Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 21 sitater

Familien min skulle dei neste ti åra få eit splitta tilhøve til Saddam og regimet hans. Men no i 1980 var Saddam Hussein ei stjerne mellom folk. Etter at han nasjonaliserte oljen, vart Irak eit rikt land. Saddam tedde seg som eigar av landet. Han delte ut store summar av inntektene til folket og byrja å byggja popularitet: Han vitja folk heime. Med eitt kom nokon og banka på døra og bad om å få koma inn. Dei opna døra, og der var Saddam!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då eg flykta, var Irak eit anna land. Irakarane dreiv ap med dei korrupte landa i Midtausten. Folk i Irak såg muting som ein leivning frå den osmanske korrupsjonen. På den tida var Irak eit rikt land. Ein trong ikkje korrupsjon, og straffa for slikt var hard.

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Han gifte seg med ni kvinner i laupet av livet sitt, så han skulle få mange born og bøta for den manglande stønaden frå si eiga stamme med eigne etterkomarar. Men han skipa ei stamme for fyrste gong I Irak som ikkje var tufta på slekt og blod.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Området Kubaisi ligg i, var busett av arabiske nomadefolk. I denne store øydemarka rådde stammetradisjonen sterkare enn lovene til sentralmakta. Mange europeiske reisande meinte at lovløyse og kaos rådde i området, men for folk som budde i ørkenen, var det ikke kaos som rådde, men stammelover og ørkentradisjonar som dei kjende og kjende seg trygge med. Men lovene var ikke tufta på den franske revolusjonen. Mange menneske leid under manglane til stammelova.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det verka som om eg hadde hamna på ein annan klote. Denne smilande mannen kunne ikkje vera ein politimann? Eg hadde aldri sett ein politimann som smiler. I mi verd kan ein politimann smila hånleg til meg, men ikkje eit venleg smil.
Ordet «politimann» er eit skjellsord i kulturen og litteraturen vår.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg ville at heile dette systemet skulle døy – i staden for å liggja hundreår etter hundreår på dødsleiet og torturera menneska år etter år. Denne verda mangla skaparglede som gjorde at ho var ute av stand til å fornya seg. Denne verda hadde gjort meg sjuk på sinnet – og eg ville forlata henne endå om heile familien min budde her.
Eg kjende med fingeren på eit barberblad som låg i jakkelomma. Det hadde eg alt planlagt. Om dei sende meg tilbake frå Noreg, ville eg skjera over pulsåra, slik at eg kom tilbake til Midtausten att som eit kadaver.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det eine arabiske landet kasta meg utanfor grensene sine, og blod og død møter meg med det same. Kven skal eg venda meg til, kvar skal eg gå og klaga, kvar skal finna ly i eit framandt lanbd, utan ei krone i lommene mine? Eg bad til ud:
«Eg er veik og hjelpelaus under di store makt. Eg overlèt lagnaden min i dine hender. Eg er veik og overflødig i denne verda. Kvifor skapte du meg? Til liding og tortur? Er det dette livet du gav meg og som du er stolt av? Eg er ikkje takksam for denne gåva. Ta henne frå meg. Få meg til å sleppa å ta imot gåva di.»

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Himmelen i Midtausten er still og mørk. Då eg såg han i einsame stunder, kjende eg at han saug meg til seg. Ein otte fylte sjela mi. Eg kjende at det var noko gale med skulen eg var på. Særlig då vi etter ei stund tok til å høyra småsladder om dei som styrde skulen.
Trass i den fredelege fasaden var det nesten ein dagleg krig mellom dei som leidde skulen. Skulen vart styrd frå Iran, og iranarar dominerte skuleleiinga, men nokre arabiske turbanar underviste der òg og var misnøgde. Dei meinte at iranarane tente Iran, ikkje Gud, og at den store ayatollaen såg på skulen som business.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg hadde vore eitt år på ein koranskule i Damaskus. Året hadde teke frå meg alle illusjonar om islam. Eg såg på religionen som ein reiskap i hendene på despotar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

AvaIngunnJStig TEgil StangelandFindusLeseberta_23Marianne  SkageHarald KGrete AmundsenHilde Merete GjessingJoakimGeir SundetIngunn SRisRosOgKlagingWencheHilde H HelsethLilleviKarin  JensenAkima MontgomeryJeanetteAnniken RøilVegardGrete AastorpTove Obrestad WøienSigmundAgathe MolvikNora FjelliPiippokattaTonesen81John LarsenCathrine PedersenGodemineKirsten LundKjell F TislevollMarianneNsiljehusmorBeathe SolbergsomniferumMarianne MSynnøve H Hoel