Blekk og blod

ei familiekrønike fra Midtausten og Noreg

av (forfatter).

Dreyers forlag 2016 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.75 (8 terningkast.)

25 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Walid al-Kubaisi fortel i denne boka om Kubaisi-slektas vekst og fall, om oppveksten i Irak og korleis han vart tvinga på flukt og ikkje fekk sjå familien igjen på mange år.

Kubaisi er ein oase vest i Irak. Der har slekta halde til sida byrjinga av 1800-talet. Oldefaren skapte eit velstyrt lite samfunn og seinare vart slekta ei av dei mest kjende i landet - det var ei ærefull tid. Al-Kubaisi skildrar møte med Saddam Hussain på ein kafé i 1978. Ein månad seinare vart mange av slektningane avretta - skulda for medverknad til militærkupp. I 1981 flyktar han frå den fælslege krigen mellom Iran og Irak der broren vart drepen. Flukta går til Syria der han havnar på koranskule. I Libanon vert han rekruttert til PLO og pressa til sjølvmordsangrep. Frå dette helvetet kjem han seg omsider til Noreg. Det skulle gå meir enn tjue år før han klarte å vitja dette området igjen.

Blekk og blod er ein sterk historie om ein mann og ei slekt som vert offer for ein despot, ein religion og ein vond lagnad. Men han byggjer seg eit nytt liv i eit nytt land og kjempar vidare med ord som våpen.

Bokdetaljer

Forlag Dreyers forlag

Utgivelsesår 2016

Format Innbundet

ISBN13 9788282651783

EAN 9788282651783

Genre Personlige beretninger

Omtalt sted Norge Midtøsten

Omtalt person Walid al-Kubaisi

Språk Nynorsk

Sider 211

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 6 2 0 0 0

Bokomtaler

Walid kom til Norge som politisk flyktning i 1986.

I innledninga, side 8 skriver han blant annet disse ordene:

Dette er min tragedie. Og når eg ser livet passera revy og gjer historia til familien nærverande og tenkjer på Iraks historie i dei siste tretti åra, tenkjer eg at menneskeslekta ikkje har lært noko av historia, og at den teknologiske utviklinga manglar klokskap, visdom og humanisme. Det internasjonale samfunnet er ikkje moge enno. Det liknar på eit barn som har ein sporv mellom hendene sine, pressar han, torturerer han og vrid nakken på han, medan barnet leikar og ler av glede. Slik kjenner dagens flyktningar seg som forlèt Midtausten og vender seg til Europa.

Walid al-Kubaisi har røttene sine i Irak. Farsslekta kom fra Kubaisa, som er en oase vest i Irak, der oldefaren hans en gang skapte et etter datiden velstyrt samfunn.
I denne boka skriver Walid om livet til forfedrene, om sine foreldre, søsken, søskenbarn, tanter, onkler og venner, sin egen oppvekst og om da han måtte forlate Saddams Irak for å søke asyl i et fremmed land.
Det er en svært gripende og sterk historie du får lese om i denne boka.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Eg hadde vore eitt år på ein koranskule i Damaskus. Året hadde teke frå meg alle illusjonar om islam. Eg såg på religionen som ein reiskap i hendene på despotar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Vi irakarar liknar på ein fange i ei celle i eit horribelt fengsel. Fangen brukte tretti år på å grava ein tunnel for å røma frå fengslet til fridomen. Han grov og grov på tunnelen i tretti år heilt til han greidde det, berre for å koma til ei anna celle i det same fengslet.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Taksameteret går
Ikke tro at det står
Ikke vei dine valg
på drømmenes vekt
Ikke vent med å elske
til alt er perfekt

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Himmelen i Midtausten er still og mørk. Då eg såg han i einsame stunder, kjende eg at han saug meg til seg. Ein otte fylte sjela mi. Eg kjende at det var noko gale med skulen eg var på. Særlig då vi etter ei stund tok til å høyra småsladder om dei som styrde skulen.
Trass i den fredelege fasaden var det nesten ein dagleg krig mellom dei som leidde skulen. Skulen vart styrd frå Iran, og iranarar dominerte skuleleiinga, men nokre arabiske turbanar underviste der òg og var misnøgde. Dei meinte at iranarane tente Iran, ikkje Gud, og at den store ayatollaen såg på skulen som business.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det eine arabiske landet kasta meg utanfor grensene sine, og blod og død møter meg med det same. Kven skal eg venda meg til, kvar skal eg gå og klaga, kvar skal finna ly i eit framandt lanbd, utan ei krone i lommene mine? Eg bad til ud:
«Eg er veik og hjelpelaus under di store makt. Eg overlèt lagnaden min i dine hender. Eg er veik og overflødig i denne verda. Kvifor skapte du meg? Til liding og tortur? Er det dette livet du gav meg og som du er stolt av? Eg er ikkje takksam for denne gåva. Ta henne frå meg. Få meg til å sleppa å ta imot gåva di.»

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Hagelin - Quislings høyre hånd" av Nina Drolsum Kroglund
  • "Mens orkesteret fortsetter å spille" av Christian Tybring-Gjedde
  • "Jomfruhinner og hijab - hvorfor Midtøsten trenger en kjønnsrevolusjon" av Mona Eltahawy
  • "Balkanisering av Europa - hvordan populisme og innvandring splitter oss" av Sylo Taraku
  • "Norsk islam - hvordan elske Norge og Koranen samtidig" av Mohammad Usman Rana
  • "Terror i Europas hjerte" av Vibeke Knoop Rachline
  • "Saudi-Arabia - sverdet og stemmene" av Ina Tin
  • "Søsken til evig tid" av Ivar Myklebust Longvastøl
  • "Terrorens rike - hvordan en voldelig sekt fra den arabiske ørken radikaliserte islam" av Carl Schiøtz Wibye
  • "Inn i tomheten - dagbok fra Syria" av Samar Yazbek
  • "Da gud ble til - om religionenes utviklingshistorie" av Kjell Kristensen
  • "Kim Jong-un - et skyggeportrett av en diktator" av Sun Heidi Sæbø
Alle bokanbefalinger for dette verket