Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 161 til 170 av 190 sitater

kjærleik løyner alle synder.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ein klok son er til glede for far sin,
men ein tåpeleg son er mor si til sorg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Høyr, Visdomen ropar,
forstanden lyfter si røyst.
Visdomen stiller seg på toppen av høgdene,
ved vegen, der stigane møtest.
Ved portane inn til byen,
der folk går inn, ropar ho høgt:
Eg ropar til dykk, de menn,
mi røyst når ut til menneska.
Lær dykk klokskap, de urøynde,
få forstand i hjartet, de dårar!
Høyr, eg talar om det som er edelt,
frå leppene mine kjem ærlege ord.
Tunga mi talar sanning,
og leppene avskyr urett.
Kvart ord frå min munn talar om rettferd,
dei er ikkje svikefulle og falske.
Dei er gode for den som forstår,
og rette for den som finn kunnskap.
Ta imot mi formaning heller enn sølv
og kunnskap framfor utvalt gull.
For Visdomen er betre enn perler,
av alle skattar er ingen som ho.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Høyr etter, born,
når far formanar,
lytt, så de vinn forstand!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Son min, ta vare på klokskap og omtanke,
slepp dei ikkje av syne!
Dei skal vera til liv for deg,
ei vakker kjede om halsen.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Kor lenge skal de vitlause elska vitløysa?
Kor lenge skal spottarane nyta sin spott
og dårane hata kunnskap?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

1 Mennesket, fødd av ei kvinne,
lever kort og er fylt av uro.

 2 Det spirer som blomen og visnar,
      flyktar som skuggen, står ikkje i ro.

 3 Likevel held du auge med det,
      du stemner meg for din domstol.

 4 Kan det koma ein rein av ein urein?
      Nei, ikkje ein einaste.

 5 Når dagane til mennesket er fastsette,
      når du har bestemt månadstalet for det,
      sett grensa det ikkje kan bryta,

 6 vend då blikket bort og lat det vera,
      så kan det gleda seg ved sine lånte dagar.

 7 For eit tre finst det håp:
      Blir det felt, veks det opp att,
      det skal ikkje mangla friske skot.

 8 Om røtene i jorda blir gamle
      og stubben morknar i støvet,

 9 så spirer det på nytt ved eimen av vatn,
      set skot som eit nyplanta tre.

10 Men når mannen døyr, er det ute med han;
      når mennesket går bort, kvar er det då?

11 Slik vatnet forsvinn frå sjøen,
      slik elva minkar og tørkar ut,

12 slik ligg mannen og reiser seg ikkje.
      Han vaknar ikkje om så himmelen forgår,
      han står ikkje opp frå søvnen.
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Som dine dagar er, skal din styrke vera.

(5 Mos 33,25)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Når du slår ned oliven, skal du ikkje plukka greinene reine etterpå. La innflyttaren, den farlause og enkja får det som er att. Når du haustar vinmarka di, skal du ikkje sanka dei druene som heng att. La innflyttaren, den farlause og enkja få dei. Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt.

(5 Mos 24,20-21)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Du skal ikkje vrengja retten for innflyttarar og farlause og ikkje ta kleda til ei enkje i pant. Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt, [...].

(5 Mos 5,17-18)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Stig TsveinHarald KKaren RamsvikKirsten LundKari FredriksenOlaugChristofferGroNinaVannflaskeHanne Kvernmo RyeOle Jacob OddenesJulie StensethMonica CarlsengretemorStine SevilhaugRonnyArne SjønnesenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMagni SkoftebyChristenFride LindsethmarithckriraEgil StangelandVioleta JakobsenMarit MogstadTralteKnutMAnneWangKuboaaElin SkjerengIreneleserBerit B LieTerje MathisenIngeborg GDaffy EnglundAgnete M. HafskjoldReadninggirl30