmålet, men det får meg til å tenkje over dei bøkene eg har lest i år. Har det vore eit godt leseår? Mange gode bøker? Nokon spesielt gode?

For min del har det ikkje vore spesielt mange gode bøker. Berre to seksarar på terningen. Dei gjekk til Jonathan Franzen si glimrande bok Korrigeringer og til Colum McCann si nesten like gode bok, La verden spinne. Desse to vil eg nok ta med meg inn i det nye året og, dei blir nok ikkje gløymt med det første.

Kva med deg? Kva tykkjer du er den (eller dei) beste boka du har lest i år?

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Hvit tiger av A. Adiga er ei bok som tar for seg kastesystemet og klassereiser på ein god måte. Veldig god bok. Anbefalast!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg les mellom 20 og 30 bøker i året. I år er det eit dårleg leseår pga. småbarn og mykje jobbing, så kanskje bikkar eg tjue stykk (sukk), men det tar seg nok opp igjen om eit par år. Er mange bøker eg har lyst å lese, men som eg ikkje rekk. Merkar eg vegrar meg for å starte på tjukke bøker (600 sider og oppover), har jo lyst å lese meir enn 10 bøker i året :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Jarmo LarsenTone SundlandVanja SolemdalHilde Merete GjessingEllen E. MartolSigrid NygaardSolveigTorill RevheimHeidiEivind  VaksvikTine SundalTurid KjendliePiippokattaDaffy EnglundmarithcTanteMamieLailaStine SevilhaugV. HulbackLars Mæhlumella76Anne-Stine Ruud HusevågFride LindsethBerit B LieToveIngunn SMorten MüllerFrode TangenKirsten LundRisRosOgKlagingTove Obrestad WøienReadninggirl30DemeterLeseberta_23Tone HCathrine PedersenIreneleserStig TVannflaskeJoann