Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 21 til 27 av 27 sitater

...og det var stunder der eg sa til meg sjølv at venninnene hennar hadde rett i at ho dyrka si eiga liding, at ho tilbad sjukdommen sin og nytta offerposisjonen han stilte henne i til å bestemme over både meg og andre som stod henne nær.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg kjenner at eg er oppglødd, eg kan nesten ikkje hugse siste gongen eg var så oppglødd, og eg kjenner kor godt det er å ha noko som er så viktig å gjere som det dette trass alt er, kor godt det er å kunne vere til og bety noko for nokon, det å få lov å gi av seg sjølv til andre menneske, det er banalt å seie det, men ein veit ikkje kor sant det er før ein har vorte råka av einsemda, mumlar eg for meg sjølv, ein veit ikkje kor avhengig ein faktisk er av andre før ein har kjent på å vere einsam, mumlar eg, og så ler eg litt, ler av kor banalt det er seier er.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Når det ikkje lenger finst nokon som kan dokumentere livet vårt, når det ikkje lenger finst nokon som kan fortelje dei muntre historiene om kor sta eller morgongretne vi er, når vi ikkje lenger har nokon til å le når vi er morosame eller blir sinte når vi er sure, når vi ikkje lenger har nokon til å minne oss på kven vi er, og når vi ikkje lenger har nokon til å oppmuntre oss til å vere den vi kan vere, da går vi i oppløysing og blir borte.

Godt sagt! (14) Varsle Svar

Det å opne seg for og ta imot ny kunnskap var det same som å innrømme eit nederlag for henne, virka det som. Alt det ho ikkje visste eller kunne, såg ho på som ein trussel og som ei påminning om at ho ikkje var god nok, og ikkje som kjelde til eit rikare liv.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Mamma kjente dei fleste som pla vanke der i huset, og ifølge henne var det en patetisk gjeng med middelaldrende menn som ein gong hadde drømt om å bli musikarar, malarar og forfattarar, men som var enda opp som drikkfeldige ungdomsarbeidarar eller vikarlærarar i norsk og musikk, og som sikkert følte seg både yngre og litt mindre mislykka når dei kunne belære tenåringar som deg og Jon og Silje.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Få meg eit kyss sa mamma lågt, og då eg bøygde meg ned og kyssa henna, hørte vi et langt æææsj frå deg oppe på trappa. Eg hører det for meg, David, eg hører og ser det for meg, og det får meg til å tenke på at kjærteikn forplantar seg gjennom generasjonane. Når du ein gong kyssar kona di og er god mot henna, så liker eg å sjå det som eit ekko frå da eg kyssa mamma og var god mot henne, og når du ein gong brer dyna over det som er barna dine og kyssar de forsiktig på kinnet, så liker eg å sjå det som ekko frå dei kjærteikna eg og mamma gav deg den gongen du var liten og skulle legge deg. Det er slik eg håper å leve vidare på denne jorda, gjennom kjærteikna eg gav deg og andre, alt anna som måtte vere igjen av meg, bryr eg meg ikkje om.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Der mor mi og mor di kom ifrå hadde ei husmor krav på anerkjenning når ho heldt det fint i huset, og mykje av sjølvrespekten stod og fall på at ektefelle og naboar og andre viste ei slik anerkjenning. Når mamma hadde vaska, for eksempel, sette ho aldri nalen og bøtta og vaskefilla tilbake i skapet der det skulle stå, ho stilte alltid nalen opp mot vegge i entreen, plasserte bøtta ved sia av og hengte den fuktige vaskefilla over kanten, og der vart det ståande til neste dag, slik at alle som kom innom skulle hugse på å kommentere den friske lukta av grønsåpe eller seie andre ting som anerkjente mamma som eit pliktoppfyllande og hardtarbeidane kvinnfolk.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaHeidiLinda NyrudTheaIngvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil Stangeland