Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Ja, men eg gjer ting berre for å unngå at det skal bli verre. Og verda er ein skandale.
For dei av leserane som ikkje sjølv bakar knekkebrød, og dei som ikkje har allmenn litteraturvitskap i fagkrinsen sin, vil dette kunne framstå som trivielt. Men då kan eg hinte om at sprø, tynne knekkebrød ikkje berre representerer seg sjølve i denne teksten, men snarare tener som bilete på underskrivnes vere eller ikkje vere, som mor, sambuar og framtidig bygdekvinnelagskvinne. Det er derfor det står så mykje på spel.
Men inst inne skjønte eg jo heile tida at det ikkje kunne vare evig. Det var akkurat litt for godt til å vere sant. Og slik skal det jo ikkje vere.