Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 21 til 30 av 30 sitater

Toget er ein stad mellom Einsemd og
Glømsel då mann (31) finn lappen i
lomma. Det står: Babygrøt. Juice. Mjølk.
Såpe. Han tar til å grine.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det krev styrke å vere mild og snill.
Mødrene gjør alt for andre. Mødrene hører
hjarta slå. Mødrene veit korleis alle hjarta i
huset slår.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Digital kvinne (28) møter digital mann
(29). Saman får dei ein analog son. Dei
forsøker å konvertere sonen, men den vesle
er og blir analog.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Gut (16) har forskansa seg i ein
hettegenser. Situasjonen har vore fastlåst i
to-tre år. Dei får inn mat og drikke, men
guten kjem ikkje ut.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Til slutt er barnerommet så fullt av Hello Kitty-effektar at dotter (5) vaknar opp som rosa pus.
- OEEUU! hyler mora.
- Hello! seier Kitty.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Belieber-bussen har brote saman tolv mil frå Telenor Arena. Politi og psykolog er på staden.
Førebels skadeoversikt:
52 knuste pikehjarte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I alle år har han lege vaken om natta og hørt på den fryktelige snorkinga hennar. No ligg han vaken og hører kor forferdelig stille det er.

Godt sagt! (14) Varsle Svar

I over førti år har han sete med hendene i fanget og venta på lykka. Ein sein kveld reiser han seg, ser inn i spegelen og set seg ned igjen.

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Mann (30) ventar på grønt lys. På andre sida av gata står kvinna han ikkje har sett på fem år, åtte månader og 212 dagar. Så går han over.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Mann (28) har levd som
om kvar dag var den siste.
Då den siste kjem, skulle
han ønske at han hadde
levd meir som om kvar dag
var den første.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeKirsten LundAkima MontgomeryHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol Skipnesgretemor