Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 27 sitater

Du var skarp og skuleflink, men nokon praktikar var du verkeleg ikkje. (...) ..og når du endeleg sa deg ferdig med eit arbeidsstykke, var det ofte at eg måtte gjere alt saman på nytt etter at du hadde lagt deg. Eg fann på mange rare forklaringar på kvifor ting ikkje såg akkurat like eins ut når du kom for å sjå dagen etter. (...) Men av og til gjennomskoda du dei kvite løgnene mine (...) ..eg så godt at du var lei deg, og eg prøvde naturlegvis å gjere det godt igjen ved å behandle deg som likemann og arbeidskompis. Kva trur du? kunne eg spørje. Bør vi ha eitt eller to strøk på karmen? Eitt, kanskje. Njaa, sa eg, eg drog litt på det og gav deg tid til å endre meining. Nei, vi må kanskje ha to, sa du. Ja, veit du, eg er sanneleg einig, sa eg. Eg trur også at vi må ha to!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mens Arvid og Berit og heile det kristne miljøet verdsette det å vise sjølvkontroll og aldri la seg rive med, var det akkurat motsett her; det einaste som ikkje vart vel mottatt, var mangel på glød og interesse for det som vart diskutert. "Herren liker deg varm eller kald, er du lunka, så spyttar han deg ut," som ateisten Oddrun brukte å seie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

-Å, herregud, sjå dei fine auga, seier mamma, og så snur ho seg mot meg, rekker meg bildet. -Sjå, Jon! seier ho. -Sjå kor fin han er!
Eg tar i mot bildet med ein litt likeglad handbevegelse, hatar meg sjølv idet eg gjer det, vil ikkje vere slik, men eg blir slik likevel, vil vise interesse, men eg greier det ikke, ser på bildet (...), ser på han med eit raskt og litt uinteressert blikk, og så gir eg bildet tilbake igjen.
-Mm, seier eg berre. Vrenger seg i meg idet eg seier det, vil ikkje vere slik, men det blir berre slik. Og dei andre ser på meg, ser tvers gjennom meg. Og eg kjenner skamma gløde, det blør i meg, og eg tviheld på smilet, prøver å late som ingenting, men eg får det ikkje til...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Einarane trur det er berre deira forteneste at dei har lykkast, og taparane trur det er berre deira feil at dei har mislyktes, seier eg, bryt han berre av, gir meg ikkje, veit at eg dummar meg ut endå meir, men eg gjer det likevel, greier ikkje la vere.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Han er av den typen som rett og slett ikkje kan fatte at nokon kan velje å lese framfor å snakke, og han trur nok at han gjer meg ei teneste kvar bidige gong han forstyrrar meg, han trur eg les fordi eg kjeder meg og ikkje har noko anna å gjere, og så skal han liksom redde meg ved å vere sosial

Godt sagt! (1) Varsle Svar

men eg hugsar at eg sa at eg var glad i deg.Eg hadde aldri sagt det før, og eg hugsar fortsatt kjensla av å stå der og nettopp ha sleppt dei orda ut av munnen. Eg har aldri hatt barn, og eg kjem sikkert aldri til å få barn heller, men om eg skal forsøke meg på å vere poetisk, kan eg seie at å sleppe akkurat dei orda ut av munnen, var omtrent det same som når ei mor slepp barnet sitt ut i verda, og ho står der og håpar at folk tar vel i mot det og behandlar det godt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det var eit liv uten jubel og magi, eg overlevde meir enn levde på den tida.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

(...) men eg hugsar eg sa at eg var glad i deg. Eg hadde aldri sagt det før, og eg hugsar enno følelsen av å stå der og nettopp ha sleppt dei orda ut av munnen. Eg har aldri hatt barn, og eg kjem sikkert aldri til å få det heller, men om eg skal forsøke meg på å vere poetisk, kan eg seie at å sleppe akkurat dei orda ut av munnen, var omtrent det same som når ei mor slepper barnet sitt ut i verda og ho står der og håpar at folk tar del i mot det og behandlar det godt. Og det gjorde du. "eg er glad i deg, eg òg" sa du, og fordi du mislikte store ord og følelsar, og fordi eg var så glad og rørt akkurat da at eg var redd for å øydelegge alt saman ved å seie noko som du ville oppfatta som pompøst eller patetisk, sa eg ikkje meir på ei lang stund.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Ho tar ut to vinglas eg ikkje har sett før, raudoransje, slanke glas, dameglas, slike som kostar tre hundre kroner stykket og er lagd av eit middelaldrane kvinnfolk med ein øredobb.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg løftar det eine augebrynet litt opp på panna, eg prøver å sjå konsentrert ut, stirar ned i boka og er liksom opptatt med å lese, men Eilert tar ikkje signalet denne gongen heller, eg hører korleis han kremtar og renskar halsen, korleis han førebur seg på å seie noko igjen, han er av den typen som rett og slett ikkje kan fatte at nokon kan velje å lese framfor å snakke, og han trur nok at han gjer meg ei teneste kvar bidige gong han forstyrrar meg, han trur eg les fordi eg kjeder meg og ikkje har noko anna å gjere, og så skal han liksom redde meg ved å vere sosial [...]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Stine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-Lise