Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
I vedskjulet til bestemor står det alltid ein julenisse, året rundt. På kjøkkenet står radioen på, døgnet rundt. Sånn er ein aldri åleine.
Om eit tre veltar i skogen og ingen høyrer det, vil det då lage lyd?
Om du trur på det, blir det jo sant
Det er sånn det er, seier han. Men det er ikkje sånn det skal vere, seier eg
Og uansett kva eg gjer, om eg reiser til byen eller bygda er eg framleis meg, og eg føler meg einsam når eg er åleine. Som her, i Paris med millionar av menneske rundt meg, eller som fjortenåring i ei småbygd, men kanskje mest av alt var eg einsam i 90-senga hans på Torshov
Du trur du skal vere deg sjølv for alltid, men ein dag har du blitt ei gammal dame, og du kjennner namnet til alle i dødsannonsane i avisa.
Eg skjønnar at alle kveldane eg har vore heime og sagt til meg sjølv at eg sikkert ikkje går glipp av noko, har eg faktisk gått glipp av alt
- Visste du at det finst noko som heiter Parissyndromet? spør Anna. - Nei? - Det er ein diagnose ein gir japanske turistar som kjem til Paris og får alle draumar og illusjoner om verdas vakraste by fullstendig knust
Bygardane er det beste med Oslo, følelsen av å komme inn i ein ny trappeoppgang med ein pose øl, inn i ei leilegheit med store rom, høgt under taket, danse på slitne golv, røyke i vindauget på kjøkkenet. Gå frå rom til rom, danse på do, grine på kjøkkenet, finne nokon å kyss med i gangen
Eg veit ikkje kor langt unna ein kan vere kvarandre før ein sluttar å vere kvarandre sin næraste