2023
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Bjørn Hatterud er funksjonshemma. Han er fødd med ryggmergsbrokk og har vore gjennom tallause smertefulle behandlingar og operasjonar. Hatterud har vore eit overvektig mobbeoffer og er dessutan homofil. Dette er ei forteljing om ikkje å passe inn, om å vekse opp i Brumunddal og vere avvikar og skeiv på alle vis.
Dette er ei historie om motgang og liding, men inga sørgjeleg historie. Som mor hans har sagt det:
«Eg er så glad du er funksjonshemma. Det har gitt deg pengar frå NAV til studium og tid til å utforske deg sjølv og kva du vil. No kan du arbeide med det du likar, og likevel klare deg økonomisk. Utan funksjonshemmingane hadde du sikkert blitt i Brumunddal og kanskje jobba på posten!»
For Hatterud har funksjonshemminga, homofilien, overvekta og mobbinga vore sjølve billetten til ei klassereise og eit godt liv.
Boka er ein del av serien Norsk røyndom..
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2018
Format Heftet
ISBN13 9788252197594
EAN 9788252197594
Serie Norsk røyndom
Genre Biografisk litteratur
Omtalt person Bjørn Hatterud
Språk Nynorsk
Sider 69
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Eg sit med tårer i augene etter å ha lese denne. I går las eg ferdig den nyaste boka til Bjørn Hatterud, Mjøsa rundt med mor. Då eg starta på denne tynne, vesle flisa av ei bok, fann eg mykje av det same som i den tjukkare nyeboka. Men her finst meir. Som i Mjøsa rundt med mor handlar det om om klassereise, funksjonshemming, homofili og utanforskap. Det som likevel slår meg som det viktigaste ingrediensen, er kjærleik. Kjærleik til mor som har kjempa så mange kampar, kjærleik til far som har måtta arbeide og dermed vore mindre til stades enn han kunne ønske, kjærleik til bror som er ein flink bilmekanikar, kjærleik til morfar som utan spørsmål godtok at han var homofil, trass i at han vaks opp i ei heilt anna tid. Og kjærleiken den andre vegen òg, som eg eg også fanga opp i den første eg las, kjærleiken frå mor, frå far, frå bror og frå morfar. Til sist dukkar også kjærleiken, eller i alle fall aksepten, til seg sjølv og eigen kropp og begrensingar forsiktig opp.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket