Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 30 sitater

Hyttepåske. Far (44) spelar ludo med
tenåringsdøtrene, kan ikkje hugse kva han
forventa då han blei far, beit bare at dette,
dette er betre.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ho er sjuk. Han er medisin. Ho har tatt han
morgon og kveld i ei veke. Måndag er ho
betre: - No tar eg deg førebyggjande, seier
kvinne (28).

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Korleis veit dei? Jo, hand som
streifar hand, lår som møter lår. Korleis? Jo,
blikket, pusten, rørslene.
Jente (16) eit. Jente (17) veit.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Leggetid, så nær jul. Kva ønsker du deg?
spør far. Jente (4) tenker, veit at no, ja no
gjeld det. Endeleg svarar ho: Nesten alt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sola stig opp 05:55, mens det er
mørkt ute og snøen fell under gatelysa.
Sola er fire år i dag, ho vil ha på kjole
og ta med is i barnehagen.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Mann i 50-åra elskar kvinne i 40-åra som drømmer om mann i 30-åra som er forelska i kvinne i 20-åra som har bestemd seg for å leve åleine.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Straks våren er her for fullt, skal ha rømme frå sjukeheimen. Han drømmer om å sjå Jæren, Lofoten og Buenos Aires. Han er 91, verda ventar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Gjennom mørke novembergater med mobilar i hendene, blå og lysande alter som folk vender ansikta mot i stille bøn. Ring, ver så snill. Ring.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Håplaust å stå opp. Før var det jobb. Så ungar. Måtte opp. Måtte. No er ho pensjonist og nyforelska. Senga full av kyss. Håplaust å stå opp.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Mann (53), kjend for å snakke rett frå
levra, har snakka så mykje rett frå levra at
levra er stygt skadd. Motvillig snakkar han
frå hjartet.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Sist sett

Hilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H Helseth