Klenodium,då kan ein sei! Kjekt med gamle bøker, sjølv om det ikkje er like lett å lese dei. Elles må eg berre bekjenne at det meste av Garborg eg har lese har vore i skulesammenheng, med unntak av Haugtussa som eg les i rett som det er :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Litt av ei samling! Har du lese alle, Kirsten?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er enig i det som vart sagt av Lillevi her; Oliver Twist er ein god start - og sikkert den mest lesne av bøkene til Dickens. Og om du skal lese berre ei, så kan du trygt ta denne.

Historia om Oliver er både rørande og spennande - og ei bok frå si tid! Lukke til!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Litteraturhistorisk har boka ein verdi, og iallfall deler kan fenge: Spesielt historia om Øyvind, Marit og bukken kan nok appellere til yngre lesarar, kanskje aller mest til dei....

Godt sagt! (3) Varsle Svar

...og på nynorsk:

Døyr fe; Døyr frendar; døyr sjølv det same- Men ordet om deg aldri døyr vinn du eit gjetord gjævt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Der har du fått mange perler! Må tilstå at eg berre har lese nokre, og det for lenge sidan.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det får vi berre håpe på! Det ser av og til ut som om nokre aldri lærer!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Trudde det berre var eg som ikkje fekk det til. Vart irritert då eg oppdaga at den boka eg hadde sitert frå, ikkje samsvarte med den boka eg har i hylla. Litt dumt at nokre bøker ligg inne i mange variantar - lett å trykke feil

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Korleis kan eg fjerne eit sitat?

Har hatt litt trøbbel i dag pga same bok ligg inne med mange "utgåver"...så fekk eg etter mykje strev forandra slik at min omtale kom inn på rett bok. Men sitatet eg skreiv får eg ikkje bort. Det gjeld HC Andersen: Eventyr (Den ligg inne med fleire varantar alt etter korleis ein har skrive forfattarnamn etc)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Noko av det aller første eg las sjølv, var eventyra til HC Andersen. Heldigvis har eg ei fin, ny utgåve med nokre av dei beste.

I natt hadde vi overnattingsgjestar, to i "tidleg tenårsalder", og medan vi sat rundt frukostbordet kom samtalen inn på eventyra til HC Andersen. Eg henta boka, slo opp på ei tilfeldig side og begynte å lese Historien om en mor....Det vart mange klumpar i halsen - også hos opplesar - og ei rik stund for oss alle.

Trur kanskje det vart eit godt minne - iallfall for meg-men også for dei to unge, og det var kjekt å sjå at sjølv i vår data-alder kan gamle historier ha stor verdi.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kan ikkje huske å ha sett den, men har sett film for lenge sidan. No har eg anskaffa teaterbillettar, skal sjå Riksteateret i mars. Håper det blir bra...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Les Anna Karenina av Leo Tolstoj denne helga. Ikkje ille, det....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Såg intervjuet med Saviano på Skavlan i går. Det er flott at nokon har mot og styrke til å stå opp mot mafiaen, sjølv om det kostar livskvalitet både for han og familien hans. Men som han sa; hadde han visst, hadde han ikkje gjort det igjen.(Har ikkje lese boka, men intervjuet fenga interessa..)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne står på ønskelista mi....fordi eg har sansen for Eco, og fordi eg også har besøkt gravlunden i Praha...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hadde planlagt å kjøpe minimalt med bøker, sidan eg har så mange gode bøker som står på vent, men- Bokelskere i kombinajon med supertilbod frå Haugen bok førte til at i dag kom desse i postkassa: Et lykkebarn av Thomas Buergenthal, Flaggermusenes by av Dario Fo, En bedre dag i morgen av Ishmael Beah og Sophie Scholl og den hvite rose av Annette Dumbach og Jud Newborn...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for tipset...skal merke meg det :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nei, eg har ikkje lese noke av han...har kanskje gått glipp av noko, då?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den som stod høgst i kurs - ei god stund - var Kafka på stranden. Likte også svært godt 1Q84, som eg las for ikkje lenge sidan. Eg likar det absurde og uventa i bøkene hans - og det at han ofte miksar fakta og fiksjon på ein glitrande måte. Det er annleis enn mykje anna du finn mellom to permar. Trur nok at enten har du sansen for Murakami, eller.....??

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei av mine første Murakamibøker, og medverka til at eg vart temmelig hekta....Likar veldig godt!!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gaudí? Det finst sikkert bøker om han, men eg har berre det som står i mine reisehandbøker..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaNorahEli HagelundHeidi Nicoline ErtnæsVariosaMarianne MSolAlice NordliLena Risvik PaulsenIngeborg GEivind  VaksvikMarit AamdalSigrid Blytt TøsdalBente NogvaLailaReidun SvensliBertyTor Arne DahlBjørn SturødHilde H HelsethStine AskeAnniken RøilIna Elisabeth Bøgh VigreLinda RastenRoger MartinsenHarald KTonje-Elisabeth StørkersenElisabeth SveeStig TTovesveinKorianderTone SundlandSigrid NygaardTonje SivertsenTorTone Maria Jonassenanniken sandvikLars MæhlumTanteMamie