Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 181 til 190 av 190 sitater

Så arbeidde Jakob i sju år for Rakel. I hans auge var åra som nokre få dagar, så glad var han i henne.

(1 Mos 29,20)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

'Det er røysta hans Jakob, men hendene hans Esau.'

(1 Mos 27,22)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg skal gjera ætta di tlrik som stjernene på himmelen.

(1 Mos 26,4)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

[...] Fordi du gjorde dette og ikkje sparte din einaste son, vil eg velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik som stjernene på himmelen og som sanden på havsens strand.

(1 Mos 22,16f.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så førte han Abram ut og sa til han: 'Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan telje dei!' Og han sa: 'Så takrik skal ætta di bli!'

(1 Mos 15,5)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg lèt ætta di bli som støvet på jorda. Kan nokon telje støvet på jorda, skal di ætt òg kunne teljast.

(1 Mos 13,16)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Heile verda hadde same språk og same ord. 2 Då dei braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der. 3 Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med. 4 «Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!»
5 Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde. 6 Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og eitt språk har dei alle. Og dette er det første dei gjer! No vil ingen ting vera umogleg for dei, same kva dei set seg føre. 7 Kom, lat oss stiga ned og forvirra språket deira så den eine ikkje skjønar den andre!» 8 Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen. 9 Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren språket for heile jorda. Og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda.

(1 Mos 11, 1-9)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Noah tok til å dyrka jorda, og han planta ei vinmark. Då han drakk av vinen, vart han full og kledde av seg inne i teltet sitt.

(1 Mos 9, 20-21)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så sende han ut dua for å sjå om det hadde vorte mindre vatn på jordoverflata. Men dua fann ingen stad der ho kunne kvila foten sin, og vende attende til han i arka, for det stod vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne inn til seg i arka. Han venta sju dagar til og sende så dua ut att frå arka. Då det leid mot kveld, kom dua til han. Og sjå, ho hadde eit grønt oljeblad i nebbet. Då skjøna Noah at det hadde vorte mindre vatn på jorda. Og han venta endå sju dagar. Så sende han ut dua, og då kom ho ikkje att til han meir.

(1 Mos 8, 10-12)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var kjempar på jorda i dei dagane, og sidan òg. For gudesønene gjekk inn til menneskedøtrene, som fødde dei born. Dette er dei mektige frå eldgammal tid, dei namngjetne.

(1 Mos 6,4)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Cathrine PedersenAlice NordliKirsten LundKaren PatriciaTine SundalKarin  JensengretemorEvaMarianne MSynnøve H HoelIna Elisabeth Bøgh VigrekriraGunillaThereseRisRosOgKlagingHelge-Mikal HartvedtBjørg RistvedtLisa Chatur VestbyPrunellaElisabeth SveeGrete AastorpMangosaft45Lars MæhlumtuhamreHelena EHeidi LMarit AamdalBjørg L.Nina J.B.Jarmo LarsenBjørn Sturødellinoronilleingar hAnneWangPiippokattaAvaedgeofawordJan-Olav SelforsEllen E. MartolLars Johann Milje