Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 23 sitater

(...) ei rekke TV-seriar der rullestolbrukarar på død og liv skal kjempe seg gjennom vill natur. På denne absurde måten skal dei vise funksjonsfriske at krøplingar potensielt er tøffe heltar, sterkare enn vi andre, laga av eit anna materiale. På avvegar i naturen, saman med skogens heltar og villmarkas søner, får rullestobrukarane alle funksjonsfriske til å gape i sjokk. Dei i rullestol kan òg ha eit liv!
Samstundes er det framleis ekstraordinært å gjere bustader, offentlege plassar eller kommunikasjonsmiddel opne og tilgjengelege for alle. Framleis finst det omgrep som rullestoltilpassa, eller tilrettelagt for rullestol, berre fordi alle har tilgang til rommet, tenesta eller opplevinga. Ein må til dømes framleis melde frå på førehand til jernbaneselskapet Vy om ein skal ha med seg rullestol på toget.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det likaste eg visste då eg var veldig liten, var at far bar meg i seng. Kveld etter kveld bar han meg i seng, til det brått var slutt.
Slik er livet. Ein går rundt og er for liten. Så brått er ein for stor. Den vesle glipa då ein er akkurat passe, er ikkje lett å oppdage.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Så var det gubben med blå invalidemoped som hadde protese på eine beinet. Ei venninne av mor fann beinet stikkande opp frå ei veigrøft. Han hadde vore hard på gassen i ein sving. Sjølv hadde han ikkje merka at beinet datt av. Han tok ikkje ting så nøye. Då han skulle bygge seg hus, starta han med uthuset. Då det vart ferdig, flytta han berre inn. Kvar vår byge han seg ny skigard. Om hausten hogg han skigarden ned som ved."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Slik er livet. Ein går rundt og er for liten. Så brått er ein for stor. Den vesle glipa då ein er akkurat passe, er ikkje lett å oppdage

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Pengar betyr mykje i ei livsforteljing

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Livet vi lever har alltid minst to lag rundt seg. Det fyrste er kroppen. Det andre er romma vi ferdast i, enten dei er heimen, familien, arbeidet, den geografiske plassen eller reisemålet. Livsforteljinga vår er flettverket av desse to faktorane. Somme gonger er dei kryssande trådene i dette flettverket lettare å sjå, som den gongen ein var boren i seng for siste gong av ein far.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dei som var i den lågaste enden av rangstigen, fekk stadige påminningar om det. Morfar vart fram til dødsdagen sin fuktig i auga når han fortalde om då skolen arrangerte hopprenn. Han var flinkast og hoppa lengst av alle. Men fyrstepremien gjekk til son til læraren. Lærarsonen var fødd til slike prisar, det var ikkje bestefar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den einaste vegen til anerkjenning og status i eit liv som husmannsson låg i hardt arbeid. Då hadde ein i det minste noko. Ein var ein skikkeleg arbeidskar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Mor fekk aldri jobb på posten. I staden fekk ho og far meg. Eg kravde mykje, så ho vart gåande heime i årevis for å passe meg. Det var alltid noko å gjere med meg. Det var stadige undersøkingar, operasjonar, behandlingar, medisineringar, legetimar og besøk hos spesialistar. Men mor lærte mykje av dette. Ho måtte sette seg inn i eit profesjonelt språk rundt helse, ungar og det å vere annleis.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Om folk som ikkje veit at eg er homo, spør om eg har ungar, hender det seg at eg spøker med dei. Då seier eg at eg og sambuaren min dessverre ikkje kan få ungar. At vi har prøvd og prøvd. Då blir dei så triste i auga. Så bryt eg den triste stemninga med å forklare at sambuaren min, Peder, manglar noko spesialistane kallar livmor. Då ler dei sjokkert. Igjen, det er eit privilegium for homofile å få lov til å vere vulgære på eigne vegner.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Harald KMads Leonard Holvikella76marvikkisTine SundalNina M. Haugan FinnsonYvonne JohannesenAnniken BjørneslittymseOdd HebækKirsten LundGrete AmundsenAnne Berit GrønbechJulie StensethBjørg L.Hilde H HelsethLailaReadninggirl30mgeBirkaNadira SunsetIngeborg GCatrine Olsen ArnesenÅsmund ÅdnøyHelen SkogEllen E. MartolEgil StangelandBjørn SturødTanteMamieJ FIngvild SOlePiippokattaGroTone SundlandAvaIreneleserBertyKjell F TislevollChristoffer