Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 23 sitater

...men kanskje mest av alt var eg einsam i 90-senga hans på Torshov i Oslo

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og eg veit ikkje kor langt unna ein kan vere kvarandre før ein sluttar å vere kvarandre sin næraste.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg sneik meg rundt med kolibrihjartet mitt under genseren hans. Tusen slag per minutt når han kom. Heilt stille når han gjekk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

[…] eg er ikkje redd for å fly. Eg er redd fordi eg ikkje veit kven eg skal tenke på om flyet styrtar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein burde passe seg for alt som gir seg ut for å vere fantastisk

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg brukte fleire timar i butikken, for å finne heilt enkle ting som syltetøy og lettmjølk, eg mangle eit språk, eg kunne sjå at blomkål var blomkål, men ikkje uttale det. Så eg gjekk heim og la alle varene mine utover bordet, fann fram ordbok og lærte meg alt utanat, flytta inn i byen ord for ord.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bestemor sa ein gong at Paris er Amors by, sjølv om ho aldri hadde vore der. Ho pleier å seie at livet går så fort. Ein vaknar opp ein dag og ser hendene til ei gammal dame ligge over dyna, i staden for sine eigne hender.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Saknar det allereie, sjølv om eg framleis er her. Som eg innimellom kan sakne menneske eg har rundt meg, fordi eg er redd dei skal forsvinne.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ein gong sa bestemor at å miste bestefar kjentest som å brenne eit bibliotek, og eg såg for meg alle menneske som døyr som brennandre bibliotek, nokon som Bibliothèque François Mitterrand i Paris, nokon som eit bibliotek i ein liten kommune eller som Stockholmds Stadsbibliotek. Det sette seg fast, eg la meg om kvelden og frykta for kor lett det er å brenne papir og kor lett det er for hjartet å slutte å slå.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Han brukte å seie at me berre var mikroskopisk støv i universet. Me låg i senga mi og snurra på globusen min, som eg hadde tenkt å gi til han. Han fortalde meg om verdsrommet. At me, jorda og alt som er her, berre er støv. - Men eg likar tanken på at universet er så stort. Då er det ikkje så farleg lenger. - Nja, me er jo på ein måte fanga her, seier han. - Me kan jo berre reise? - Umogleg å sjå for seg at me kjem oss av denne planeten når den går under. Rommet i seg sjølv blir større, så det blir berre verre og verre å komme seg vekk. - Åh. - Og når alle sjernene brenn opp, så er det ikkje meir energi igjen i universet. Då blir alt mørkt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtBård StøreVanja SolemdalPirelliNikkaPiippokattaBjørg Marit TinholtEmil ChristiansenKjersti SAvaVibekeReidun SvensliPer Åge SerigstadBertyGrete AastorpStig Tchrister hafsten thorsengHeidi LIngunnAmanda AKserinaEllen E. MartolAkima MontgomeryRoger MartinsenKirsten LundHarald KLene AndresenEvaSynnøve H HoelTonjeRisRosOgKlagingJohn LarsenTheaAnn ChristinRandiAgretemorTone HJulie StensethGladleserDaffy Englund