Jada, du får tilbake med same mynt! Men stod der virkelig Snojoball?? Eg har berre lese snjoball tidlegare...
Trur eg syntest den var veldig spesiell - kanskje det kan vere lurt å lese den igjen. Fekk forresten anbefalt Inferno lenger her oppe, så får sjå kva det blir til....
Trur kanskje eg må ha vore ein 12-13 år då ein bibliotekar anbefalte meg å lese "En flyktning krysser sitt spor" - det var nok vel ambisiøst, synest eg.
Men Jantelova har eg aldri gløymt!
Haha...men trur eg ler ein liten, fårete latter ...sidan eg er litt usikker på kor eg skal tolke det....Har du lest Det røde rommet?
Kjenner meg litt tom etter å ha lese siste sida i Guernica. Forteljinga om livet til Justo og Mariangeles - til Miren og Miguel og vesle Catalina gjorde inntrykk. Tragedien i Guernica er nesten ikkje til å fatte - og sjølv om eg har lese om det i fleire historiebøker, så vert det så nært når det vert skildra gjennom personar.
Spesielt godt innhaldsmessig - og også språkleg - er kap om bombinga av byen.
"En eksplosjon kastet henne over ende. Hun løp igjen. Folk slo henne ned. Hun reiste seg, ble slått ned igjen. Hun kravlet videre under røyken som bredte seg. Byen stod i brann. I neste eksplosjon forsvant Alaia Aldecoa".
Også i dei siste kapitla var det høg spenningsfaktor - trur eg til tider heldt pusten... . Og det trass i at eg ikkje alltid heilt forstod kva dei ulike personane som dukka opp hadde med saka å gjere.(Forstod alt til slutt)
Viss eg skal drage fram nokre minus, så synest eg at innhaldet til tider vart vel springande - og at Boling her og der fletta inn vel mykje fakta i forteljinga. Nokre sekvensar der Picasso vart presentert, virka nesten forstyrrande på meg.
Men - boka gjorde inntrykk, og det at eg har sett "Guernica" i Madrid, forsterkar innhaldet!
Trur at eg landar på ein karkakter mellom fire og fem
Kjekt at det ordna seg! :-)
Ok- skal merke meg den. Har ellers Det røde rommet i bokhylla - og er usikker på om eg har lese den. Burde kanskje ha huska det??
At det er Dickensår i 2012 kan ein vanskeleg unngå å legge merke til - iallfall som medl i Bokelskere - men at det også er Strindbergår, DET har gått meg hus forbi. Det er i år 100 sidan Strindberg døydde, og i Sverige vert dette behørig markert. Så kanskje eg skal våge meg på ei av Strindberg også...
Så fint sagt, at eg gjerne skulle ha gitt ei stjerne...
Fordi det er der dei fleste går....
Sterkt!
Takk for det! Håper du får det til du også! Det er så innmari irriterande når ein står fast! :-)
Er i full gang eg her no, det tek berre litt tid, sidan boka er lang, og så greidde eg å slette all musikken eg hadde der....
Det må prøvast....sjølv om eg ikkje akkurat er så teknisk av meg...
Har nokre lydbøker på CD - som eg kan bruke på min mp3 spelar..men, skal snart ut på ei lengre reise, og lurer på om det er mulig å kopiere cd-ane inn på min i-pod? Har prøvd å laste dei ned på pc, men får det ikkje til......
Er snart halv-vegs i Guernica av Dave Boling, pluss at eg henta Du skal elske lyset av M. Skjelbred på biblioteket i går. Og når eg i tillegg skal diskutere Noen kjenner mitt navn med nokre trivelege damer i kveld, skulle eg vere sikra ei god litterær helg! :-)
Så sårt og vakkert! Måtte inn og sjekke i den gamle utgåva eg har av Perler i prosa, og der var det, nesten nøyaktig på sidetal. Skal jammen lese oppatt ein del av dei gamle novellene, trur eg...
Må nesten le litt, lurte på om du hadde begynt å sitere på tysk...Og så var det han Aasen som var ute igjen...
Kafka på stranden var mi første Murakamibok, og etter det er eg ubetinga fan. Er begeistra over det ofte uventa og absurde i bøkene hans. Om du skulle ønske å gi han ein ny sjanse, ynskjer eg deg lykke til!
Artig intro du hadde! Men bøkene er heilt ukjende...spennande !