Fornøyeleg, velskrive og handlar stort sett om oppveksten på bygda, kjærleiken og forholdet til foreldra. Karakterane er ikkje plaga nok til at det blir veldig djupt. I det store og heile framstår Levi Henriksen iallefall her som veldig tilgjengeleg og folkeleg. Novellene har klar handling og alltid ein tydeleg slutt der mellom anna eit bibelvers poengterer hovudbudskapen. Fornøyeleg. Skal eg lese meir Henriksen? Får sjå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Der sa du det eg tenkte om Lucia--boka hans. Interessant, men av ein eller annan grunn las eg ikkje ferdig. Eg har ikkje lese 1001 natt. Derimot Hvordan elske en far likte eg veldig godt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Flott bok om ei jente som blir ven med ein hund i nabolaget. Etterpå blir hunden pårygga av ein einsam nabo som har mista kona si. Boka er likevel full av håp og gode tankar. Eg las ho ilag med nokre brukarar på jobb- eit godt utgangspunkt for samtale om sorg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No er eg lei Peter May. Den tredje boka om Fin MacLeod på Ytre Hebridane blei etterkvart slitsam. Tidvis banal, platt og med så mange tilbakeblikk at eg ikkje lenger brydde meg nevneverdig. Siste 150 sidene skumma eg mest gjennom. Som lesar vil eg vite meir om korleis det går med sonen til Fin MacLeod og mora, Mersaili, som han elska og sveik som ung mann, og no igjen deler seng med. Men nei, i staden blir vi introduserte til nye vener og intriger frå fortida, med kriminelle element som igjen toppar seg i eit klimaks som iallefall denne lesaren ikkje brydde seg særleg om. På toppen av det heile: etter klimakset får vi servert 5-10 sider der forfattaren endeleg samlar saman trådane frå dei to føregåande bøkene, let MacLeod gå hand i hand med Mersaili og i sentimentale ordelag spør om Fin vil klare å redde forholdet. Kva med å faktisk la boka handle om det du avsluttar med, Peter May?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg likte veldig godt boka hans Å elske en far.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fekk meg til å tenke på Jobs bok. Uansett kva slags elende Gud, eller skal vi kalle det "livet", serverer Job, blir han ikkje bitter og harm, og han forbannar ikkje livet sitt.
Kvifor nokon forbannar livet , og andre ikkje, det er eit godt spørsmål. Men ser ut som om vi har kjent til faren ved det svært lenge.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg anbefalar teaterstykket basert på boka. Såg det for nokre veker sidan.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Einig! Ut ifrå at boka har ingen bokomtaler så synes eg fleire burde sjekke ho ut. Boka er kjempebra!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bok for sånne som meg som synes meitemarkar er fascinerande vesen. Frå eg var liten og fiskegal, og far min og eg grov mark i "ruskedongjen" ved låven før vi gjekk og fiska oppe i elva, har eg digga desse brune skapningane. Amy Stewart går i djupna bokstavleg tala. Vi følgjer Charles Darwin sin fascinasjon for meitemarken, og samstundes tek Stewart oss med på ei reise i dagens meitemarkvitskap. Lesaren skjønar etterkvart at meitemarken er svært viktig for jorda sitt ve og vel, og at dei kan vere uvurderlege mellom anna til å gjere kloakk om til reint vatn og matjord, hente miljøgifter og tungmetall ut frå forureina jord, for sunne skogar og kan til og med vise forskarane korleis regenerere armar og bein. Vi får også lære om ein opp til fleire meter lang meitemark i Oregon som utsondrar ein eim av liljer, i tillegg til mange andre interessante fakta.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har ikkje noko å utsetje på boka. Las ho ut på nokre dagar. Fin oppleving å følgje Julie på livsferda. Boka er lettlesa, med store bokstavar og korte kapittel. Hoem skriv vakkert og poetisk, og klarer ved fleire høve å gjere meg rørt. Takk!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Litt usikker på om eg skjønar dette sitatet. Meinar han at dei som søker smerte og liding i musikk, fordi det gjev gjenklang i eiga smerte, ikke har skjønt at tilveret er absurd? Eg kan vere med på at tilveret ikkje kan forståast, må berre godtakast, men at det ikkje er naudsynt med liding og melankoli og det mørke, er heilt urimeleg. Kva med blues, svartmetall og andre uttrykk der lidinga og smerten er viktig fordi det dempar smerten som alt er innvendig.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Einig! Synd boka berre har ei omtale. Trur dei fleste ville likt ho!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ver.så god!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg las boka for nokre år sidan, men tenkjer innimellom på Anna og skjebnen hennar. Lettlest, men gripande bok om eit menneske som levde på kanten av samfunnet og i ei anna tid.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

For kryptisk og sært. Det vekker ikkje kjensler. Meir som ein botsgang, som å telje sakte ned frå 1000 til 0. Ikkje så rart at Beckett er hylla av litteraturvitarar og intellektuelle. Skjønar at han skildrar noko grunnleggande, men eg synes det er deprimerande, uten at eg eigentlig bryr meg.
Fuglane av Vesaas, til dømes, skildrar noko fundamentalt ved mennesket, og endar i tragedie, men er vakker både i form og innhald likevel.
Les at komiteen var delt då han fekk Nobelpris. Nokre meinte det er ei kunstnarisk øving i depressivitet, andre at det vakre og menneskelege ligg i skildringa av elende.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Bra dikt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kva meinar han med det her:
and it’s nice enough to
make a man
weep, but I don’t
weep, do
you?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Antar fordi du framleis ikkje kan få den personen du vil ha. Hevn basert på sjalusi skil seg vel slik frå god gamaldags gjengjelding der du ikkje har noko anna val enn å kreve att auge for auge og tann for tann. Nokon som har krevd inn ei slik gjeld?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Flott bok! God tidtrøyte, men også ei bok som ved fleire høve drog i hjartetrådane. Forfattaren gjer det enkelt for lesaren ved at vi får vite om hendingar i fortida til etterforskaren, slik at vi allereie kjenner både folk, natur og bygningar på øya når etterforskinga pågår i notid. Særleg ved eit tilfelle på slutten av boka merka eg meg eit slikt "frampeik"
Boka er så godt skriven at eg føler eg omtrent har vore på denne forblåste øya i det Ytre Hebridene.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Lenka er daud.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågMarianne  SkageHarald KFiolToveBertyKaren RamsvikBerit B LieLailaEli HagelundTanteMamieTove Obrestad WøienMarianne TKirsten LundmgePi_MesonG LKristine LouiseTor-Arne JensenDinaTheaTone SundlandLiv-Torill AustgulenStig TAstrid Terese Bjorland SkjeggerudJarmo LarsenVannflaskeNinagretemorBente NogvaCarine OlsrødritaolineReidun SvensliGrete AmundsenKjell F TislevollInger-LiseMarit HåverstadEmil ChristiansenTatiana WesserlingBenedikte