Har lese ca halve boka i dag....fornøyelig!
Skal merke meg den. Med unntak av novella "Att døda ett barn" har eg ikkje lese noko av han.Det er forresten ei svært sterk novelle....
Det gikk slik for seg. Fader Quijote hadde gitt husholdersken beskjed om sin ensomme lunsj og dradd av sted for å kjøpe vin i et lokalt samvirkelag åtte kilometer fra Toboso, ved hovedveien til Valencia.
"Monsignor Quijote" av Graham Greene
I går henta eg "Monsignor Quijote" av Graham Greene og "Drep ikke en sangfugl" av Harper Lee. Men, kanskje dei får vente eit par dagar - må ha noko trivielt etter å ha lese "Rebecca" no.....
"Rebecca" er ein klassikar, og med god grunn! Når eg no las boka, gjekk det opp for meg at eg har lese den før, for lenge sidan, og eg har også sett filmen. Greidde likevel å leve meg inn i uhyggestemninga som pregar historia, og som heilt overskyggar livet til det nygifte paret på vakre Manderley.
Det er spesielt at hovudpersonen er utan namn - ho er den anonyme "jeg" som prøver å tilpasse seg livet som frue nr 2 på godset - medan den avdøde Rebecca pregar Manderley så sterkt at eg som lesar får gåsehud.....
Også fru Danvers medvirkar til meir enn eit grøss...No vil eg prøve å få fatt i filmen(Hitchcock-utgåva), vil gjerne sjå den igjen!
Terningkast: fem pluss
Lesning er for sinnet hva mosjon er for kroppen.
Richard Steele
Ha ei god lesehelg!
tevjar = luktar...når noko tevjar trur eg duftar blir eit for svakt ord..
Huff,ja! Sånn er det...
Her eine dagen hadde eg ein dag med litt dårleg humør, så då gjekk eg inn på ein bokhandel og kjøpte "Flaskepost fra P"- Det hjalp! (men bør eg lese dei andre bøkene først?)
Er elles svært stolt over å ha sletta minst tre bestillingslister på bøker før eg fekk trykt på "Send". No skal mi eiga bokhylle sørge for lesegledene - ei stund!
Den innleiinga som eg aldri gløymer har Karen Blixen ansvaret for:
I once had a farm in Africa....
Men trur at mange også kjenner denne: Jeg drømte i natt at jeg kom tilbake til Manderley frå Rebecca av Daphne du Maurier. Har begynt på den i dag, og gler meg til framhaldet....
LILJEKONVALL (Convallaria majalis) Gjengjeldt glede
Gripande om "Løvetannbarnet" Victoria
Avslutta denne boka i går - og sluttar meg til det som spesielt Anita Ness, men også andre har skrive om boka her inne.
Boka er lettlest, medrivande,gripande - og tek opp viktig tema om barn som har vanskar med å knytte seg til nokon - etter å ha vorte avvist gong på gong.... Det er både godt og vondt å bli mint om dette både for meg, og alle andre som har med barn og ungdom å gjere.
Det var også interessant å få kjennskap til det victorianske blomsterspråket, frå før kjende eg berre til det med raude eller gule roser....
Sjølv trur eg at eg vil utstyre meg med mykje Salvie (Salvia officinalis), og til alle "bokelskere" seier eg takk med ein Liljekonvall.........
Mitt terningkast vart: 5
Fekk lyst til å lese meir av Gabriel Scott - Frå før har eg berre lest Kilden , ei fin oppleving for ei god stund tilbake..
Enig! :-)
Hm..merkelig...di utgåve er registrert som Clochemerle..som absolutt ikkje er med i tittelen på mi bok...
Ser at den er registrert med feil tittel, og veit ikkje kven som kan endre det...
Tittelen er: Et forargelsens hus, og den er registrert på det i tillegg til Forargelsens hus
På bokelskere, finn en bok?? Google ligg vel utanfor sida her?
Et forargelsens hus av Gabriel Chevallier
Prøver å søke opp bok i "finn en bok" - men får til svar at boka ikkje er registrert, og at eg kan legge den til. Det er berre det at boka er registrert - faktisk i tre utgåver, men kan ikkje finne den likevel. Kvifor skjer dette?