Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 22 sitater

Eg kjende lenge på ei redsle for at eg skulle bli ein av dei som kom heim på besøk og trudde dei var noko. Ein som såg ned på dei som vart flytta frå. Eg er framleis redd for det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg voks opp i ei bygd der dei som har flytta inn, er innflyttarar etter tiår, og der dei som har flytta ut, held fram med å vere samtaleemne - fordi dei har flytta ut.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Vi hadde absolutt alt då eg var unge, berre ikkje så mykje pengar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Vi køyrer gjennom Moelv, som har bystatus i dag. Ringsaker kommune, Norges største landbrukskommune gjennom tiår, vart den fyrste i landet med to byar innanfor ein kommune. Den andre byen er Brumunddal.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Utsikta over Mjøsa er knall på starten av vegen, som veltar seg gjennom landskapet som om han går over ein samankrølla bordduk.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Mjøsa er eit landskap som er minst like mykje i meg som rundt meg. Også i Benidorm har eg Mjøsa i sjela, eg har Mjøsa i språket og tankane.

Same kor eg er i verda, ser eg rett på Mjøsa.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Fleire av funksjonshemmingane mine er genetiske og arvelege. Legg til at eg kjem frå ein familie med diabetes, fleire tilfelle av kreft og hjarteproblem, tidleg demens og passe mykje sinnssjukdom. Eg plar seie at eg er ein haltande, genetisk søppelhaug. Ei komplisert sjel i ein komplisert lekam. Å spreie desse tinga vidare har eg ikkje sett på som eit must.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Når ein går slik du gjer, får ein blikk frå folk som ikkje kjenner ein. Måten du går på, får ungar til å peike eller snakke høgt om deg til foreldra. Heile bord på restaurantar kan snu seg etter deg. Når du har stokken, glanar ikkje folk på deg lenger. Stokken plasserer deg effektivt i kategorien skadd eller funksjonshemma. Når folk  har satt deg i riktig kategori, får du gå i fred.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det er eit slags hierarki rundt avhengigheit i samfunnet. Avhengigheit under kontroll, folk som drikk for mykje, sniffer kokain på fest eller et for mykje piller, men klarer å halde på fasade, status og arbeid, dei blir knapt ramma av stigma. Det er fyrst når det blir synleg for alle, at avhengigheita blir stigmatiserande

Godt sagt! (2) Varsle Svar

No er det ikkje lenger den som får i seg nok av mat, som er øvst på rangstigen. No er det dei som klarer å nekte deg sjølv mykje av maten. Der overvekt ein gong i tida kunne vere eit teikn på eit liv i overflod, er det no ein indikator på manglande evne til moderasjon, manglande danning og matkultur. Å ha ein overvektig kropp har for mange blitt eit teikn på at ein mangla sjølvkontroll. Det har heldigvis blitt skammeleg å være rasist i Noreg I dag. Det er sosialt sjølvmord å offentleg gjere narr av nokon med handikap. Samstundes er det framleis heilt ok for mange å påstå at feite folk er ekle

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Hilde H HelsethlittymseBrit HonningsvågNorahAnniken RøilKirsten LundLailaLeseberta_23Anniken BjørnesTheaNinaJulie StensethPer Åge SerigstadHelena EBenedikteEvaanniken sandvikHarald KKaramasov11PiippokattaKserinaAnitaFindusRufsetufsaKristine LouiseAnne Berit GrønbechTor-Arne JensenReadninggirl30TanteMamieOlaugKaren Ramsvikmay britt FagertveitStig TEli HagelundReidun Anette AugustinVibekeMarianne  SkageEinonieLisbeth Marie UvaagLinnAE